Hopp til innhold

Døtrene hennar er for gamle – aleinemor går glipp av 15000 kroner i barnetrygd

Barnetrygda har aldri vore viktigare for eineforsørgar Ingrid Heggland. Ho meiner at ho med dagens reglar går glipp av sårt trengde pengar. Redd Barna krev at Arbeidarpartiet aukar barnetrygda.

Ingrid Heggland har fått redusert inntekten sin etter å ha blitt AAP-mottaker for om lag et år siden. Da ble det ekstra merkbart at barnetrygda for barn på døtrenes alder er i den lave enden av skalaen.

Ingrid Heggland kjenner det på kroppen at det er eit stort gap mellom barnetrygda og dei faktiske utgiftene til å vera forelder. Hennar lille familie på tre prøver derfor å ha det mest mogleg kjekt med kreative, billige aktivitetar som teikning og måling.

Foto: Adan Hassan Tassamma / NRK

– Eg gjer alt eg kan for at dei ikkje skal merka at eg tenker pengar, men det er ein stressfaktor som krev utruleg mykje av meg, seier tobarnsmor Ingrid Heggland då NRK møter ho på kjøkkenet hennar.

Ho finn fram grønsakene til middagen dei to døtrene på 9 og 12 år skal få når dei snart kjem heim frå skolen. Det siste året har vore lite feitt – veldig sjeldan har det vore pengar nok til å eta seg mette utanfor leilegheita sine fire vegger.

Ingrid Heggland har fått redusert inntekten sin etter å ha blitt AAP-mottaker for om lag et år siden. Da ble det ekstra merkbart at barnetrygda for barn på døtrenes alder er i den lave enden av skalaen.

Stort sett det meste som kan kuttast blir kutta hos familien Heggland. – Det må til slik ting er no, seier tobarnsmora som prioriterer sunn og heimelaga mat i sitt stramme budsjett.

Foto: Adan Hassan Tassamma / NRK

Barnetrygd-sprik

Heggland blei så sjuk at ho gjekk over til å jobba redusert, og fekk innvilga for arbeidsavklaringspengar for resten.

– Med min sjukdom er det vanskeleg å vita kor lenge eg må gå på AAP, så eg bygde meg opp ein buffer.

– Den er det ikkje mykje igjen av, fortel Heggland, som føler ho pressar seg sjølv til å jobba meir enn det som er sunt for å ha ein høgast mogleg inntekt.

Den økonomiske omstillinga, midt i ei dyrtid, har vore krevjande for aleinemora – kvar krone kjem godt med. Dermed har barnetrygda blitt mykje viktigare for å få økonomien til å gå rundt.

Hadde døtrene vore yngre, så hadde den vesle familien hatt meir å gå på frå månad til månad. Satsen for barn mellom 6 og 17 år er nemleg 1083 kronar, men for dei yngste er han på 1723 kronar.

Dermed går familien glipp av 15360 kronar i året. Det forstår Heggland lite av då utgiftene ikkje har gått ned med alderen.

Ingrid Heggland har fått redusert inntekten sin etter å ha blitt AAP-mottaker for om lag et år siden. Da ble det ekstra merkbart at barnetrygda for barn på døtrenes alder er i den lave enden av skalaen.

–Eg har blitt mykje strengare på kva me brukar pengar på, seier Ingrid Helland, som prøver å skaffa det barna treng brukt.

Foto: Adan Hassan Tassamma / NRK

– Det hadde dekka mykje av utgiftene til idrett og fritid. Eg kunne rett og slett sagt ja til meir, seier Heggland om barnetrygda ho ikkje får.

Barnetrygd på landsmøte

Denne forskjellen mellom barnefamiliar ønsker Redd Barna å gjera opp med.

Organisasjonen jobbar for barn sine vilkår i over 120 land over heile verda. I år har dei har også sett seg nøydde til å setta søkelys på barnetrygda si viktigheit for mange barn sin situasjon i Noreg.

Ingrid Heggland har fått redusert inntekten sin etter å ha blitt AAP-mottaker for om lag et år siden. Da ble det ekstra merkbart at barnetrygda for barn på døtrenes alder er i den lave enden av skalaen.
Foto: Adan Hassan Tassamma / NRK

Det gjer dei saman med organisasjonar som Unicef, Aleneforeldreforeningen og Kirkens Bymisjon ved å møta opp utanfor Folkets Hus, der Arbeidarpartiet held landsmøte.

Dei krev at barnetrygda blir prisjustert årleg, slik han blei i mars i år, og at barnetrygdsatsen blir like høg som for dei yngste.

– Eg har ein klar forventning om at dei brukar regjeringsmakta til å hjelpa barnefamiliar som slit økonomisk, seier Monica Sydgård, som leiar Redd Barna sitt Noregsprogram.

