Hopp til innhold

Her kjempar «superpappaen» ein desperat kamp mot algane

Det kan sjå ut som at fisken har fått ein stilig sveis, men det bekymrar forskarane. Det er eit bilde på utviklinga langs heile norskekysten.

Rognkall dekket av lurv i Saltstraumen

DEKT AV LURV: Dykkarar har følgt med på fisken rognkall sin kamp mot trådalgen Lurv. Fisken vakta nemleg fleire tusen fiskeegg.

Foto: Vebjorn Karlsen / privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den runde, klumpete fisken med namnet rognkall jobbar for livet.

Han har ansvar for egga til meir enn sju hofisk, kalla rognkjeks.

Dei er alle dekte av ein trådforma alge kalla lurv, like før dei skal klekke.

Det marine verneområdet Saltstraumen er ikkje åleine med å bli invadert av algen.

Forskarar og dykkarar er bekymra for dyre- og plantelivet langs heile norskekysten.

Les også Slår alarm: alge dreper livet i Oslofjorden

Ålegress som angrepet av trådalgen lurv.

Aldri sett sånn ut før

Lurv er eit problem langs heile kysten og har skapt store problem i Oslofjorden.

Algen er ein indikator på stader som er gjødsla for mykje av kloakk, landbruksforureining, fiskeoppdrett og liknande.

Borghild Johanne Viem driv dykkesenteret Nord & Ne saman med Fredric Ihrse.

Dei guidar turistar og er godt kjent i det som vert rekna som verdas sterkaste tidevatnstraum; Saltstraumen.

Borghild Johanne Viem

Borghild Johanne Viem frå Nord & Ne seier at dei ikkje har noko statistikk på om det er færre av fisken i Saltstraumen. Men dei har berre sett om lag tre rognkall i år. Vanlegvis ser dei fleire.

Foto: Privat

– Livet der nede er heilt unikt. Det er mangfaldig og på langt nær kartlagt, seier ho.

Men no står mangfaldet i fare for å bli angripe av lurv.

Det kan bety slutten for ein rekke plantar og dyr på havbotnen.

– Tanken på å kvele det med fiskeslukar, søppel og lurv er kjempetragisk.

Lurv i Saltstraumen

Lurven legg seg som eit lag over tareskog, ålegrasseng og tangsamfunn. Det gjer yngleområdet, eller barnerommet, til mange fisketypar ulevelege.

Foto: AABippe Havik /

I alt finst det fem sterke tidevatnstraumar i verda. Av dei er det berre to ein kan sjå og oppleve frå land. Dei ligg i Noreg og Japan.

Berre ein av dei blir det dykka i: I Saltstraumen.

– Noreg tek ikkje ansvar. Det finst ikkje tilsvarande stadar i verda.

Les også Møtt av tonnevis med sluker og milevis med snører: – Verre enn noen gang

Forsøpling i Saltstraumen

Viem har snorkla og dykka i Saltstraumen i fleire år. Aldri før har ho sett straumen så full av lurv.

Difor bestemte ho seg for å følgje med på rognkallen.

Rognkall i Saltstraumen er heilt dekt av trådalgen lurv.

Rognkallen dykkarane følgde med på i Saltstraumen var heilt dekt av lurv. Han nytta all tid til å blåse vekk trådalgen frå fleire hundre tusen egg som han vakta.

Rognkallen er ein slags super-pappa. Han vaktar fleire hundre tusen egg til ulike rognkjeks.

Ville han klare å redda framtidas rognkjeks frå algen?

Truar livet under vatn

Rognkjeks blir brukt i oppdrettsnæringa til å plukke lus frå laksen, men han får pent lite tilbake.

Forskar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA),Eli Rinde, trur nemleg at utsleppa frå lakseoppdrettsnæringa kan vere del av problemet.

Forsker Eli Rinde

Forskar Eli Rinde, frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) er bekymra for at lurven øydelegg fleire unike naturtypar langs norskekysten.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Ifølgje ein rapport som er utarbeidd av NIVA, har det skjedd ein kraftig auke i utslepp av næringssalt frå lakseoppdrett sidan 1990.

– Vi har observert at det er fleire teikn til lurv langs heile kysten. Det kan kanskje vere knytt til at vi har auka utslepp av næringssalt frå oppdrett.

Lurv i Saltstraumen

Rinde i NIVA seier ålegraseng, tareskog og tangsamfunn no er lurva ned: – Om dei blir nedlurva kan det bety at vi mistar disse naturtypane.

Foto: Vebjørn Karlsen / privat

Ho legg til:

– Samstundes har det blitt varmare i havet. Det forsterkar førekomsten av lurv.

Saltstraumen er eit marint verneområde. Blir det godt nok verna?

– Nei, det verkar ikkje sånn. Det er ingen restriksjonar for fisking og ingen reising av kloakk i Saltstraumen.

Ho peiker på at mykje blyslukar og fiskesenar heng fast i sjøbotnen. Det skadar fisk og dyreliv.

– Det er klart at det ikkje blir tatt vare på slik det burde.

LES OGSÅ:

Statsforvaltaren

Fylkesmiljøvernsjef Oddlaug Ellen Knutsen, i klima- og miljøavdelinga hos Statsforvaltaren i Nordland seier at det er god grunn til å følge nøye med på stader der det er mykje lurv.

Oddlaug Ellen Knutsen

Oddlaug Ellen Knutsen i Statsforvaltaren i Nordland seier peiker på at dei ikkje har fått beskjed frå NIVA om at det marine vernet av straumen er for dårleg

Foto: Wigdis Korsvik / Statsforvalteren i Nordland

– Men Saltstraumen er på grunn av sin sterke straum ein av dei siste stadene der dette vil bli eit problem, seier fylkesmiljøvernsjefen.

Ho meiner vernet er i tråd med politiske føringar:

– I lys av desse føringane fungerer vernet som det skal, seier Knutsen.

Trenger meir kunnskap

Caroline Durif er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Ho fortel at rognkjeks og rognkall er ein mystisk fisk for forskarane.

– Vi veit veldig lite om vill rognkjeks, reproduksjon og gytestrategi, seier ho.

Åleforsker Caroline Durif, Havforskningsinstituttet

Caroline Durif, forskar ved Havforskingsinstituttet seier at det er mykje rognkjeks i Barentshavet, men at dei veit mindre om korleis bestanden ser ut i Norskehavet.

Foto: Stian Sørum Røkenes / Stian Sørum Røkenes

Årsaka er at fisken ikkje er populær å ete. Difor er det ikkje lett å få pengar til å forske på fisken heller.

Men forskarane veit noko.

Fisken et både plankton og maneter, og er difor svært viktig for å unngå manetoppblomstring.

Rognkall i normale omgivelser i Saltstraumen uten lurv

Rognkjeks blir fiska for rogn, men marknaden blir om lag metta av islandsk fiske, fortel Durif. – Det er ein avgrensa marknad, difor er det litt mindre interesse i Noreg.

Foto: Vebjørn Karlsen / privat

Rognkjeksen blir berre om lag fem år gamal. Forskarane er usikre på kor mange gongar fisken gytar i løpet av sitt korte liv, men det ser ut til at nokon av dei berre gytar ein gong.

Det kan vere ein fordel for fisken.

Sidan han ikkje lever så lenge, og reproduserer seg ofte, endrar han seg raskt etter omgjevnadane sine.

Rognkall dekket av lurv i Saltstraumen

Caroline Durif frå Havforskingsinstituttet seier at forskarane per no ikkje meiner rognkjeks eller rognkall er trua.

Foto: Vebjorn Karlsen / privat

– Eg jobbar også med ål, dei kan bli 25 år. Det tar lang tid før ål kjem tilbake, men med rognkjeks endrar ting seg fort.

Egg blei yngel, mot alle odds

Først var egga som rognkallen passa på for dei sju rognkjeksa berre delvis dekt av den gråbrune algen.

Etter noko veker var det mykje verre.

Eggene til fisken rognkjeks dekket av lurv
Rognkall med egg uten lurv

Slik pleier egga som rognkjeksen voktar kvart år sjå ut. Men i år var egga dekt med eit tjukt lag med lurv.

– Egga blei meir og meir gjengrodd. Vi var spent på om han ville få dei fram i det heile, seier dykkar Viem.

Men ein dag då dykkarane dykka ned for å sjå korleis det sto til med rognkallen, var han borte.

Men egga var der. Og dei var i ferd med å klekke.

Rogkjeksyngel

Når rognkjeksyngelen klekker er det kanskje eit lurveleven, men dei er i alle fall ikkje dekte av lurv lenger.

Foto: Vebjørn Karlsen / privat

Då oppdaga Viem ein heil masse små fnugg rundt dei. Dei var omringa av bitte små rognkjeks.

Han hadde ein kjempejobb, sidan egga blei meir og meir nedgrodd. Men han klarte det. Egga klekte.

Viem heldt fram å dykke ned for å sjå korleis det sto til med rognkjeksyngelen.

– I sommar har vi sett ein del rognkjeks-ungar i tareskogen. Dei er her, det er tydeleg.

Les også BBC med unike undervannsbilder fra Saltstraumen

Bilder fra Saltstraumen i den nye BBC-serien Perfect Planet.

Les også Havnet på sykehus etter dykk i Saltstraumen – nå kommer kravet om fiskeforbud

Dykker Fredric Ihrsen samler inn kroker og fiskeliner under vann.

Les også Store mengder veigrus havnet i fredet område: – Millioner av små skapninger er begravd

Bilder fra Saltstraumen marine verneområde, grus i havet.