Hopp til innhold

Difor kan vedstabelen i stova di gi helseplager

Muggsopp på vedkubbar kan gi luftvegsproblem. Ein måte å unngå dette på kan vere å kløyve veden din om vinteren, ifølge ekspert.

Bjørkeved

Ein flott vedstabel i stova heime eller på hytta er dekorativt, men det kan føre til helseplager. Spesielt om ein slit med astma og allergi.

Foto: Maria Elsness

Ein av fem nordmenn har vedfyring som hovudoppvarmingskjelde. Det betyr at mange har vedkubbar liggande ved fyringsomnen i vinterhalvåret.

Ein flott vedstabel i stova heime eller på hytta er dekorativt, men det kan føre til helseplager.

Det er nemleg vanleg med muggsopp på alle typar ved, både eigenprodusert og kjøpt.

Det er mikrosopp som veks på overflatene på vedkubbane. Om ein har ved som er kløyvd ut på våren og forsommaren, får ein nesten garantert muggsopp på alle typar treslag, seier Johan Mattson fagsjef i Mycoteam.

Johan Mattson

Fagsjef i Mycoteam Johan Mattson.

Foto: Privat

Mycoteam er eit rådgivande firma, og dei jobbar blant anna med å måle faktorar som påverkar inneklimaet vårt, slik som muggsopp.

Vi har gjort testar der vi kjøpte ved frå forskjellige stadar, som bensinstasjonar og byggevarehandlarar, og det viste seg å vere muggsopp på alle vedprøvene vi testa.

Les også Sander (23) inviterer til gratis vedhogst: – Jeg har rikelig med skog

Sander Solheim

– Kan få hoste, irritasjon og astmaplager

Om ein har ein vedsekk i stova, så vil ikkje det nødvendigvis forureine heile bustaden, men det er greitt at ein er klar over det iallfall, seier Mattson.

Spesielt om ein slit med astma og allergi.

Vedsekk

MUGG: Ein muggen vedkubbe kan har brune, grøne eller svarte flekkar på seg, ifølge ekspert.

Foto: Privat

– Då vil dette vere ei kjelde som er der heile vinteren, seier Mattson.

Konsulent for Noregs Astma og allergiforbund Jan Vilhelm Bakke, seier at muggen ved kan gi luftvegsproblem.

– Ein kan få hoste, irritasjon, astmaplager og at ein har større tendens til å få luftvegsinfeksjonar.

Bakke har vore tidlegare overlege i arbeidstilsynet jobba med mykje med inneklima og korleis fyring har betydning for helsa.

Unormal førekomst av muggsopp vil dukke opp når ein har for fuktig ved. Då får ein noko som byrjar å ete på dette her og sleppe ut gassar som gir plagar.

Han er tydleg på at ein må passe på at veden ein tek inn i hus er skikkeleg tørr.

Ein skal ikkje ha ved som er fuktig eller ser muggen ut inne i eit hus, då skal det ut, avsluttar han.

Her er to tips til korleis sjekke om veden er tørr:

Bjørn Haagensen i brannvesenet viser tips og triks til vedfyring.

Bjørn Haagensen i brannvesenet visar tips og triks til vedfyring.

Vil du kalle deg ein ekspert på fyring? Eller blir du frustrert for du aldri får fyr? Her får du tips og triks til vedfyring.

Eit anna triks som Bjørn Haagensen i brannvesenet viser er banke-trikset.

Kløyve på vinteren

Ein måte å unngå å få mugg på veden, er å sage og kløyve den om vinteren.

Då er det ikkje moglegheit for at soppen spirar fordi det er lite fukt i omløp i lufta. Problemet er at mykje av veden blir kløyvd og handtert ut på våren og forsommaren, og då vil den veden garantert, i større eller mindre grad, vere angripen av muggsopp.

Så då kan det vere lurt å kløyve veden no om vinteren?

Ja, det er faktisk veldig lurt.

Om ein kjøper veden, kan det vere lurt å sjå om den har nokre synlege merker på seg, ifølge Mattson.

Syncephalastrum racemosum

Slik ser muggsoppen Syncephalastrum racemosum ut.

Foto: Mycoteam

Det ein må sjå etter er om veden har grøn, brun eller svart misfarging. Men det er ikkje alltid at muggsoppen er synleg for det blotte auge.

– Det er andre artar der ein må ha forstørringsglas for å sjå kva som er der.

Mattson seier det er viktig å stille krav til veden ein skal kjøpe.

Og vurdere ut ifrå sunn fornuft om den er fin og har god kvalitet, avsluttar han.