Hopp til innhold

Her kan dei sjå langt etter å få vaksinert lærarane

Medan Oslo vaksinerer frisk ungdom, held fleire distriktskommunar framleis på å vaksinere risikogruppene. Så kjem kravet frå regjeringa om å prioritere lærarane.

Kjøpsvik i Tysfjord.

Kjøpsvik i Narvik kommune måtte mellom anna avlyse 17. mai-markeringar i siste liten grunna eit utbrott av smitte i vår. Kommunen er enno ikkje ferdig med å vaksinere risikogruppene og helsepersonellet sitt.

Foto: Ingar Storfjell / Aftenposten

Denne veka fekk kommunane ein marsjordre frå kunnskapsminister Guri Melby (V): vaksinar tilsette ved skular, barnehagar og SFO. Etter dei er ferdige med risikogruppene og helsepersonell.

Denne prioriteringa kan vere ein luksus fleire distriktskommunar enno ikkje kan byrje tenkje på.

Narvik var ein av dei 330 kommunane som i mars måtte sende nokre av sine vaksinedosar til det sentrale Austlandet. Dei held framleis på med å vaksinere personar i risikogrupper.

Barnehagelærarar og tilsette ved skulane i slike kommunar kan enno ikkje dra nytte av gladmeldinga frå Melby.

– Alt handlar om tilgangen på vaksinen

– Vi held enno på å vaksinere dei i risikogruppene.

Sverre Håkon Evju er kommuneoverlege i Narvik kommune.

– So vi er uansett ikkje der at vi eigentleg tek stilling til det der.

Trass i at dei i dag har fullvaksinert 6000 innbyggjarar er dei ikkje nær der at dei kan byrje tenkje på lærarane.

– Alt handlar om kor mange vaksinar vi får tildelt, seier Evju.

kommuneoverlege narvik, sverre håkon evju

Kommuneoverlege Evju seier beskjeden om den nye prioriteringa kom som ei overrasking, men har forståing for at det går fort i svingane om dagen.

Foto: Frida Brembo / NRK

– Veldig dårleg timing

Kommuneoverlege Frode Berg i Rana reagerer på timinga for det nye vaksinekravet til kommunane.

– Å kome med dette idet vi skal starte å avvikle ferie er svært uheldig. Det betyr at vi må rokere om på planane våre og rigge oss for endringa. Først må desse personane kartleggjast, og deretter skal det sendast ut innkalling. Det betyr ekstra arbeid, seier Berg.

Kommuneoverlege Frode Berg, Rana

Kommuneoverlege Frode Berg i Rana trur kommunen skal klare å får gitt fyrste vaksinedose til tilsette i skule og barnehage før skolestart. 

Foto: Rana kommune

Kommunen vil tidlegast kome i gang med vaksineringa av denne gruppa i vekene 29, 30 og 31.

– Det er midt på sommaren. Då står det att å sjå om dei vil prioritere vaksinen eller ferie.

Å få denne gruppa fullvaksinert før skulestart er umogleg, seier kommuneoverlegen.

– Men å få sett første dose og dimed oppnå beskyttelse, meiner vi er gjennomførbart.

Trur omrokeringa er over

Overlege og seksjonsleiar hjå Folkehelseinstituttet, Are Stuwitz Berg, seier han forstår at omveltingar i vaksinekøane skapar meirarbeid for kommunar – også dei som ikkje kan gjere slik ei prioritering enno.

– Vi skjønar at det ikkje er eit optimalt tidspunkt. På den andre sida gjer det nokre fordelar å ha denne moglegheita utover sommaren, som kan sikre at born og unge får ein mest mogleg normal skulekvardag til hausten.

– Det er jo ei ganske stor skeivfordeling mellom kor mange dosar kommunar har. Nokre kommunar har jo måtta gje ifrå seg vaksinar, og dei held framleis på med å vaksinere risikogruppene. Dei vil jo ikkje kunne gje sine lærarar eit slikt tilbod?

Overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI)

Are Stuwitz Berg er overlege og seksjonsleiar hjå FHI.

Foto: Torstein Bøe

– Nei, dei kommunane som ikkje får sluttførast første dose til sine risikogrupper, vil ikkje kunne byrje å tilby vaksinar til lærarar og barnehagetilsette før dei er ferdige med det. So om det tek heile sommaren, so vil det vere slik det er.

– Kjem det til å kome fleire slike omprioriteringar?

– Nei, det håpar vi verkeleg ikkje. No har vel alle godt av at vi har mest mogleg stabilitet i det som vert gjort, seier Berg.

Overlegen seier pandemien er utfordrande på so mange måtar, og at vaksineprogrammet er krevjande og komplekst.

– Det er stadig omsyn og behov som må bli vurdert opp mot einannan, men målet er å skape mest mogleg støleik og minst mogleg endringar, seier Berg.

Trur på samarbeidet

Kommuneoverlegen i Narvik er oppteken av at ein må samarbeide, trass i at ein kan vere frustrert.

– Uansett står vi i lag om ting. Alle har eit felles ønske om å møte utfordringane på best mogleg måte, seier Evju.

Han er viss på at alle gjer so godt dei kan for å få vaksinert so mange som mogleg so raskt som mogleg.

– Vi vinn jo ikkje noko på å gå i strupen på kvarandre, for alle gjer sitt i beste meining. So bommar ein litt på skoen når ein trør den på seg innimellom, og slik er det berre. So må ein berre hjelpe å smette på hælen òg.

Narvik kommune

Narvik kommune er som alle andre oppmoda om å prioritere tilsette i barnehagar, skular og SFO. Om dei vil å gjere det, har dei ikkje hatt trong for å ta stilling til enno.

Foto: Elena Junie Paulsen / NRK