Tilsette ved ambulansestasjonen på Sortland har no vaktrom på eit hotell, fordi tilsette blir dårlege av muggsopp i bygget dei jobbar.
Bygget som husar stasjonen blei i dag stengt på grunn av påvist muggsopp.
Etter at tilsette rapporterte om dårleg inneklima, sette HMS-seksjonen ved Nordlandssjukehuset i gang undersøkingar.
– Eg er ikkje overraska, seier Ola Yttre, leiar i ambulanseforeininga.
Luftvegsproblem blant tilsette
Rune Steffensen er tillitsvalt for Ambulanseforbundet i Delta i Vesterålen.
Rune Steffensen, tillitsvalt for Ambulanseforbundet i Delta i Vesterålen.
Foto: PrivatIfølge han har dei tilsette rapportert inn om typiske astma-liknande plagar. Blant desse er hosting, nysing, luftvegsproblem, uforklarleg trøytte og slappheit.
I dag er personellet plassert på hotell der dei kan opphalde seg mellom oppdrag.
– Det kan ta litt lenger tid før ein får køyrt ut bilen når det skjer noko, seier Steffensen.
Han fortel at ambulansepersonellet etter kvart vil få opphalde seg med Kystvakta og dermed ha betre lokale der.
– Kan gå nokså gale
Som ambulansepersonell veit du aldri kva du skal ut på eller når du skal ut, og god hygiene er ein viktig del av jobben.
At personellet blir utsett for muggsopp, kan ha uheldige konsekvensar for pasientane, meiner Yttre.
Ola Yttre meiner det er viktig at stasjonane er i god stand.
Foto: Privat– Du er ofte ute med pasientar som har eit svært svekka immunforsvar som fort kan bli smitta viss du dreg med deg muggsopp. Det kan sette seg i klede og det går utover luftvegane.
– Har du ein pasient som toler dette dårleg, kan det gå nokså gale, seier Yttre.
– Tar det på høgste alvor
I ei pressemelding skriv Nordlandssjukehuset at muggsoppen blei avdekka etter at tilsette hadde rapportert om dårleg inneklima ved stasjonen.
Difor stengde dei stasjonen umiddelbart.
– Vi prioriterer no å ta vare på dei tilsette. For å unngå at dei tilsette ikkje blir sjuke av sitt arbeidsmiljø blir dei flytta til situasjonen er handtert. Vi jobbar med å finne gode kortsiktige løysingar, og gode langsiktige løysingar, seier klinikksjef Frode Hansen.
Ifølge sjukehuset kan muggsoppen sjåast i samanheng med dei rapporterte plagene frå dei tilsette ved ambulansetenesta.
Både Yttre og Steffensen håpar at nordlandssjukehuset og andre helseføretak ser på kva ambulansestasjonar dei har ansvar for.
– Eg håpar at arbeidstilsynet ser dette og tar tak, og går ut på ei ny runde med tanke på dette med ettersyn av vaktlokale for ambulansetenesta.