Ber kommunane prioritere tilsette i skule og barnehagar i vaksinekøen

Tilsette i skular og barnehagar skal no gå føre i vaksinekøen, slik at dei kan vere beskytta når sommarferien er over. Men Utdanningsforbundet er skuffa over at det er opp til kommunane å gjere prioriteringane.

Kunnskapsminister Guri Melby (V)

No er det dei tilsette i skular og barnehagar sin tur til å bli prioritert i vaksinekøen, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Gjennom pandemien har det vore eit mål å skjerme dei yngste i størst mogleg grad. Det har gjort at skular og barnehagar i stor grad har vore opne, regulert av eit trafikklyssystem som regulerer nivået av smitteverntiltak.

Men lærarar og tilsette i barnehagar og SFO har ikkje vore blant yrkesgruppene som har vore prioritert i vaksinekøen, trass i at dei har hatt mange nærkontaktar.

No endrar regjeringa på dette.

– Vi gir kommunane klar beskjed om å sikre at tilsette i barnehagar og skular er beskytta før vi startar opp igjen i august, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) til NRK.

Det er kommunane sjølv som må gjere prioriteringane, og kan omdisponere opp mot 10 prosent av vaksinedosane dei har fått tildelt for å få dette til.

– Det skal vere nok til at vi får vaksinert alle. Nokre er allereie vaksinert gjennom den ordinære vaksinekøen i kommunane, medan andre har fått vaksine fordi dei bur i ei kommune som har fått ekstra dosar på grunn av høgt smittetrykk, seier ho.

Vil ha grønt nivå til hausten

Det har lenge vore eit ønske frå lærarar og tilsette i barnehagane å bli prioritert. Dei meiner dei har stått i førstelinja, på lik linje med helsetilsette. Folkehelseinstituttet opna for å prioritere lærarar allereie i april. Men det er først no regjeringa vil opne for at det kan skje.

Barnehage har pyntet med regnbuetegning

Grunnen til at tilsette i skular og barnehagar blir prioritert no, er at det skal bli mogeleg å halde grønt nivå til hausten.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Les også: Regjeringen gir 250 millioner ekstra for tapt læring

Grunnen til at dette kjem no er at vaksineringa tek lenger tid enn regjeringa hadde rekna med.

– Vi trudde vi skulle klare å vaksinere alle vaksne i Noreg i løpet av sommaren. Det ser vi at vi ikkje klarer, og då er det viktig at vi klarer å endre strategien, seier Melby.

Ho ber kommunane finne løysingar som gjer at dei tilsette er beskytta når skular og barnehagar opnar igjen til hausten, og at dei tilsette takkar ja til tilbodet.

– Eg håper vi finn ei god løysing som gjer at ein både kan ta ferie og bli vaksinert. Det er ingen som pålegg deg å ta vaksinen. Dersom du ikkje vil gjere det på denne måten, men heller vente på din tur i køen, kan du gjere det.

Frå glede til usikkerheit

Meldinga om at tilsette i skular og barnehagar skulle opp og fram i køen, blei først teke godt imot av Utdanningsforbundet. Dei meinte dette ville gjere det tryggare å kome tilbake etter sommaren, og gi barn og unge eit meir stabilt tilbod.

Dette er ei sak dei har teke opp med styresmaktene fleire gongar, og har fått beskjed om at det ikkje er grunnlag for å prioritere. Dei var difor glade for at dette endeleg skulle skje.

Steffen Handal

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, meiner regjeringa ikkje bør overlate til kommunane å prioritere tilsette i skulen og barnehagar fram i vaksinekøen.

Foto: Line Tomter / NRK

Men då det blei klart at det er opp til kommunane å gjere prioriteringane, var dei ikkje like nøgde.

– Det er merkeleg at regjeringa seier at det er viktig at tilsette i skular og barnehagar er vaksinerte, samtidig som dei overlèt til kommunane å gjere prioriteringane. Vi har gått frå å glede oss til å bli meir usikre, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

No håper han at kommunane ser behovet for å unngå skular og barnehagar på gult og raudt nivå, og prioriterer lærarar og barnehagetilsette fram i køen.

– Det vil vere i alles interesse. Vi må få eit føreseieleg skuletilbod for barn og unge, og dei må få det tilbodet dei har krav på. Då må ein gjere noko med vaksinekøen, seier han.

Fagforbundet skuffa

Heller ikkje Fagforbundet, som organiserer dei tilsette i skular og barnehagar som ikkje er lærarar, er nøgde med vendinga dette har teke.

Mette Nord, Fagforbundet.

Leiar i Fagforbundet, Mette Nord, meiner regjeringa må ta grep for å sikre at alle tilsette i skular og barnehagar blir vaksinerte i sommar.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Leiar Mette Nord er glad for at regjeringa no tek på alvor smittesituasjonen dei tilsette står i. Samtidig reagerer ho på at dette har teke lang tid, og at det er opp til kommunane å gjere prioriteringane.

– Det kan ikkje vere slik at dette skal vere opp til kommunane å ta denne avgjerda. Skal dette ha eit fnugg av truverd må regjeringa bestemme at no vaksinerer vi alle som står i førstelinja, som kvar dag gir omsorg til barna våre, og som kvar dag framleis risikerer å bli smitta av korona, skriv ho ein e-post til NRK.

Les også: Mener politikere bør takke nei til å gå foran i vaksinekøen

22/6; Presisering: i den første versjonen av denne saka stod det i ingressen at dei tilsette skulle vere ferdig vaksinerte til over sommaren. Det korrekte er at dei skal vere beskytta. Det vil seie det har gått tre veker frå første dose.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.09.2021
4 660
Smittede siste 7 dager
122
Innlagte
841
Døde
4 063 186
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger