Hopp til innhold

– Jaktar minst to medhjelparar i Tunisia

I Tunisia mistenker dei at det kan ha vore to til tre medhjelparar til gårdagens terrorangrep i Tunis. Samstundes aukar talet på døde, og det spekuleres i om hendinga var hemn frå IS.

TUNISIA-SECURITY Police lead their dogs during the attack by gunmen on Tunisia's national museum in Tunis

Tunisiske tryggingsstyrker leiter etter to til tre moglege medhjelparar til gårsdagens terrorangrep i Tunis. Biletet er av tunisisk politi etter gårsdagens aksjon ved Bardomuseet.

Foto: ZOUBEIR SOUISSI / Reuters

Det er statsminister i Tunisia, Habib Essid, som seier til TV-kanalen BFMTV at dei framleis leitar etter minst to, kanskje tre, medhjelparar til gårsdagens terrorangrep ved Bardomuseet i Tunis i går.

TUNISIA-ATTACKS-TOURISM-DEMO

Tunisia blir ståande oppreist, står det på plakaten som er sett opp i samband med eit arrangement som vart arrangert berre få timar etter angrepet mot Bardomuseet.

Foto: SOFIENE HAMDAOUI / Afp

– Tunisiske menn stod bak

Samstundes offentleggjer han namna på dei to terroristane, som i går vart drepne av tunisiske tryggingsstyrkar.

Det er to menn med tunisiske namn, og ifølgje ein talsmann for innanriksdepartementet er dei «sannsynlegvis» tunisiske.

I dag auka talet på drepne. No er 22 menneske drepne, deriblant 20 utlendingar. 40 personer er skadde, fleire av dei alvorleg skadde, og det er frykt for at talet kan auke.

Ifølgje vitne skal dei to angrepsmennene ha starta å skyte mot personar som var på veg ut av turistbussar, for deretter å ta seg inn i museet og halde fram med skytinga der.

Spekulerer i kven som står bak

I tunisiske medium vert det spekulert i motiva bak gårsdagens angrep. Mellom anna skal eit angrep på IS-leiaren Ahmed Rouissi vere eit mogleg motiv. Rouissi vart i helga drepen i Sirte i Libya. Situasjonen i Tunisias naboland, Libya, er uoversiktleg og kaotisk.

Rouissi skal også ha hatt ei viktig rolle i den tunisiske islamistgruppa Ansar al-Sharia. Gruppa har tidlegare gjennomført ei rekke bombeangrep og drap i Tunisia. Historieprofessor Knut Vikør meiner gruppa kan stå bak angrepet.

– Me veit førebels ikkje kven som står bak, men det vil ikkje vere unaturleg å rette blikket mot Ansar al-Sharia, som har vore aktive i både Libya og Tunisia, seier Vikør til Aftenposten.

Tunisia Attack

Tilhengjarar av Beji Caid Essebsi held opp ein plakat av presidenten som i går sa at Tunisia er i krig med terrorismen.

Foto: Michel Euler / Ap

– I krig med terrorismen

Tunisiske styresmakter sa etter angrepet i går at dei vil ta opp kampen mot ekstremisme i Tunisia.

– Me er i krig med terrorismen, men vil ikkje la oss skremme, sa president Beji Caid Essebsi i ein TV-sendt tale i går kveld.

Det er frykt for at angrepet vil kunne skade turistnæringa i landet, som dei siste åra har jobba hardt med å kome opp på det nivået det var på før revolusjonen i 2011.

Tunisia er landet kor den arabiske våren starta i 2011, og er også det landet som har kome best ut av revolusjonsbølga. I desember i fjor valde landet sin første demokratisk valde leiar.

SISTE NYTT

Siste nytt