Hopp til innhold

Vil ha Noregs mest kjente tidevasstraum på Unescos verdsarvliste

Lokale næringsdrivande stretar imot, men Miljøpartiet Dei Grøne meiner at ein plass på Unescos verdsarvliste Saltstraumen er det som kan berge dyrelivet.

Saltstraumen minutt for minutt

MDG, Arbeidarpartiet, Rødt og SV i Bodø ønskjer å sjekke ut om Saltstraumen kan vere ein kandidat til Unescos verdsarvliste.

Foto: Vebjørn Karlsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Saltstraumen i Bodø er ein av verdas sterkaste tidvasstraumar.

Han er så spektakulær at turistane strøymer til store delar av året.

Då leiger nokon av dei hytte, båt og fiskeutstyr ved Saltstraumen Brygge.

– Vi har fulle hus med mykje båtar ute og fiskarar som kjem frå heile verda, seier dagleg leiar Bjørn-Tore Zahl.

Han meiner at bedrifta er i fare dersom forslaget om å søke om verdsarvstatus går igjennom.

Men Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje einige. Dei meiner ein status som verdsarvstad vil vere viktig for å redde livet i straumen.

Død måke i Saltstraumen utenfor Bodø

Fiskekrokar og fiskesnøre er ein dødsfelle for mange dyr i og rundt Saltstraumen. Dette har fleire gongar blitt dokumentert av dykkarar.

Foto: Vebjørn Karlsen /

Åtte stader i Noreg har i dag verdsarvstatus.

No vil MDG sjå om det er mogleg å få Saltstraumen inn på same liste som den kinesiske mur og pyramidane i Egypt.

Meiner verdsarvstatus gir mindre forsøpling

– Dette er unikt og fantastisk. Vi må sørge for at Saltstraumen får merksemda han treng. Då meiner vi det er riktig å setje han på verdsarvlista, seier partileiar i MDG, Arild Hermstad.

Han meiner at statusen kan sørge for mindre forsøpling og at artane i straumen blir tatt betre vare på.

Arild Hermstad, leder i Miljøpartiet de grønne, smiler mot kamer. Han har grått hår og blå øyne, og har på seg svart jakke og svart skjerf. I bakgrunnen synes brua over Saltstraumen.

– Vi veit at vi må forvalte og ta vare på steinbiten og andre artar her på ein meir berekraftig måte, seier partileiar i MDG, Arild Hermstad.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Politiske krefter i Bodø ønskjer også å greie ut området som kandidat for lista. MDG, Arbeidarpartiet, Rødt og SV har i eit felles forslag bede kommunedirektør Kjell Hugvik om å greie ut dette.

– Har du forståing for at lokalt næringsliv syns dette er problematisk?

– Eg har forståing for lokalt næringsliv. Eg trur vi må ha dialog. Eg trur også at vi kan finne felles interesser i korleis vi forvaltar det slik at det kan vare evig og ikkje utnyttar resursgrunnlaget for mykje, seier Hermstad.

Les også Møtt av tonnevis med sluker og milevis med snører: – Verre enn noen gang

Forsøpling i Saltstraumen

– Går ut over samfunnet

Men det er ikkje berre i Saltstraumen verdsarvstatusen er ei kime til konflikt.

Som førebels einaste stad i Nordland, har Vegaøyan sidan 2004 stått på lista. Og like lenge har det vore konflikt mellom politikarar og innbyggjarar.

Konflikten toppa seg då Unesco prøvde å stoppe verdas største oppdrettsselskap, Mowi, si etablering inne i verdsarvområdet.

– Om du avgrensar næringsverksemd går det utover samfunnet. Då vil folk flytte her ifrå. Eg ser ingen positive ting med å stå på den lista, seier dagleg leiar Bjørn-Tore Zahl ved Saltstraumen brygge.

I 2013 vart Saltstraumen eit maritimt verneområde, og Zahl meiner det er nok.

– Vi treng ikkje ein verdsarvstatus for at vi skal klare å ta vare på det som er levebrødet vårt, seier han.

Det Zahl fryktar er at ein verdsarvstatus skal gjere at Saltstraumen skal bli eit friluftsmuseum kor ein ikkje kan drive næring.

– I verste fall vil vi ikkje kunne drive med fisketurisme. Vi ønsker vekst. Fleire tilflyttarar, slik at skolen og butikken i bygda skal bestå.

Bjørn Tore Zahl, daglig leder i saltstraumen brygge har blå genser og kort brunt hår. Han har brune øyne og ser opp og til venstre. I bakgrunnen synes utstyr for turister som besøker Saltstraumen.

– Vi har ein veldig sjølvdisiplin med dette på vern. Vi viser turistane som kjem korleis dei skal ta vare på ting, at dei ikkje skal forsøple og ta vare på fisk, seier Bjørn Tore Zahl, dagleg leder i Saltstraumen brygge.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Ifølge seniorrådgjevar Ole Søe Eriksen i Riksantikvaren er ulempa med ein verdsarvstatus at den skal takast vare på med eit perspektiv for all framtid.

Ein plass på lista tydar at Noreg, samt lokale og regionale myndigheiter må gjere tydelege verdival for areal- og ressursbruk, som også gjeld i framtida. Det er viktig å ikkje øydelegge natur- og kulturverdiane,

Fleire tonn med avfall

Fleire tonn med utstyr ligg at i Saltstraumen etter at turistar og sportsfiskarar har vore på besøk.

