Hopp til innhold

Vil at kommunen skal bli straffa viss du kastar matavfall

I 2022 blei det kasta meir enn 202.000 tonn mat i Noreg. Forbrukarrådet meiner kommunane bør betale dersom folk kastar mykje mat.

Eline Mosan McMillan og Michael McMillan handler mat i en matbutikk i Svolvær.

KOMMUNANE BØR BETALE: Vanlege hushaldningar står for nær halvparten av matsvinnet i Noreg. Forbrukarrådet meiner svinnet kan gå ned om kommunane tar rekninga for matsøpla til innbyggarane.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

I starten av januar la Matsvinnutvalet fram sine anbefalingar om kva Noreg må gjere for å halvere matsvinnet innan 2030.

Blant forslaga var å påleggje butikkane å skru ned prisen på varer som er i ferd med å gå ut, og å donere mat som har gått ut på dato.

Men Forbrukarrådet ønskjer at fleire enn butikkane skal få sanksjonar.

Norske hushald står nemleg for halvparten av matsvinnet i Noreg.

Men det er ikkje mogleg å få til ei avgift som gir kvart enkelt hushald insentiv til lågare matsvinn, ifølgje Gunstein Instefjord leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.

Gunnstein Instefjord, leder for forbrukerpolitikk hos Forbrukerrådet.

Gunnstein Instefjord, leiar for forbrukarpolitikk hos Forbrukarrådet meiner det er ein god løysing å leggje meir ansvar hos kommunane for å få ned matsvinnet i hushaldningane.

Foto: John Trygve Tollefsen / Forbrukerrådet

– Til det er det altfor mange hushald og for komplekst å måle matavfallet til ein spesifikk hushald.

Difor meiner han ansvaret burde ligge hos kommunane.

– Dei har stort høve til å påverka matsvinnet i hushalda, seier Instefjord.

Så kva vil dei gjere?

  • Dei vil setje opp ei avgift som følgjer kommunegrensene.
  • Denne avgifta skal følgje same mønster som for næringsavfallet.
  • Jo meir svinn hushalda i ein kommune har, jo høgare avgift.

– Viss det blir veldig lite matsvinn i eit område frå hushalda, kan ein sjå føre seg at ein fjernar avgifta, seier Instefjord.

Fersk frukt og grønnsaker og kaffe sto øverst på ønskelista til Mari Hult da hun handlet.

Forbrukarrådet var del av matsvinnutvalet, men dei var i mindretal. Difor blei forslaget deira ikkje med i matsvinnrapporten som blei lagt fram 3. januar.

Foto: Erik Waage / NRK

Forbrukarrådet, SIFO og Framtiden i våre hender foreslår å leggje avgifta på kommunen. Dermed får kommunen eit insentiv til å arbeide mot matsvinn i sitt område.

– Vi treng lokalt tilpassa tiltak mot matsvinn, seier Instefjord, og peikar på at også i EU har ein sett at kommunalt og lokalt nivå er viktig for å kommunisere og sette i gang tiltak mot forbrukarsvinnet.

Tanken er altså ikkje at kommunen skal ta renovasjonsavgifta til innbyggarane, men betale ei ekstra avgift for maten som blir kasta.

Instefjord seier òg at forslaget må utgreiast nærmare.

Les også Matsvinnet i Norge skal halveres innen 2030 – slik vil de gjøre det

På matbutikken i Svolvær i Lofoten er Eline Mosan McMillan og Michael McMillan på jakt etter nedprisede varer som snart går ut på dato.

Ordførar: – Kan vere ei gulrot

Ordføraren i Rødøy, Inger Monsen seier dette kan vere eit godt forslag.

Folk er miljømedvitne og dei fleste ønsker å kaste mindre mat. Det trur eg rødøyfjæringane ville ha vore med på, seier Monsen

Inger Monsen, ordfører Rødøy

Inger Monsen, ordførar i Rødøy kommune

Foto: Privat foto

Med mål om å sleppe ei slik avgift ville nok dei fleste kommunane prøve å få ned matsvinnet. Men samtidig er det jo ikkje den enkelte forbruker som kjenner på denne avgifta som kommunen skal betale.

