Hopp til innhold

Politikarane vurderer å sende skulebarn på aldersheim: – Kjenner oss ført bak lyset

Kommunen vurderer å flytte skulebarn inn i eldresenter. – Dette går utover psyken vår, seier foreldre i Hadsel.

Charlotte Aune Andreassen (33) sammen med barna Sigurd (3) og William (9)

NEKTAR: Foreldra til barna ved Innlandet Skole seier at dei vil halde barna heime om kommunen sender dei på skule på aldersheimen. Kommunen svarar at det er deira einaste kommunale bygg.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Kommunestyret i Hadsel vil ha berekna kor mykje det kostar å flytte barnehagen og 1.–4. klasse på Innlandet skule til kommunens alderssenter.

Det har fått fleire foreldre til å reagere.

– Dette går utover psyken vår. Ungane kjem heim og spør oss om dei må på gamleheimen, seier Elisabeth Solvoll.

Muggsopp på den gamle skulen

Elisabeth Solvoll er ein av dei 20 foreldra som i lang tid har kjempa for at ungane i bygda skal få behalde skulen.

Men det har blitt oppdaga muggsopp på skulen. Det gjorde at politikarane begynte å sjå på andre stader barna kan gå på skule.

Innlandet skole har mugg i enkelte rom som er sperra av, ifølge Bladet Vesterålen. .

No har dei lagt fram forslaget om å bruke andre etasje i aldersheimen i kommunen.

Elisabeth Solvoll og datteren Elise utenfor Innlandet skole
– Eg er frykteleg sint, skuffa og lei meg over at dei i det heile tenker på å flytte ungane våre inn på Innlandet Alderssenter.
Elisabeth Solvoll og datteren Elise utenfor Innlandet skole
– Det er eit gamleheim med eldre folk i alle variantar, seier Solvoll.
Innlandet Alderssenter, Hadsel kommune
Ho peiker på at det korkje er uteområde eller naudsynte spesialrom der barna kan ha sløyd eller skulekjøkken i forslaget for politikarane.

I tillegg er ho skeptisk til om ungane i det heile treng å bli flytta.

Då foreldra spurte om innsyn i tilstandsrapporten, viste det seg at det berre er lærarrommet som må bli reparert på grunn av muggsoppen, forklarar Solvoll.

Ho spelte inn forslag om å heller renovere skulen enn å flytte barna. Men ifølge Solvoll var politikarane raske til å stemme det ned.

Ordføraren: – Dette er ei av tre alternativ

Kommunestyret har altså bede kommunedirektøren rekne ut kva det vil koste å flytte ungane til aldersheimen

– Vi har tre alternativ, og dette er berre et av dei, seier ordførar Aina Nilsen (Sp).

Aina Johanne Nilsen

Aina Johanne Nilsen, ordførar i Hadsel (Sp), seier aldersheimen berre er eitt av tre alternativ for barna på Innlandet skule i Hadsel

Foto: Hadsel kommune

Kommunestyret vart orientert i juni i fjor om at skulen er i dårleg forfatning. Det skjedde etter at kommuneoverlegen har gjort vurderingar som seier at ein ikkje kan drifte der etter dette skuleåret.

– Bygget tilfredsstiller ikkje minstekravet i lova til den fysiske skulekvardagen, slår Nilsen fast.

Kvifor er eit av forslaga å flytte barna til aldersheimen?

– Det er det einaste kommunale bygget på Hadsel innland, der fleire av leilegheitene knytte til alderssenteret ikkje er i bruk i dag på grunn av mangel på søkjarar. Vi ønskjer derfor å få vurdert om vi kan utnytte delar av bygningsmassen til barnehage og skule.

– Ført bak lyset

Charlotte Aune Andreassen er småbarnsmor i Hadsel. I tillegg er ho sjukepleiar på Innlandet Alderssenter. Ho tenkjer at det ikkje er noko alternativ å ta med barna på jobb.

– Det kjennest ikkje greitt, vi føler oss ført bak lyset og kjenner at vi er lei av usikkerheita, seier Andreassen.

