Hopp til innhold

Kommuneoverlege fortvilar over nye prioriteringar i vaksinekøen

Tilsette i skular og barnehagar får no hoppe fram i vaksinekøen. Det er ikkje dei som skal setje vaksinane heilt nøgd med.

Per Kristian Opheim foran den mobile teststasjonen i Tønsberg

Kommuneoverlege i Tønsberg, Per Kristian Opheim, meiner omrokeringa i vaksinekøen er eit utidig krav.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

Lærarar og tilsette i barnehagar skal no bli prioritert i vaksinekøen. Dei er den einaste yrkesgruppa utanom helsepersonell som har fått ei slik prioritering.

Men det er ikkje alle lærarar heilt fornøgd med.

Nyheita vert heller ikkje teken imot utelukkande positivt av dei som skal setje vaksinane.

Kai Brynjar Hagen

Smittevernoverlegen i Bodø trur ei omvelting i vaksineplanane no etter ferien har byrja kan gjere ting vanskeleg.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Vi må nok legge om planane. Vaksinering i sommarsesongen er allereie ei stor utfordring, då store delar av vaksineleveransane kjem midt i ferietida og det er vanskeleg å få tak i ekstra mannskap.

Kai Brynjar Hagen er smittevernoverlege i Bodø kommune.

Han fortel at folk ofte vert kalla inn til vaksinering på ti dagars varsel. Det kan vere utfordrande om folk er på ferie.

Det vert uansett arbeidskrevjande, seier Hagen.

– Utidig krav

Også i Sør-Noreg får nyheita ein lunken velkomst.

– Eg tykkjer det er ganske utidig at styresmaktene kjem med nye prioriteringar nett i det vi skal starte sommarferien, seier kommuneoverlege i Tønsberg Per Kristian Opheim.

– At vil skal gjere fleire prioriteringar og organiseringar inn på den siste innspurten kunne vi godt ha vore utan.

Opheim understrekar at det ikkje har noko med kven dei skal vaksinere. Det er at beskjeden kjem i starten av ferien, slik at dei no må rokere vaksineplanen igjen.

– Det kan vi truleg ikkje handtere, seier Opheim.

Per Kristian Opheim i vaksinehallen i Tønsberg

Kommuneoverlegen i vaksinehallen i Tønsberg i vår, før massevaksineringa tok til.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Melby stolar på kommunane

– Kor realistisk er det at ein klarar å gje vaksinen til lærarane i løpet av sommaren?

– Eg håpar jo at kommunane får til å gjennomføre det her på en slik måte at folk får til å planlegge ferie likevel, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

– Eg veit jo at kommunane også er i ein veldig krevjande situasjon, men det er jo heller ikkje sikkert at det er mange lærarar og tilsette som står att i alle kommunar. Difor er det også riktig å overlate det her til kommunane.

– Det var kommunane som tok seg av vaksineringa av helsepersonell, og då meiner vi det er riktig at det også er kommunane som tek seg av dei tilsette i barnehagar og skular, seier Melby.

Guri Melby

– No løftar vi opp tilsette i skular, barnehagar og SFO. Det er ingen andre yrkesgrupper som vert prioritert på den her måten. Det er fordi vi meiner dei har behov for det før vi startar opp eit nytt skoleår, seier Melby.

Foto: Berit Roald

Usikker om dei har kapasiteten

– Det kjem til å bli ganske tøft, seier Opheim.

Dei veit enno ikkje korleis dei i praksis skal løyse deira nye oppdrag. Han seier dei skal klare å gjennomføre sjølve vaksineringa, men at det å prioritere og få kabalen til å gå opp vert ein kjempejobb.

– Har de folk til det?

– Per i dag har vi ikkje det, svarar kommuneoverlegen.

– Kva gjer de då?

– Det vert ei utfordring.

En vaksinatør i Bodø kommune trekker opp en dose vaksine tirsdag 2. februar.

Sjølve vaksineringa er ikkje det som er arbeidskrevjande. Det er planlegging og å få kabalen til å gå opp som no vert utfordringa, meiner kommuneoverlegane.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK