Nyleg starta ambulansepersonellet ved Tverlandet ambulansestasjon i Bodø med noko som etter kvart kan bli ei viktig nyvinning i deira arbeidskvardag:
Eit plaster som måler blodsirkulasjonen til hjernen.
Ultralydplasteret er det første av sitt slag, og Nordlandssjukehuset er det første sjukehuset i verda som tar det i bruk.
Jon Helge Flage meiner det blir eit viktig verktøy i arbeidet der det står mellom liv eller død.
– Eg trur at dette blir eit av våre viktigaste verktøy i framtida. Fordi vi kan bruke eit plaster som direkte vurderer korleis pasienten sin sirkulasjon er opp til hjernen.
DEMONSTRASJON: To ambulansearbeidarar brukar ultralydplasteret RescueDoppler. Bildet er tatt under øving.
Foto: Petter Strøm / NRKDet er lett å sjå for seg maskinene til ultralyd på norske sjukehus. Desse starta ein med for mange år sidan, og det er snakk om store størrelsar.
Verktøyet som no er utvikla er nede i 2 kvadrat i centimeter, festa på ein plasterlapp.
Dette plasteret blir så festa til pasienten sin hals.
Fredag tok ambulansepersonellet ved Tverlandet ambulansestasjon i bruk noko som etter kvart kan bli ei viktig nyvinning i arbeidskvardagen deira: Eit plaster som måler blodsirkulasjonen til hjernen.
Nyttig ved kritiske tilstandar
Ved kritiske tilstandar, som blodforgifting, hjerneslag eller hjarteinfarkt, hastar det for helsepersonell å få mest mogleg informasjon før dei når sjukehuset.
Det er dette som er heile hensikta med det nye plasteret.
I dag brukar helsepersonell pulskontroll og mål på fingeren samtidig som dei måler blodtrykket på handa, forklarar Flage, som er kvalitetsleiar og intensivsjukepleiar ved Prehospital Klinikk på Nordlandssjukehuset.
– Alle desse er indirekte mål på sirkulasjonen til pasientar. No kan vi få eit direkte mål på korleis blodsirkulasjonen fungerer til hjernen.
PLASTER: Slik ser RescueDoppler-plasteret ut. Bildet er tatt i samanheng med øving.
Foto: Petter Strøm / NRKDet vil vere verdifull informasjon om kritiske tilstandar før dei når sjukehuset.
Plasteret har fått namnet RescueDoppler, og er utvikla av NTNU i samarbeid med Nordlandssjukehuset og Nord Universitet.
Kvinna bak har sett behovet for dette i mange år.
Berre 50 prosent klarar å kjenne puls
– Det følast fantastisk å endeleg får det ut i det verkelege liv, seier Charlotte Ingul.
I 25 år har ho jobba med plasteret som skal kunne måle blodsirkulasjonen til hjernen på pasientar.
LYKKELEG: Charlotte Ingul er glad for at plasteret blir testa i det verkelege liv. Det har vore ein lang prosess med godkjenningar, seier ho.
Foto: Petter Strøm / NRKIngul er professor for medisin og helsevitskap og jobbar med forsking på ultralyd. Ho starta med arbeidet på grunn av ein enorm frustrasjon for mange år sidan:
Noko så essensielt som å finne ein puls.
– Det å kjenne puls på ein pasient under hjartestans er ekstremt vanskeleg.
Ho forklarar at mindre enn 50 prosent av helsepersonell klarar å kjenne ein puls når pasienten faktisk har eit blodtrykk som i utgangspunktet skal vere mogleg å kjenne.
TEST: To ambulansearbeidarar ved ambulansestasjonen på Tverlandet brukar plasteret under ei øving.
Foto: Petter Strøm / NRK– Då kunne eg gå til ultralydingeniørane og gjere ei bestilling på den vesle proppen som då kontinuerleg overvakar pulsen i halsen på pasientane.
Og det er ikkje tilfeldig at ho og NTNU har samarbeida nettopp med Nordlandssjukehuset.
Best i landet på hjartestans
– Det er heilt naturleg å begynne her i Bodø, seier Ingul.
Ho forklarar at dei har ein av dei beste bachelorutdanningane i ambulansefaget.
– I tillegg har sjukehuset i Bodø det beste resultatet prehospitalt med tanke på hjartestans, seier Ingul.
Det betyr at dei er gode på å handtere pasientar med hjartestans før dei når sjukehuset.
– Kva vil plasteret bety for arbeidet ambulansepersonell gjer ute i felt?
– Det vil gjere det sikrare for dei. Kanskje treng dei ikkje å gjere pausar under hjartekompresjonane.
Ho forklarar at helsepersonell forhåpentlegvis vil vere meir effektive ved at dei kan sjå kva ein kompresjon kan generere av blodstraum til hjernen.
– Slik at dei blir tryggare med tanke på kompresjonar. Dei blir tryggare med tanke på diagnosen, om det er riktig diagnose, og tryggare med tanke på om pasienten har fått tilbake sin eigen sirkulasjon, seier Ingul.
I dag er plasteret i ein testfase. Det skal først bli testa ut ved tre ambulansar ved Nordlandssjukehuset, deretter av ambulansar og sjukehus fleire plassar i Noreg.
Jan Helge Flage håpar å få det integrert i hjartestartaren dei brukar.
HJARTESTANSAR: Jan Helge Flage håpar at plasteret skal bli ein del av ein hjartestansar, som vist på bildet.
Foto: Petter Strøm / NRK– Slik at når vi kjem fram er det like naturleg å bruke eit plaster for å vurdere sirkulasjonen for ein pasient, enn å ta blodtrykk for eksempel.
Så vil tida vise om det er noko som blir innført hos alle ambulansetenester i Noreg.