NRK har tidlegare skrive om Bodø handballklubb som har lang reiseveg til kampar og som gir ekstreme krav til eigendelar.
Foreldra til ungdommane som speler på 16-årslaget må ut med opp til 40.000 kroner i eigendel denne sesongen, per spelar.
Og det er all reisinga som kostar.
– Nivået på reisekostnader har no passert 100.000 kroner per utøvar per sesong i aldersgruppe 16 år som speler i nasjonale eller regionale seriar. Det er altfor høgt for norsk idrett, seier styreleiar i Nordland Idrettskrets, Reinert Aarseth.
Idrettslag, idrettsråd og særkrinsar i Nord-Noreg har sagt til idrettsleiarane i Nord at dei er sterkt bekymra for dei auka reisekostnadene.
Det skriv Nordland, Troms og Finnmark idrettskrins i ei pressemelding.
Må reisa frå Møre til Finnmark
I tillegg har utøvarane utlegg til trening, lisensar og utstyr som også må finansierast.
I pressemeldinga skriv idrettskrinsane at økonomi som barriere for deltaking er eit nasjonal- og idrettspolitisk fokusområde, men dei færraste reflekterer over dei auka reisekostnadene. Og at det kan skape forskjellar i samfunnet.
- Dei slit også med reiseutgifter på toppnivå i Nord. Damelaget til IK Junkeren måtte lodde ut datar og panta flaske for å redde handballaget.
– Den store ulven i Nord-Noreg er flykostnadane. Og her tenkjer eg at vi er nøydde til å ha hjelp frå både stortingspolitikarar og andre for å sjå på moglegheitene til å redusere det, seier Aarseth.
Ifølgje han så har dei ungdommane som driv med fotball og handball lenger sør i landet mykje lågare kostnader.
– Tilbakemeldinga som eg får frå dei, er at dei har på langt nær så høge reisekostnader som vi.
Dei nordnorske ungdommane har seriar som gjer at dei må reise til Finnmark i nord og til Trøndelag i sør. For nokre handballklubbar så må dei til og med reise til Møre og Romsdal.
– Det går seriar frå Møre og Romstad og heilt opp på Finnmark, seier Aarseth.
Idrettskrinsane i Nord seier at nordnorsk idrett opplever auka reisekostnader på meir enn 50 prosent.
– Situasjonen er dermed vesentleg forverra. Fleire klubbar vurderer å trekkje laga sine frå seriespel og utøvarar frå vidare deltaking viss det ikkje blir teke grep, seier Aarseth.
Kven skal betala og kva er løysinga?
Idrettskrinsane i Nord og Aarset seier at noko av løysinga på dei auka reisekostnadene kan idretten sjølv gjere. Det kan vere å endre seriespel og ha eit større fokus på reisefordeling.
– Til dømes kan ein spele dobbeltkampar når ein først møtest ein plass. Det er fleire måtar for å få ned kostnadane, seier Aarseth.
Men idretten kan ikkje gjere alt åleine, ifølgje han.
– Vi er nøydde til å snakka med nokre politikarar for å sjå om vi kan få hjelp derifrå.
– Vi er også kanskje nøydde til å gå til samferdselsministeren og sjå på om vi finn løysingar som kan gagne idretten betre enn dagens modellar. Eller kanskje gå til flyselskapa for å sjå om det er moglegheiter for å få nokre rabattar, seier Aarseth.