Mykje av dette blir plukka opp av dykkarar, men heller ikkje dei har trua på at ein verdsarvstatus vil gjere ting betre.

Les også Sa han angret på verdensarvstatus og truet med folkeavstemning – nå har ordføreren snudd

Vega-ordfører Andre Møller, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og Norges riksantikvar, Hanna Geiran på Vega om verdensarvstatus.

– I og med at det no er vernesone her, så får vi freda steinbiten, men det er ikkje sikkert at det blir bra med freding av all annan fisk, seier Jan Gunnar Berg, dykkar i Bodø dykkarklubb.

Dei har rydda i Saltstraumen sidan 2005.

– Vi veit at det fiskast alt for mykje i Saltstraumen, så noko avgrensingar bør vi ha.

Jan Gunnar Berg fra Bodø sportsdykkerklubb, har på seg grå og svart kjeledress, svart hatt og røde solbriller. Han står foran et lite hvitt hus og smiler til kamera.

Jan Gunnar Berg frå Bodø sportsdykkarklubb, meiner det blir fiska for mykje i Saltstraumen. Mykje av fiskereiskapane blir dødsfellar for dyra i havet.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Riksantikvaren: – Heng svært høgt

Men det er ikkje berre enkelt å få status som verdsarv, sjølv om politikarane i Bodø bestemmer seg for å greie ut.

– Offisiell norsk politikk er svært restriktiv med å nominere nye område til verdsarvlista, fortel seniorrådgjevar Eriksen hos Riksantikvaren.

Dykker etter søppel i Saltstraumen

Status som verdsarv det høgste internasjonale kvalitetsstempel eit område kan få, ifølge Eriksen i Riksantikvaren. Dette inneber eit krav om å sikre verdsarvplassane på beste vis for ettertida.

Foto: Vebjørn Karlsen

I Noreg vektlegg ein heller å sikre verdsarv vi allereie har enn å legge til nye område på lista.

I tillegg er det ein lang prosess å kome på lista.

– Det heng svært høgt, og alle kriteria til Unesco må vere oppfylt. Området skal vere det beste døme i verda innanfor eit kultur- eller naturfagleg tema, seier Eriksen.

NRK forklarer

Korleis kjem ein inn i UNESCO si verdsarv­liste?

Korleis kjem ein inn i UNESCO si verdsarv­liste?

Må treffe verdiar

Det er ein lang prosess å kome på lista.

Først må ein skaffe eit kunnskapsgrunnlag og ei vurdering av korleis området treff på dei felles verdiane som Unescos verdsarvkomité har fastsett.

Korleis kjem ein inn i UNESCO si verdsarv­liste?

Tentativ liste for kvart land

Ifølge verdsarvkonvensjonen skal kvart land lage ei liste med plassar som landet vurderer har verdsarvverdi. Denne forslagslista er kalla tentativ liste.

I Noreg er det er Klima- og miljødepartementet (KLD) som avgjer om og når landets tentative liste skal bli revidert.

Korleis kjem ein inn i UNESCO si verdsarv­liste?

UNESCO har uansett siste ord

Ikkje alt på tentativ liste vert nominert, men det er første steg på vegen til ei nominasjon.

Ekspertar frå heile verda evaluerer dei forslaga som eit land fremjar. Til slutt er det verdsarvkomiteen i Unesco som tek stilling til om noko skal skrivast inn på lista.

Japan ventar på Bodø

Håkon Møller, leier av MDG i Bodø, seier dei store diskusjonane om vern kontra vekst, blei tatt allereie før 2013, då straumen fekk status som marint verneområde.

Saltstraumen

33 kilometer utafor Bodø sentrum ligg Saltstraumen – ein av verdas sterkaste tidevasstraum. Sundet er 2,2 kilometer langt.

Foto: Dina Storvik / NRK

– Kvifor er det då så viktig å få straumen inn på Unescos verdsarvliste?

– Vi har eit ansvar som verdskommune for dette fantastiske naturområdet, å sørge for at verdiane blir tatt vidare til komande generasjonar, seier han.

Håkon Møller, MDG

– Verdsarvstatus vil vere eit godt kvalitetsstempel for Saltstraumen som destinasjon, seier leiar for Bodø MDG, Håkon Møller.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad

Møller trur dette vil vere eit godt pilotprosjekt som viser kva utvikling innanfor rammene for natur og miljø faktisk inneber.

Men det er ikkje berre politiske parti i Bodø som ønsker seg dette. Det gjer òg japanarane.

Flere ribb-båter ligger ved en flytebrygge. I bakgrunnen synes brua over saltstraumen

Saltstraumen er ein ynda fiskestad. Hit kjem det årleg meir enn 25.000 turistar for å fiske.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Dei lærde stridast nemleg om kva som er verdas sterkaste tidevasstraum.

I Noreg peikar vi på Saltstraumen, men i Japan og i Skotland har dei eigne straumar dei meiner er sterkast.

– Dei ønsker samarbeid om eit felles initiativ til å bli sett på verdsarvlista, fortel Møller.

– Det tenkjer eg vi skal takke og bukke for, og seie ja til å samarbeide om.

Les også Verdensarvstatus har seksdoblet besøkstallet

Lånan/Vega/Nordland På dunværet, Lånan, har Ærfuglbestanden tatt seg opp og det er flere hekkinger enn før. Det betyr mer dun for de dunsankerne. Foto: Øyvind Nordahl Næss/VG

Les også Her kjempar «superpappaen» ein desperat kamp mot algane

Rognkall dekket av lurv i Saltstraumen