Hopp til innhold

Her kostar den eine svømmeklubben 17 gongar meir enn den andre

I Noreg må du i gjennomsnitt betale rundt 6000 kroner i året for å gå på svømming. I bygda Misvær kostar det 200 kroner.

Ragnhild Klette i bassenget i Misvær sammen med barn på svømmetrening.

Leiar for svømmegruppa i Misvær Idrettslag, Ragnhild Klette seier dugnad og samarbeid er grunnen til den låge medlemsavgifta.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

– Alle skal ha høve til å vere med, seier Ragnhild Klette, leiar for svømmegruppa i Misvær idrettslag.

Idrettskretsane i Nord-Noreg fryktar at høge kostnader kan få store konsekvensar for breiddeidretten i landsdelen.

Sebastian Henriksen, styremedlem i Noregs idrettsforbund fryktar at mangel på anlegg og høge reisekostnader vil føre til eit klasseskilje og fråfall.

Men i Misvær har dei knokke ein kode.

Vetle Klette går på svømming i Misvær. Her står han ved bassengkanten og ser i kameraet.

Vetle Klette betalar berre 200 kroner i året for å gå på svømming i Misvær.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

– Eg syns det er kjekt å vere på svømmetrening. Det er viktig å lære seg å svømme. Det kan hjelpe meg vidare i livet, seier Vetle Klette.

Han er ein av rundt 50 barn og unge som er med i svømmegruppa til Misvær Idrettslag.

Og eit medlemskap i idrettslaget kostar 200 kroner i året. Då kan du vere med på alle idrettane dei tilbyr.

Noko som er sterk kontrast til Bodøs svømmeklubb, nokre mil unna i same kommune.

Les også Hevdar leigeprisen auka med 600 prosent – symjeklubben fryktar for framtida

Maria Vassbotn Winther og Andreas Eriksen i Bodø Svømmehall

Kostar fleire tusen kroner i året

Bodø svømmeklubb har rundt 60–70 lisensierte svømmarar og rundt 200 deltakarar på svømmeopplæring som ikkje konkurrerer.

Klubben har to dopapirsal i året, men det er mogleg å kjøpe seg ut av salet. Dersom du er elitesvømmar i klubben kostar det 10-12.000 kroner i året.

Eigendelar for stemne og samlingar kjem i tillegg.

For dei aller yngste kjem treningsavgifta på 3400 kroner, inkludert dopapirsal. Dersom du kjøp deg ut av den dugnaden, hamnar årsavgifta på rundt 6400 kroner.

– Vi ønsker jo at medlemmene våre skal betale minst mogleg, men vi har drive klubben i minus i tre år, seier styreleiar i Bodø svømmeklubb, Ivar Vindvik.

Han meiner det er fleire årsaker til dei høge treningsavgiftene:

Trenarar tek betalt

Ivar Vindvik seier Bodø Svømmeklubb har trenarar og instruktørar som får betalt for jobben dei gjer.

– Berre det kostar oss ein dryg million i året, seier Vindvik.

Dei har toppsvømmarar som til dømes har seks totimarsøkter i veka.

– Det er vanskeleg å få trenarar med nødvendig kompetanse til å stille opp så ofte på frivillig basis.

Leie av basseng

Ei anna stor utgift er leie av basseng.

Bodø svømmeklubb har tidlegare brukt bassenget på Bodin vidaregåande skole. Det er nå tørrlagt fram til det nye konkurransebassenget skal opne i Nordlandsbadet.

Når det nye bassenget opnar vil leigeutgiftene til svømmeklubben auke frå 159.000 til 950.000 kroner i året. Viss ikkje klubben og kommunen blir einige om ei anna løysing i eit møte neste veke.

Krevjande å få sponsorar

Ivar Vindvik fortel vidare at det er krevjande å få tak i sponsorar.

– Viss du ikkje heiter Bodø/Glimt eller BHK er det vanskeleg å få store sponsoravtalar, seier styreleiaren.

Til slutt kjem reisekostnadane for dei som ønsker å konkurrere.

– Dersom du ønsker å konkurrere nasjonalt, må du ut av regionen. Det er veldig stor forskjell på å vere klubb i Nord-Noreg og Austlandet for eksempel.

Ivar Vindvik, Bodø Svømmeklubb

Styreleiar i Bodø svømmeklubb, Ivar Vindvik seier at dei også har svømmeskule for dei yngste, som også kostar pengar å drifte.

Foto: Bente H Johansen / NRK

Store lokale forskjellar

Prisen i Bodø svømmeklubb er ikkje unik.