Utanfor landsmøtelokalet til Arbeidarpartiet mottar Sarpsborg-ordførar Sindre Martinsen-Evje (Ap) ein "barnetrygdsjekk" frå leiar for Redd Barnas Noregsprogram, Monica Sydgård.

Monica Sydgård i Redd Barna gav Arbeidarparti-ordførar i Sarpsborg, Sindre Martinsen-Evje, klar beskjed om kva ho ønska frå han og 299 andre delegatane på regjeringspartiet sitt landsmøte.

Foto: Mats Rønning / NRK

Forbi markeringa går delegatar som i all hovudsak kjem frå lokallag som vil auka trygdeytingar, viser Aftenposten si kartlegging.

Med seg har Troms Ap eit forslag som svarer til Sydgård og Heggland sine forventingar.

– Me vil at prisjustering og høgare barnetrygd skal vurderast som ein del av den heilskaplege velferdspolitikken i ei tid der mange opplever at endene ikkje møtest, seier delegasjonsleiar Kristina Torbergsen.

– Då kan dette vera eit hjelpemiddel for å gi barnefamiliar ein betre økonomisk situasjon.

Torbergsen legg til at ein eventuell utbetring av ytinga må settast i samanheng med andre grep for å få bukt med barnefattigdom, som å få fleire i arbeid og heva lønna til dei som tener minst.

– Barnetrygda skal støtta opp om kostnadane knytt til det å ha barn, men ho skal ikkje erstatta anna inntekt. meiner ho.

Kristina Torbergsen, politisk rådgiver i Troms og Finnmark fylkeskommune.

Troms Ap er opne for at barnetrygda kan vera ei ordning å bygga ut i ei krevjande tid for mange, fortel Kristina Torbergsen som leiar delegasjonen på landsmøtet.

Foto: Troms og Finnmark fylkeskommune

SSB: Motverkar barnefattigdom

Men for familien Heggland hadde høgare barnetrygd vore ei kjærkommen erstatning for noko av det inntektsfallet dei no opplever. Sjølv om situasjonen er krevjande, er det eit stykke ned til dei som er verst stilte – nemleg familiane med vedvarande låginntekt.

SSB viser til forsking som knyter slike forhold til blant anna lågare utdanningsnivå, svakare tilknyting til arbeidsmarknaden og mentale helseutfordringar.

Deira siste tal, for 2021, viser at delen barn som lever i slike familiar har meir enn tredobla seg på 20 år.

– Kritisk situasjon

– Arbeidarpartiet kan ikkje leva med at 110000 barn lever i fattigdom, meiner Sydgård.

Sarpsborg er byen som kjem verst ut med sine 19 prosent, mot eit 11,3 prosent nasjonalt.

Det er ein nedgang begge stadar frå året før. SSB forklarer den positive utviklinga delvis med hevinga av barnetrygda for dei yngste i 2020 og 2021.

Sarpsborg sentrum.

Me har ei veldig sterk tilflytting av sekundærflyktningar frå andre kommunar. Dei bur der i fem år, så flyttar dei til Sarpsborg, seier ordførar Sindre Martinsen-Evje (Ap). Heile seks av ti born i låginntektshushaldningar har innvandrarbakgrunn, viser statistikken til SSB.

Foto: Sebastian Nordli/NRK

Likevel er ikkje ytterlegare heving av barnetrygda ei hjartesak for Arbeidarparti-ordførar Sindre Martinsen-Evje.

– Me må jobba heilskapleg med gode helsetenester, barnehagar, skolar, SFO - og sørga for at våre barn og unge får utdanning og kompetanse slik at dei kan få jobb. Så må me sørga for at barna våre ikkje blir stengde ute på grunn av økonomi, men får vera ein del av fellesskapet, seier han.

Fredag vedtok Arbeidarpartiet å heva dei lågaste ytingane og ordningane for dei som har minst, men kva dei konkret landar på i spørsmålet om barnetrygd blir først klart laurdag.

På veg inn til landsmøtet gir Sydgård frå Redd Barna ordføraren ein «barnetrygdsjekk» med eit bodskap ho håpar han og dei andre delegatane omset til vedtak.

Utanfor landsmøtelokalet til Arbeidarpartiet mottar Sarpsborg-ordførar Sindre Martinsen-Evje (Ap) ein "barnetrygdsjekk" frå leiar for Redd Barnas Noregsprogram, Monica Sydgård.

Monica Sydgård i Redd Barna gav Arbeidarparti-ordførar i Sarpsborg, Sindre Martinsen-Evje, klar beskjed om kva ho ønska frå han og 299 andre delegatane på regjeringspartiet sitt landsmøte.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Situasjonen er kritisk for dei som har minst, fortel Sydgård.

I mellomtida håpar ho det kjem økonomiske grep, og at ho blir frisk før bufferen er tom.

– Det er jo det store håpet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger