Hopp til innhold

Bitte små lokallag i Nordland kan avgjere våpenkampen i Raudt 

Dei i Raudt som er mot å sende våpen til Ukraina kan få draghjelp av det særeigne systemet for å velje delegatar til landsmøtet.

Partisekretær Benedikte Pryneid Hansen, 2. nestleder Silje Josten Kjosbakken. partileder Bjørnar Moxnes og 1. nestleder Marie Sneve Martinussen under Rødts landsmøte i 2019

LANDSMØTE: Raudt-toppar som Marie Sneve Martinussen, Mimir Kristjansson og partisekretær Benedikte Pryneid Hansen er blant dei som har snudd i spørsmålet om å sende våpen til Ukraina. Raudt sitt standpunkt blir avgjort på landsmøtet i april.

Foto: Ola Vatn / NTB

Den siste veka har fleire Raudt-toppar snudd i spørsmålet om norsk våpenbistand til Ukraina.

Partiet har som det einaste i Stortinget sagt nei til å sende våpen til Ukraina og vil heller bidra med humanitær hjelp.

Det er dette som er Raudt sin vedtatte politikk før landsmøtet i april, samtidig som ulike meiningar i leiinga har kome tydeleg til syne.

Det heile skal bli avgjort på landsmøtet i april.

Rødt-leder Bjørnar Moxnes taler til partiets digitale landsmøte fra Quality Airport hotel Gardermoen.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes talar til det digitale landsmøtet i 2021. Han har sjølv vore ordknapp i debatten den siste veka av omsyn til partidemokratiet, skriv han i sitt eige innlegg på Facebook.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Opp til delegatar frå einskilde lokallag

Raudt-toppar som Marie Sneve Martinussen, Mimir Kristjansson og partisekretær Benedikte Pryneid Hansen er blant dei som har snudd i spørsmålet om å sende våpen til Ukraina.

Men avgjersla fell ikkje på dei. Spørsmålet skal bli drøfta av 215 delegatar frå dei einskilde lokallaga i partiet.

I 1972 splitta EF-kampen Venstre i to parti. No trur Raudt-topp at det same kan skje med Raudt i spørsmålet om våpenstøtte til Ukraina, skriv Klassekampen.

Dei har kartlagt at mens Oslo sender 23 delegatar og Akershus 17, vil det vere heile 28 frå Nordland på landsmøtet.

Årsaka er at Nordland er det fylkeslaget med aller flest lokallag.

Like stor betydning

Også Martine Aurdal, kommentator i Dagbladet, trur at Raudt vil skifte standpunkt på det komande landsmøtet.

Leiar for lokallaget Grane Raudt i Nordland, Marianne Kappfjell, er tydeleg på at ho støttar Raudt sin vedtatte politikk.

Marianne Kappfjell, leiar Raudt Grane

Marianne Kappfjell, leiar for lokallaget Grane Raudt som held til på Helgeland i Nordland.

Foto: privat

– Er einig i den linja som ligg i dag fram til noko anna er vedtatt. Men eg kan ikkje på eiga hand avgjere kva vi i Grane skal meine, det må vi gjere i fellesskap.

Med seg på laget har Kappfjell to andre medlem. Til saman har dei ein delegat og ei stemme på landsmøtet.

Det gir Grane Raudt like stor betydning som langt større lokallag i Oslo.

Lokallaget Alna har 158 medlem, og får også ein delegat. Det største lokallaget i partiet, Raudt gamle Oslo, har 600 medlem og to delegatar på landsmøtet.

Les også Færre fremmedfly i norsk luftrom – mener årsaken er krigen i Ukraina

Russisk fly høsten 2018

Arne Rolijordet i Raudt Alna i Oslo har sjølv skifta meining over tid, og er i dag tilhengar av våpenstøtte.

– Argumentet som gjorde at eg skifta meining var at Ukraina utan våpenhjelp vil bli knust av den russiske hæren. Det er rein imperialisme.

Vil finne ei ny ordning

Med sine tre medlem er Raudt Grane eit av dei minste som får ein delegat på landsmøtet. Saman med Raudt Røst som har fire og Raudt Meløy som har fem, får dei ein delegat kvar.

Årsaka til dette er dagens vedtekter i Raudt. Desse legg til grunn at kvart einaste partilag har rett til å vere representert på landsmøtet.

Rolijordet tar til orde for å endre desse vedtektene som blei gjort på eit tidspunkt der partiet hadde rundt 1.000 og 2.000 medlem.

– No har vi 14.000 og då blir dette heilt feil, seier Rolijordet.

Han vil kome fram til ei form for representantordning og ser behov for å avgrense talet delegatar, dersom landsmøtet skal vere mogleg å gjennomføre i praksis.

Les også Ukrainske Dariia og Veronika overrasker forskerne: – Når vi er på butikken smiler alle

 Ukrainerne Dariia Pletnova og Veronika Tsarfina (begge 19 år)

– Det vil vere riktig å halde fram med ei geografisk spreiing, men der ein premierer store medlemstal på ein heilt annan måte enn vedtektene gir rom for i dag, forklarar Rolijordet.

Alternativet, ifølge han, er eit landsmøte med mange delegatar der dei aller fleste ikkje vil kome til orde.

– Demokratisk

Kappfjell meiner derimot at mykje av sjela til Raudt forsvinn dersom laga med flest folk skal få fleire stemmer.

– Nokre tar til orde for at det er rart at lokallag med for eksempel 5 medlem har like mange delegat som eit anna lag på 158 medlem. Kva meiner du om det?

– Eg tenker det er relevant og vesentleg at alle er representert i utgangspunktet. Det er jo ein av dei tinga som gjer det attraktivt å vere med i Raudt, at ein har moglegheit til å bli høyrt uavhengig kor stort lokallag ein har.

– Vi har ein geografi som er slik den er, så eg synest det er demokratisk i praksis. Eg er ikkje einig i at det er dei som er flest som skal ha mest å seie, utdjupar Kappfjell.

Joakim Møllersen i Fredsinitiativet holder appell for de frammøtte fredsaktivistene foran Stortinget i Oslo.

Joakim Møllersen i Fredsinitiativet under det omdiskuterte fakkeltoget for fred i Ukraina, 2022.

Foto: Heiko Junge / NTB

Trur folk kan melde seg ut

Dersom vedtektene blir endra, trur lokallagsleiaren at fleire kan kome til å melde seg ut. Ifølge Kappfjell bør alle bli høyrt, også dei samfunna med låge befolkningstal.

– Dersom det skjer så forsvinn det nok ganske mange lokallag ut av Raudt, det er heilt sikkert. Då mistar dei si stemme og då er det ikkje poeng i å vere med lenger.

Ho er usikker på om spørsmålet om våpenstøtte vil ha same effekt.

– Det er i alle fall ikkje ei sak som kjem til å bikke mitt medlemskap. Men eg tenker at det er bra vi tar debatten, og den burde sjølvsagt blitt tatt tidlegare.

Arne Rolijordet trur derimot at spørsmålet blir avgjerande for nokre, og har sjølv kome fram til at han støttar våpenhjelp.

– Ser du på det som sannsynleg at folk melder seg ut av partiet dersom tilhengarar av å sende våpen vinn fram på landsmøtet?

– Ja, eg trur det er eit så vesentleg spørsmål for nokre at dei ikkje vil akseptere å leve med eit politisk tap i den samanhengen. Det er ille kan du seie, fordi Raudt er i ferd med å bli eit så stort parti at vi kjem til å oppleve å vere ueinige i ei lang rekke spørsmål.

Og det må dei lære seg å leve med, meiner han.

Begge meiningar representert

I Nordland har fleire profilerte politikarar, som Synne Bjørbøk og Geir Jørgensen, martkert seg som motstandarar av å sende våpen.

Styremedlem i Raudt i Nordland, Elisabeth Anethe Olsen, står sjølv på linja om å ikkje sende våpen til Ukraina.

Ho seier at spørsmålet ikkje er behandla i laga enno. Ho er opptatt av at det skal vere rom for å fremje ulike syn framover.

Elisabeth Anethe Olsen, nestleiar og styremedlem Raudt i Nordland.

Nestleiar i Raudt Nordland, Elisabeth Anethe Olsen.

Foto: Privat

For det er det også i Nordland, seier Olsen.

– I Nordland er begge meiningane representert. Og så er det ulike innfallsvinklar frå dei som vil bytte linje. Per no har vi ein vedtatt politikk som vi steller oss til, og så skal vi inn i eit landsmøte.

– Trur du medlem kan melde seg ut dersom tilhengarar av å sende våpen vinn fram på landsmøtet?

– Ja, eg er heilt sikker på at det er medlem og tillitsvalde i Nordland som kan kome til å melde seg ut dersom standpunktet endrar seg.