Hopp til innhold

-TV 2: - Ny norsk IS-krigar drepen

Ein norsk IS-krigar i midten av 20-åra frå Austlandet er drepen i kamp i Syria eller Irak, melder TV 2.

Bombeangrep myntet på Den islamske staten

USA og den internasjonale koalisjonen har retta nesten daglege angrep mot IS-mål i Irak og Syria dei siste månadene.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Mannen skal ha gått gjennom ein rask radikaliseringsprosess før han reiste til Syria i fjor haust. Han skal ha vore del av eit islamistisk miljø der fleire har reist ut som framandkrigarar.

Ifølgje TV 2 er rundt 15 personar som har reist frå Noreg, drepne i kamp for IS. Samstundes held norske statsborgarar fram med å reise til Syria for å delta i krigen.

PST opplyser at mellom 70 og 80 personar har reist frå Noreg for å slutte seg til terrorgruppa Den islamske staten (IS) i Irak eller Syria.

IS kontrollerer store landområde i Syria og Irak, men har også etablert seg i andre arabiske land, blant andre i Libya. IS har teke på seg skulda for terrorangrepet mot Bardo-museet i sentrum av den tunisiske hovudstaden Tunisia i går, der minst 20 utanlandske turistar vart drepne.

Fleire titals andre vart alvorleg såra.

Dei to terroristane som vart drepne av tunisiske tryggingsstyrkar i går var begge tunisiske statsborgarar. To aviser i Tunisia melde i dag at begge to hadde vore i Irak og Libya.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters utgjer tunisiske statsborgarar den største gruppa av framandkrigarar i Irak, Syria og Libya

LES OGSÅ: – Jaktar minst to medhjelparar i Tunisia

LES OGSÅ: Dette var den norske jihadisten

LES OGSÅ: PST: – Over dobbelt så mange har reist

LES OGSÅ: Se hvor de norske jihadistene kommer fra

LES OGSÅ: Terrorforskere om fremmedkrigere: – Mange har mislyktes i livet

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger