Hopp til innhold

Handlingsplan for sjøfugl har mangla i åtte år – samstundes vil regjeringa ha meir næring til havs

Stadig fleire sjøfugl hamnar på raudlista. Men den lenge etterlengta handlingsplanen kjem ikkje. Raudt meiner politikarane somlar med vilje.

En sjøfugl av arten lunde med så mye olje i fjærdrakta at den ikke kan fly

Over 200 sjøfugl blei ramma av oljesøl i Nord-Noreg i førre veke. Stortingsrepresentant i Raudt, Geir Jørgensen, meiner tilfelle som dette er konsekvensar av den forsinka handlingsplanen.

Foto: Knut-Sverre Horn

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,14 °C
Les mer  om klima

Tidlegare har NRK fortalt at sjøfuglbestandane er i ein dramatisk nedgang.

Det har fått fleire til å bruke utestemma.

Planen for korleis fuglane skal bli redda blei nemleg bestilt allereie for åtte år sida, i 2016.

I førre veke blei hundrevis av sjøfugl ramma av oljesøl i Nord-Noreg. Mange av dei har ein sikker død i vente.

Stortingsrepresentant Geir Jørgensen i Raudt meiner dette er ein konsekvens av at handlingsplanen enno ikkje har kome.

Lomvi sølt til med olje, Hornøya i Vardø

Denne lomvien blei sølt til med olje på Hornøya i Vardø. Oljen er bunkersolje frå eit fartøy. Kystverket har likevel ingen mistenkte enno.

Foto: Knut-Sverre Horn

– Vi ser at ein prøvar å legge seg på eit hurtigspor med havvindutbygging, gruvedrift til havs og ei mengde tiltak som kan vere skadeleg for sjøfugl.

Klima- og miljødepartementet lover at dei skal få ferdig ein handlingsplan i år.

Dei må berre få nok kunnskap først.

Les også Tok på seg masker for å redde truet sjøfugl

Ei jente med rødt hår og hette med pels har på seg en maske av ærfugl.

– Må koste å redde verda

Martin Eggen, naturvernrådgivar i fugleorganisasjonen BirdLife, fortel at det ser bekmørkt ut for sjøfuglen no. Tala talar for seg sjølv:

  • Globalt har 70 prosent forsvunne på 50 år.
  • I norske fuglefjell er det tilbakegang på 80 prosent på 50 år.
  • Over 63 prosent av norske sjøfugl er på raudlista.

– No er gråmåke og fiskemåke, som eigentleg er vanlege artar som har vore talrike, trua artar, seier Eggen.

Fugleekspertane har varsla dette lenge. Allereie for 10 år sida varsla dei at det «brann på dass» for sjøfuglen.

– Ein føler seg makteslaus. Det er så mykje planar som gjer ting verre og legg press på naturmangfald, men det er veldig lite beskyttande tiltak.

Martin Eggen, Naturvernrådgiver i Norsk Ornitologisk Forening

– Situasjonen har blitt ganske mykje verre sidan vi først varsla. Men ting kan alltid snu. Både naturlege svingingar og menneskeskapte endringar, seier Martin Eggen, naturvernrådgivar i BirdLife.

Foto: PRIVAT

Likevel lever Eggen og Bird Life i håpet. Dei trur det er mogleg å redde sjøfuglen. Men ikkje utan at det får konsekvensar for menneske.

– Vi har store forhåpningar for eit breitt spekter av grep. Ikkje berre i nokre få område som ikkje får konsekvensar for menneska sin utfolding, seier Eggen og legg til:

– Det må koste litt om ein skal redde veda.

Les også Vil hjelpe utryddingstruga sjøfugl med å bygge eigne hotell

Krykkjehotell på Røst med flere krykkjer i foran havna på Røst.

KLD: – Ei kompleks oppgåve

Men ifølge regjeringa er ventetida snart over.

Statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei framleis har som plan å ferdigstille handlingsplanen for sjøfugl i 2024.

– Kva tenker de det seier om den politiske vilja når det tar så lang tid før de får ferdig ein handlingsplan?

Ærfuglunge fra Vegaøyan. Foto: Guri Dahl

BirdLife Norge fortel at det er over 50 sjøfugleartar som skal takast i vare i Noreg. Dei har ulike forvaltningsutfordringar. Ærfuglar på Vega er til dømes raudlista. Her er mink ein stor trussel.

Foto: Guri Dahl

God nok kunnskap til å forme ein best mogleg handlingsplan har vore viktigare enn å forsere arbeidet med handlingsplanen, skriv Bjørnstad.

– Kva er grunnen til at det tar så lang tid?

Sjøfuglane består av mange forskjellige artar som blir utset for mange ulike påverknadar, seier Bjørnstad.

Det er ein kompleks oppgåve å lage éin handlingsplan for alle desse ulike artane, og det har tatt tid å kome fram til eit godt kunnskapsgrunnlag.

Transocean Enabler

Bjørnstad seier dei allereie har lagt inn betre vern for sjøfuglane i forvaltningsplanen for havområda som regjeringa la fram i april. Mellom anna er det ikkje lov til å leitebore i sentrale deler av Barentshavet i perioden 1. oktober til 1. januar for å verne matfatet til sjøfuglar.

Foto: Allan Klo / NRK

Men ting har tatt tid. I 2017 fekk Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til handlingsplan. Dei skulle levere forslaget «innan sommaren 2019». Det var ikkje klart før i 2020.

Så blei forslaget forkasta.

– Kvifor blei utkastet forkasta?