– Kunne det ikkje vore hyggeleg for barna å vere tett på dei gamle då?

– Jo, men det kjem an på kven bebuarane er. I dette tilfellet går det ikkje, seier ho.

Ho seier at skulen er avgjerande for at dei skal halde fram med å bu i Hadsel.

Det var sterke reaksjonar på kuttforslag i Hadsel i november i fjor.


– Viss dei ikkje får skuletilbod her, må vi pakke veska og reise til Sortland, seier ho.

– Bekymringa tar masse av kvardagen vår. Eg er samd i at det er psykisk terror.

Politikar Arne-Reidar Johansen frå Innlandet la fram forslaget til foreldra på kommunestyremøtet. Han meiner det no er på tide å ta foreldra på alvor

– Eg synest det er på tide at foreldra får komme skikkeleg til orde i den vidare prosessen, seier han.

Les også Kommunen vil legge ned ei hel bygd for å spare penger

Halvar Ellingsen er daglig leder på Kvitnes gård

Ordføraren seier ho har forståing for at foreldre er bekymra.

– Eg har stor forståing for at det er krevjande for barn og føresette og ikkje vite kva som møter dei til hausten. Difor må vi jobbe raskt, men grundig. Det er eit politisk mål å sikre eit føreseieleg opplæringstilbod på Hadsel Innland, skriv Aina Nilsen i ein e-post til NRK.

Innlandet barnehage Hadsel

Også barna ved innlandet barnehage i Hadsel kan verte flytta til aldersheimen.

Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRK

Kan vere lovleg å leggje skule i aldersheim

Viss det er gjort eit vedtak som nokon meiner ikkje er rett i forhold til loven kan Statsforvalteren få beskjed om å ta ein lovlegheitskontroll. Det kan òg kome som ein klage.

Guri Adelsten Iversen, utdanningsdirektør hos Statsforvalteren i Nordland, fortel at det har dei enno ikkje fått.

Guri Adelsten Iversen

Guri Adelsten Iversen, utdanningsdirektør hos Statsforvalteren i Nordland fortel at det finst ein del kriterium for kva bygg som vert godkjent til skulebruk.

Foto: Martin Steinholt

– At det ligg i lag med eit aldersheim er ikkje noko avgrensing, men det må vere rom til den undervisninga som skal vere der, seier Iversen.

Det er kriterium for uteareal, skulekjøkken og gymsal. Men det er mogleg å få bygget godkjent sjølv utan det, om det er ein god plan for kvar denne undervisninga skal gå føre seg.

Utdanningsdirektøren er bekymra for kva tvisten gjer med barnas oppleving av skulen.

– Det er aldri ok at det blir usemje mellom foreldre og skuleeigar. Det kan gjere noko med stemninga i lokalsamfunnet som kan vere vanskeleg for barna.

Innlandet Alderssenter, Hadsel kommune

Innlandet aldersheim har korkje skulekjøkken, gymsal eller uteareal. Kommunen planlegg at dei eldste barna skal få gå på eit modulbygg, også det utan spesialrom.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Småbarnsmor: – Psykisk terror

No seier småbarnsmora i Hadsel at dei har kome i ein situasjon av «pest eller kolera»:

Anten må barna lite på ein båttur på tjue minutt til ein annan skule, som ofte vert innstilt grunna vêr og vind.
Eller så må barna gå på skule på aldersheimen.

– Både vi og ungane er slitne. Det slit på psyken vår. Dette er rett og slett psykisk terror, seier Solvoll.

Og ho er ikkje åleine om å vere forbanna. Nokre foreldre har allereie reist frå bygda fordi dei ikkje vil sjå barna sine på aldersheimen.

Elisabeth Solvoll

Elisabeth Solvoll og resten av foreldra ved Innlandet skule står samla i å nekte å sende ungane sine på skulen om det vert på gamleheimen.

Foto: Privat

Dei som er igjen nektar å sende barna sine på skulen om politikarane går vidare med forslaget.

– Det er ikkje snakk om. Då kjem vi alle saman til å halde barna våre heime, seier Solvoll.