Hopp til innhold

Smitteutbrotet i Saltdal: Trur fullvaksinerte kan ha spreidd korona

I kommunen er ein redd ferdig vaksinerte kan ha bidrege til spreiing av korona. – Vi ikkje veit heilt kor smittsame dei kan vere, seier FHI.

Bioingeniør i smittevernutstyr ved teststasjonen i Saltdal

Bioingeniørane ved teststasjonen i Rognan har måndag testa fleire fullvaksinerte personar etter smitteutbrottet i kommunen.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

Gjenopninga i Noreg går stadig framover og det same gjer vaksineringa.

Men i Saltdal i Nordland har dei fått kjenne på kroppen at vaksinar ikkje betyr at ein er heilt trygg.

I helga vart eit nytt smitteutbrot oppdaga, kor fleire av dei sjuke er fullvaksinerte. Ein av dei er lagt inn på sjukehus.

Stille i sentrum av Rognan

Rognan sentrum er roleg, men på teststasjonen var det måndag ettermiddag eit jamt sig av dei som kom for å teste seg.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

– Vaksinen har hatt effekt

– Vi veit eigentleg ikkje kvar smitta kjem frå.

Kjell Gunnar Skodvin er kommuneoverlege i Saltdal. Kommunen har no 14 smitta ved både ein omsorgsbustad for eldre, dei tilsette og pårørande, samt ein skule.

Måndag kveld innførte kommunen tilrådingar strengare enn dei nasjonale tiltaka i eit forsøk på å få bukt med utbrottet.

– Veit de om fullvaksinerte kan smitte vidare?

Kjell Gunnar Skodvin

Skodvin seier dei held på med smittesporing, men ikkje er sikre på kvar det kan ha byrja. Han oppmodar folk i kommunen og eventuelle besøkande om å teste seg om ein har symptom.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

– Det kan vi vel ikkje svare heilt på... Vi har vel eigentleg grunn til å tru at fullvaksinerte kan smitte vidare, men det er vanskeleg å måle.

– Men for oss ser det, i augneblinken, ut til det ja, seier Skodvin.

Kommuneoverlegen er likevel klår på at vaksineringa kommunen har fått gjennomført har bremsa situasjonen.

– Vi trur vi ser ein effekt av vaksinen ved at dei smitta får eit mildare sjukdomsgang enn dei elles ville fått.

– Om denne smitta hadde kome for eit år sidan, då ingen var vaksinert, reknar eg med at forløpet hadde blitt atskilleg meir alvorleg enn det ser ut til å bli denne gongen, seier Skodvin.

Testar seg trass vaksine og ingen symptom

– Det er veldig, veldig synd, rett og slett.

Marita Einvoll Nikolaisen tykkjer det er trist med smitteutbrottet som blussa opp i kommunen.

Sjølv er ho er fullvaksinert og har ingen symptom, men står framleis i kø for å få testa seg.

Ho har likevel trua på at den vesle nordlandskommunen vil kome seg raskt att, so sant dei får kontroll på smitteutbrottet.

– Eg tenkjer vi står han av, seier Nikolaisen.

Marita Einvoll Nikolaisen

Marita Einvoll Nikolaisen arbeidar i helsevesenet, og eit familiemedlem testa positivt for korona i helga. Difor må ho få ein hurtigtest på plass.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

Veit ikkje kor smittsame vaksinerte er

– Vanlegvis vert ikkje fullvaksinerte smitta, desse vaksinane beskyttar veldig godt, forsikrar smitteverndirektør i FHI, Geir Bukholm.

Men det skjer altso. Ved fleire høve har fullvaksinerte blitt både smitta og sjuke – som no i Saltdal.

Det er oftast dei litt eldre og dei som av ulike grunnar kan ha svak respons på vaksinen som trass to sprøytestikk vert sjuke av covid-19, meiner Bukholm.

– I dei alle fleste tilfella vert dei ikkje alvorleg sjuke. Det hender at folk har ein underliggande sjukdom som gjer at ein mild infeksjon på toppen av den kan føre til at ein vert lagt inn på sjukehus.

– Vi trur nok det er slik at dei har mindre virus i seg enn dei som er vaksinerte, slik at dei skil ut færre virus og dimed er mindre smittsame, seier Bukholm.

Geir Bukholm, FHI

Geir Bukholm seier FHI har teke med i sine prognosar at fullvaksinerte kan smitte ande. Han trur ikkje desse kjem til å vere drivande bak noko betydeleg smitte i samfunnet.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Kan fullvaksinerte bli smittespreiarar?

– I Saltdal trur dei at dei fullvaksinerte kan ha vore eit ledd i utbrottet. Kor smittsame kan fullvaksinerte vere?

– Nei, vi veit ikkje so mykje om det, svarar Bukholm.

– Men vi veit at i forhold til om dei ikkje hadde vore vaksinerte, skil dei ut veldig mykje mindre virus. Soleis er smitta mykje lågare frå dei som er fullvaksinerte.

Bukholm seier FHI veit at sjansen for at dei ferdig vaksinerte vert alvorleg sjuke er låg. Dei kan likevel vere asymptomatiske berarar av viruset, altso at dei ikkje føler seg sjuke, men framleis kan smitte andre.

– Er de uroa for at fullvaksinerte kan bli smittespreiarar, at dei reiser friare og kanskje ikkje testar seg like ofte som andre grupper?

– Nei, vi trur ikkje det.

– Det er ein faktor vi har rekna inn i våre kalkylar, men vi tenkjer at dette representerer ein sopass liten risiko, at det neppe vert drivande for smitte i samfunnet, seier Bukholm.