– Departementet har undervegs i arbeidet sett at det er behov for å spisse kunnskapsgrunnlaget ytterlegare for å kunne gi best moglege grunnlag for å prioritere tiltak, skriv Bjørnstad.

– Vårt mål er at planen skal vere eit viktig bidrag i arbeidet med å snu den negative utviklinga for sjøfuglane.

Marit Sletteng, fra Vega

– Sjøfugl er en del av Norge, spesielt langs kysten. De har vi lyst å ta vare på. Nå er de i ferd med å forsvinne, og vi må gjøre det vi kan for å få dem tilbake. Det kan vi gjøre ved å ta vare på naturen, sier Marit Sleteng (14).

Mia Didrikke Rautila har rødbrunt, langt hår og svart ytterjakke. På hodet har hun en maske av en fugl. I bakgrunn synes litt av havna i Bodø og ferga til Lofoten.

– For oss som bor på Vega er ærfuglen viktig. Blir den borte mister vi kulturen vår. Vi unge vil ta vare på det som de før oss har bygd opp, sier Mia Didrikke Rautila (14).

Morten Jenssen har svart hettegenser og lyst hår. På hodet har han en fuglemaske. I bakgrunn synes litt av innseilinga til Bodø.

– Det er fint å kunne kjempe for noe som er viktig. Jeg håper dette kan være en start for en ny type demonstrasjoner, sier Morten Jenssen (14).

BirdLife Norge blei overraska då utkastet til handlingsplanen blei forkasta i 2020.

Dei hadde tru på at forslaget var bra og hadde sjølv kome med forslag som å stanse nedbygging av fjæreområde og delta og gjere meir for å få ned antal mink.

– Det er mykje store ord om at vi skal få igjen tapte arter og snu ein negativ trend. Jo lenger ein ventar, jo vanskelegare blir snuoperasjonen, seier Eggen.

Les også Sjøfuglen forsvinn frå Lofoten – havtemperaturen får skulda

Om krykkja står i reiret er det fordi ho ikkje har lagt egg i år. Det vart fleire ståande krykkje.

Kan vere ein indikator på miljøtilstanden

Også nokon politiske stemmer begynner å bli utolmodige. Dei meiner det ikkje kan ta så lang tid å innhente naudsynt informasjon.

I april stilte stortingsrepresentant i Raudt, Geir Jørgensen, skriftleg spørsmål i Stortinget.

Geir Jørgensen

– Det er jo ganske utruleg at ein går i gang og lagar forvaltingsplan for havområda våre utan at det faglege grunnlaget er på plass, seier Geir Jørgensen som sit på Stortinget for Raudt.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Der spurte han om statsråden kunne garantere at Stortinget får den lenge venta handlingsplanen for sjøfugl til behandling i 2024. Svaret han fekk var ja.

– Sjøfuglane kan vere ein indikator på miljøtilstanden i havet, som vi alle kan vere bekymra for. Derfor har sjøfuglane ein heilt spesiell plass i dei marine økosystema.

Nett derfor meiner Jørgensen ein må ha ein plan for dei, før ein går vidare med planar om industrialisering av havet.

– Kva blir gjort for at økonomiske interesser ikkje blir prioriterte over økosystema sine behov?

Les også Slakter Norges vern av sårbare havområder

Steinbit som ligger og hviler på havbunnen

– Regjeringa jobbar for å få ein betre oversikt over våre naturverdiar og betre kunnskap om korleis vi kan sikre sunne og robuste økosystem som har god tilstand, seier Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet.

Dei hentar inn kunnskap gjennom mellom anna overvåkings- og kartleggingsprogram som Seapop og Seatrack.

Pressebilde av Statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima og Miljødepartementet.

Kjersti Bjørnstad, Statssekretær i Klima- og miljødepartementet seier det er eit nasjonalt mål å oppretthalde økosystem som er sunne, robuste og produktive utan tap av arter eller naturtypar.

Foto: TROND ISAKSEN / © FOTO TROND ISAKSEN

– Korleis kan de sørge for at ein handlingsplan ikkje blir nedprioritert til fordel for næringslivsprosjekt?

Eg har stor tru på at kommunane og andre vil vektlegge ein slik handlingsplan, samt anna naturfagleg kunnskap, når dei skal vurdere tilrettelegging for næringslivsprosjekt samtidig som dei tar omsyn til naturen, seier Bjørnstad.

Bjørnstad seier handlingsplanen for sjøfugl skal blir brukt av statsforvaltarar, kommunar og andre aktørar i deira arbeid med planlegging og avgjerder som gjeld sjøfuglbestandar, ifølge statssekretæren.

Les også Knallhard kritikk av regjeringens planer for å ta vare på havet

To fiskere sorterer torsk på en fiskebåt

Men det trur ikkje Jørgensen i Raudt noko på.

– Hovudårsaka til at ting tar tid er at vekslande regjeringar synest å vere meir interessert i å industrialisere havet, både med havvind, offshore oppdrett og gruvedrift i havet, enn dei er i å ta vare på det faktiske økosystemet som vi har.

Eggen i BirdLife seier at sjøfuglane blir utsett for enorme belastningar mens dokumenta til regjeringa lar vente på seg.

– Det er mangelfulle ferdselsforbod, og mange planar for bruk av havet, seier han.

Les også Sjøfuglen forsvinn frå Lofoten – havtemperaturen får skulda

Om krykkja står i reiret er det fordi ho ikkje har lagt egg i år. Det vart fleire ståande krykkje.

Les også Reiser tross vaskenekt: – Så lenge vi kan redde én, er det nok

En sjøfugl av arten lomvi forsøker å pusse bort tung olje som har griset til fjærdrakta