Hopp til innhold

- Tryggare med få sjukehus

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen meiner det vil gå på helsa laus om ikkje sjukehusstrukturen i Noreg vert endra.

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen

- Me må tenkja framover og innsjå at sentralisering er ein føresetnad for gode hesletenester i tida som kjem, meiner helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Færre sjukehus er nødvendig, fordi me kan gje betre behandling ved større sjukehus, seier helsedirektøren.

I dag har Helsedirektoratet levert ei høyrings-uttaling om sjukehus-struktur til regjeringa.

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen seier at det ikkje er grunnlag for å oppretthalda alle sjukehusa framover.

– I framtida vil me flytta oppgåver ut av lokalsjukehusa og nærare folk. I tillegg vil me flytta meir spesialiserte funksjonar til større sjukehus. Då vil vera feil bruk av ressurser og personell å behalda alle sjukehusa me har i dag.

– Tryggare med få

Måndag sist veke demonstrerte nærare 2000 personar frå distrikts-Noreg framfor Stortinget i Oslo. Kravet var å få behalda lokalsjukehusa, men helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen hadde ingen gode nyheiter å koma med til aksjonistane.

Helsedirektør Larsen forklarer at mange ting må behandlast ved dei største sjukehusa fordi dei har breiare kompetanse.

– Det er ikkje nok at det står sjukehus på døra dit du kjem, seier Larsen.

Færre sjukehus gjev eit tryggare tilbod til folket?

– Ja, færre sjukehus er ikkje einstydig med at det blir lengre veg til dei tenestene som folk treng ofte. Mykje skal me flytta nærmare dit folk bur.

– Folk må også forstå at trygge og gode helsetenester ikkje berre dreier seg om nærleik, men også om kvalitet, legg helsedirektøren til.

Fødeomsorgen som døme

Han viser til ein ny gjennomgang av fødeomsorgen i Noreg. Gjennomgangen viser ifølgje Larsen at svært mange fødslar skal skje ved dei aller mest avanserte fødeavdelingane i landet.

Dette for å sikra minimale skadar på borna ved kompliserte fødslar, og trygge rammer for mor.

– Det er viktig at me no sentraliserer helsetenestetilbodet, avsluttar Larsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger