Den norske kongefamilien er populær. I ei undersøking frå 2017 viser at åtte av ti nordmenn ville behalde monarkiet, og at det var dei yngste som var mest positive til å halde på styreforma.
Fredag 21. januar fyller prinsesse Ingrid Alexandra 18 år. Ho og resten av familien verkar framleis å vere svært populær blant hennar jamaldra.
- Les:
På oppdrag frå NRK har Norstat spurt 1000 unge mellom 16 og 20 år om deira forhold til monarkiet.
Av dei spurde svarar 76 prosent at dei framleis ønsker at Noreg skal vere eit monarki, medan 9 prosent seier dei ønsker ei annan styreform, som republikk.
Trur Ingrid Alexandra blir dronning
Ungdommar NRK har snakka med i forbindelse med undersøkinga, seier dei har eit inntrykk av at kongefamilien gjer ein god jobb, og representerer Noreg på ein god måte i utlandet.
– Eg er veldig glad for at vi har monarki, og kunne ikkje tenke meg ei anna styreform. Eg synest også det er fint at vi har ein konge og ei dronning, seier Ine Andreassen i Tromsø.
- Les:
Samtidig er det fleire av ungdommane som synest monarkiet er ei litt rar styreform, som legg band på kva dei kongelege kan seie og gjere.
Men sjølv om det er eit stykke opp og fram, trur 81 prosent av dei spurde i undersøkinga at vi framleis har monarki når prinsesse Ingrid Alexandra ein gong skal bli dronning.
– Ja, det er eg ganske sikker på. Monarkiet har vart lenge, og eg trur ikkje det kjem så store endringar på så kort tid, seier Oline Bjerke Grimnes frå Gjøvik.
Den norske kongefamilien er populær blant unge. Her er kong Harald med sine to etterkomarar, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra.
Foto: Lise Åserud / NTBGodt nytt for kongehuset
Det norske kongehuset har vore populært over tid, og dei kongelege har stått fram som samlande figurar. Det er difor ikkje overraskande at det skårar så godt, også blant dei unge, seier statsvitar Peter Egge Langsæther.
Postdoktor Peter Egge Langsæther ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.
Foto: Institutt for statsvitenskap / Universitetet i Oslo– Det har ikkje vore store ideologiske debattar rundt kongehuset dei siste åra. Det har heller ikkje vore store skandalar som har vore til skade for omdømmet. Så dette er gode nyheiter for kongefamilien.
Men sjølv om dei kongelege er populære no, har dei framleis ein jobb å gjere om dagens prinsesse skal bli dronning ein dag.
– Det er ikkje opplagt at den gode oppslutninga kjem til å halde fram. Dei kan ikkje ta det for gjeve. Det er avhengig av personane, og at dei blir oppfatta som gode representantar, seier Langsæther.
Ingen draum om å bli kongeleg
Dersom prinsesse Ingrid Alexandra ein dag blir dronning, vil ho gjere ein god jobb, trur Elise Malstenbråten, som utdannar seg innan teknologi- og industrifag og lagar videoar på TikTok.
– Eg ønsker meg Ingrid Alexandra som dronning fordi ho verkar å vere veldig tøff og har pågangsmot. Og det synest eg er veldig bra. Og så synest eg at det er bra at vi har ein tronarving som er kvinne.
Elise Malstenbråten trur prinsesse Ingrid Alexandra kan bli ei god dronning.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKDet er Ahmad Marofkhel, som kom til aleine til Noreg som mindreårig flyktning for fire år sidan, einig i.
– Eg trur prinsesse Ingrid Alexandra vil bli ei god dronning. Ho verkar veldig snill og god, synest eg.
Ahmad Marofkhel håper prinsesse Ingrid Alexandra vil engasjere seg i kampen mot rasisme og mobbing.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKMen det å vere kongeleg, med alle pliktene og merksemda det fører med seg, er ikkje ein særleg attraktiv jobb blant dei som er på prinsessas alder no.
Over 60 prosent i undersøkinga svarar at dei ikkje kunne tenke seg på vere konge eller dronning.
– Nei, eg kunne ikkje tenke meg å bli dronning. Eg likar livet mitt som det er, å ha mogelegheita for å velje. Eg tenker eg kan gjer som eg vil, slepp å ha formelle møter og kan reise dit eg vil og seie det eg vil, seier Synne Bjørklund i Tromsø.