Hopp til innhold

Unge jenter surfar fram: – Mange vil surfe fordi prinsessa gjer det

Surfing vert stadig meir populært, men no er det ei ny gruppe som hiv seg i vatnet. Under NM i Lofoten reiste unge jenter seg på surfebretta.

Bølgene bygger seg opp og slår mot land på Unstad i Lofoten.

I vatnet ligg fire unge jenter.

Dei ventar spent på rette forhold medan dei held fast i surfebretta sine.

Dei er med på NM i surf.

For etter at prinsesse Ingrid Alexandra vann denne klassa i fjor, har mange fleire unge jenter fått auga opp for sporten i vatnet.

Vil gjere som prinsessa

For andre gong i historia vart NM i surf arrangert. Denne gong i Lofoten.

Fjorårets arrangement var på Jæren.

Det var då prinsesse Ingrid Alexandra stakk av med sigeren:

I år var det 15 år gamle Sofie Nakken Lund, frå Klepp i Jæren som surfa sigrande i land.

– Eg trur mange las om prinsessa sin seier i fjor og har tenkt at dei vil surfe fordi prinsessa gjer det, seier Lund.

Dette året er det nemleg dobbelt så mange unge jenter som har meldt seg på NM i surf.

I fjor deltok fire jenter i konkurransen, i år var dei åtte. Men dette er berre toppen av isberget.

Alle brettklubbene i Noreg viser at det er tydeleg auka interesse ifølge Brettforbundet.

Til dømes i surfeklubben Jæren Surf/ Bore Surfklubb var det i fjor berre to unge jenter medlem. I år har det auka til 39 jenter som er yngre enn 19 år.

NM i surf på Unstad i Lofoten

Om lag 80 personar deltok i NM i surf i Lofoten.

Foto: Dina Danielsen / NRK

Det har óg surfeskulane merkt.

– Det er ein eksplosiv vekst, spesielt blant jenter. Det er ein dobling dei siste to åra, seier Line Breivik frå Lofoten Surfsenter på Unstad.

Hos dei har delen jenter som ønsker å lære å surfe har auka betrakteleg. No er det 80 % jenter som deltar på deira kurs.

– At prinsessa er på landslaget, gjer nok at det er auka interesse. Neste år må dei nok auke talet plassar på landslaget, seier Breivik og legg til:

– Vi kjem til å sjå ein eksplosiv auking av surfing i Noreg.

Sofie Nakken, vinner av juniorklassen i NM i surf i Lofoten

I NM i surf som gjekk føre seg i Lofoten denne helga var det for første gong fleire unge jenter, enn unge gutar som surfa på bølgene.

Foto: Ingeborg Nakken / Brettforbundet

Og under NM var det faktisk fleire unge jenter enn unge gutar, som konkurrerte med surfebrettet.

– Vi har vore bevisst på å ufarleggjere surf. Ofte synest dei unge jentene at det er litt skummelt og dei trur at dei ikkje er gode nok, seier Ingeborg Sofie Nakken.

Ho er ansvarleg for NM-arrangementet og visepresident i Brettforbundet.

I tillegg er ho mor til årets vinnar av juniorklassa for jenter.

Ein sport for sosiale medium

Nakken fortel at dei har lagt spesielt til rette for å få dei unge jentene opp på surfebretta, mellom anna med å ha ein vaksen i vatnet som sørger for at dei ikkje driftar med straumen.

I tillegg har dei satsa på å vise fram dei unge kvinnelege surfarane på sosiale medium.

Om 10 år kan det vere like naturleg å seie at ein driver med surf som fotball

Bijora Sardarian, Generalsekretær i Brettsportforbundet

For etter sosiale medium har surf eksplodert.

Men ho er samd i at prinsessa kan ha vore ein viktig rollemodell i sporten.

– Det er kjempekult å ha ein framtidig dronning som surfar, og det er viktig for at sporten vert meir anerkjent.

For ho meiner surf er ein sport for alle.

Og dei som startar med surf sluttar ofte ikkje med det.

I Australia er det egne tidspunkt som pensjonistane kan surfe på ifølge Nakken.

Vinner lofoten master open og NM, kombinert 
Magnus Nordmo fra Kabelvåg. 21 år

21 år gamle Magnus Nordmo frå Kabelvåg vann Lofoten Master NM i Lofoten i helga.

Foto: Dina Danielsen / NRK

– Det er ei fridomskjensle når ein surfar. Ein er ute i eit element, får trent og frisk luft. Og ein blir ikkje lei, for det er ingen bølger som er like. Eg trur det er derfor det er så populært.

– Alderen går ned

Generalsekretær i Brettsportforbundet, Bijora Sardarian, seier det ikkje er tilfeldig at alderen på surfarar har gått ned, og at fleire unge tør å prøve seg på surfebrettet.

Bijora Sardarian, Generalsekretær i Brettforbundet.

Bijora Sardarian er generalsekretær i Brettforbundet.

Foto: Matias Fosso Kristiansen / Brettforbundet

– Vi ser ei brei rekruttering av jenter til brettsport og spesielt til surf, seier ho.

Generalsekretæren fortel at brettsport generelt har vore mannsdominert, men at det særleg på surf har jamna seg ut.

Det handlar om at dei har jobba aktivt for å løfte fram dei unge jentene.

Heiejeng på NM i surf på Unstad i Lofoten

Det var ein engasjert heiagjeng som heia den unge surfarane inn til land i Lofoten.

Foto: Dina Danielsen / NRK

– Vi har hatt fleire jentesatsingsprosjekt. Mellom anna har vi laga jentelag med ambassadørar og støtta filmprosjekt for jenter. Denne sporten er som skapt for å ha kamera i handa, difor gjer det seg godt på sosiale medium, seier Sardarian.

Under pandemien var det mange som fann vegen til surf, ifølge generalsekretæren. Det er ein restriksjonsvennleg sport.

Tror du surf er like vanlig som fotball om 10 år?

– Vi har hatt ein enorm tilslutning av medlemmer og klubber under korona. Om 10 år kan det vere like naturleg å seie at ein driver med surf som fotball, meier ho.

Vinnaren av årets juniorklasse for jente, Sofie Nakken Lund, er spent på kor mange ho må kjempe om sigaren for ved neste NM.

Sofie Nakken vann juniorklassa for NM i surf i Lofoten

15 år gamle Sofie Nakken Lund vann juniorklassa i NM i surf i Lofoten denne helga.

Foto: Glen Imrie / NRK

Om delen jenter i sporten doblar seg igjen, vil ho kome til å måtte konkurrere mot 15 andre.

– Det som gjer at eg liker å surfe er at eg kan vere ute i naturen, samstundes som eg kan møte nye folk på konkurransar, seier 15-åringen.