Ifølge Generalsekretær i Noregs svømmeforbund, Bjørn Soleng kostar det i gjennomsnitt rundt 6000 kroner i året å delta på svømming.

Ifølge ein rapport frå Oslo Economics og kulturdepartementet frå 2019 så har svømming, saman med langrenn, turn og karate, kostnader som ligg over gjennomsnittet for alle idrettar samla.

– Men det er utruleg lokale forskjellar, seier Soleng.

Les også Høge reiseutgifter for idretten i Nord: – Må ut med 100.000 kroner per utøvar

Fotballskole for ungdom i Bodø/Glimt, sommeren 2020. Her på Bankgata stadion, rett utenfor Aspmyra.

– Kvifor er det store variasjonar?

– Det er variasjonar i aktivitetstilbodet. Og det er ulike praksisar frå kommune til kommune i forhold til halleige, som ofte er den største kostnadsdrivaren.

Han syns det er fasinerande med to så ulike prisar innanfor same kommune.

– Det er jo ganske fascinerande at ein har eit gratisprinsipp i Misvær og at ein har forhandla seg fram til det, mens Bodø svømmeklubb må ut med ganske heftige beløp på Bodin og nå i det nye Nordlandsbadet. Så det er jo forskjell her.

Svømmetrening i Misvær IL si svømmegruppe. Ein gut i bassenge symjar og lenar seg på eit brett.

Ifølge Generalsekretær i Noregs svømmeforbund, Bjørn Soleng kostar det i gjennomsnitt 6000 kroner i året, men det er lokale forskjellar.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Soleng skryter av det dei har fått til i Misvær.

– Det er fabelaktig det dei får til, og spesielt talet på dei som driv med svømming der. 60–70 prosent av alle barn i Misvær driv med svømming.

Kva gjer dei annleis i Misvær?

Foreldre som bidrar og avtaler med kommunen

Hovudstikkordet for at vi får det til er dugnad og samarbeid. Og gjennom det, så oppnår vi også eit godt sosialt miljø, både blant barn, ungdom og dei vaksne, seier Ragnhild Klette i Misvær IL.

Korleis går det rundt økonomisk?

– For eksempel så har vi ikkje lønna trenarar, så trenarane gjer jobben på dugnad.

Leder for svømmegruppa i Misvær IL - Ragnhild Klette.

Leiar for svømmegruppa i Misvær Idrettslag, Ragnhild Klette seier at alle skal ha høve til å vere med på svømming.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Ho fortel også at foreldra stiller opp som badevakter på folkebadet to dagar i veka, som gjer at dei får bruke bassenget gratis av driftsselskapet.

Elles har dei loddsal kvar jul og driv kafé på dugnad kvar sommar. Dei har også lokale og regionale selskap som bidrar med sponsorpengar.

Dugnadsvakter for å dekke stemne

Men alt dette dekker ikkje svømmestemna.

Så svømmegruppa har lagt seg på ei liste der alle stemna dei kan køyre til, har ein eigendel på 300 kroner.

– Og det er litt fordi at det ikkje er alle som deltar på svømmestamnane. Og dei pengane som blir tente innpå dugnad og sånne ting skal vere likt fordelt.

Dei 300 kronene dekker då reise, overnatting, stemne og mat.

– Då handlar vi inn til felles kveldsmat og frukost, og så vi gjer alt for å bygge det sosiale.

Svømmetrening Misvær.

Ifølge leiar for svømmegruppa i Misvær Idrettslag, Ragnhild Klette går 64 prosent av alle barn i bygda på svømming.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Måten dei driv på i Misvær har etter kvart ført til at dei har åtte unge svømmarar som har blitt ganske gode. Dei har blant anna kvalifisert seg til LÅMØ-stemne i Tromsø.

Det betyr langhelg og flybillettar, noko som er dyrt.

Klette seier dette kjem på rundt 60.000 kroner. I møte med foreldra til dei åtte blei dei einige om ein eigendel på 1500 kroner.

– Det synest jo eg eigentleg er mykje, men eg skjønner jo at det er lite i forhold til mange andre klubbar.

Les også Her må foreldre betale 40.000 kr i året for at barna skal spille håndball

Tuva Kummernes Strandem, spiller på jenter 16 i BHK.

Og for at alle skal kunne ha høve til å vere med, har Klette avtalt at foreldra kan ta dugnadsvakter i det lokale alpinanlegget Vestvatn.

– Då får du 500 kroner for ei dugnadsvakt som går inn som eigendel, seier ho.