Ho trur konkurranse mellom kommunane kan bidra positivt.

Kanskje kan det vere ein gulrot for innbyggarane at avgifta kan bli brukt til noko positivt i kommunen om forbrukarane får ned matsvinnet.

Et gammelt naust ved sjøen i et vinterkledd landskap med fjell i bakgrunnen og lav sol. Tjongsfjord, Rødøy kommune, Nordland.

Inger Monsen har trua på at haldningskampanjar og informasjonstiltak kan få folk til å kaste mindre til dømes i Rødøy der ho er ordførar.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Men haldningskampanjar for kommunane krev ekstra ressursar. Og Monsen usikker på om tiltaket ville ha vore avgjerande for å få ned matsvinnet.

Ordninga vil òg krevje eit tettare samarbeid mellom kommunen og renovasjonsselskapet deira, meiner ordføraren.

Les også Fem tips til korleis du kan få ned eige matsvinn

Michael McMillan handler mat i en matbutikk i Svolvær.

– Vanskeleg å gjennomføre

Geir Benden er kommunikasjonsansvarleg i Helgeland Avfallsforedling IKS (HAF) som handterer søppelet til Rødøy og fem andre kommunar.

Han seier at dei merker at det er mykje matavfall. Likevel trur HAF dette forslaget vil bli vanskeleg å gjennomføre.

Slik vi ser det må ein då gjere plukkanalysar av kvart enkelt lass, seier Benden.

Nye matavfallskonteinere i Rødøy

Rødøy og dei andre kommunane HAF jobbar for begynte nyleg å ha matavfall i eigen dunk i sine område. Difor kan aukinga i matavfall òg handle om at folk er flinkare til å sortere.

Foto: Geir Benden / HAF

Årsaka er at det òg finst reelt matavfall som til dømes skrell. For å vite kor mykje som er svinn må dei då opne matavfallsposane for å finne ut kva som er kva.

Eit anna alternativ er å setje ein grense på kor mykje matavfall kvar kommune får ha. Men då står kommunane i fare for å måtte betale meir for reelt matavfall som veg meir.

– Det er vanskeleg å forhalde seg til før ein får noko meir informasjon om korleis det skal bli gjort, seier Benden.

Om det skal bli gjort jamleg vil det òg krevje mykje folk og ressursar.

Les også Leverpostei for barn får kritikk: – Full av søppel og matsminke

Tre bokser Eventyrpostei oppå hverandre

– Folk lar seg motivere

Leiar for utvikling og berekraft i Iris, Tor Gausemel Kristensen, er usikker på om folk vil få eigarskap til sitt eige matavfall dersom kommunen får rekninga.

– Slik forslaget er vil kommunane få rekninga direkte frå avfallsselskapet i staden for at avfallsselskapet sender fakturaen direkte til kundane.

Tor Gausmel Kristensen, leiar for utvikling og berekraft i Iris Salten

Tor Gausemel Kristensen, leiar for utvikling og berekraft i Iris Salten trur det er andre løysingar som vil fungere betre enn det som Forbrukarrådet skisserer.

Foto: Iris Salten

Han trekker fram «Pay as you throw» som ein betre løysing:

– Mengda avfall som du genererer vil atterspegle seg i størrelsen på fakturaen på dei som genererer søppelet. På den måten får ein gjort dei som kastar mykje søppel ansvarlege, seier Kristensen og legg til:

Eline Mosan McMillan handler mat i en matbutikk i Svolvær.

Leiar for utvikling og berekraft i Iris, meiner det er ein betre idé å la forbrukarane sjølv ta rekninga for matavfallet sitt, ved at mengda avfall speglar storleiken på fakturaen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Det verkar som folk lar seg motivere av det.

Modellen er allereie testa i EU, men også Bergen. Ifølge Avfall Noreg har modellen redusert mengda restavfall frå hushaldningane med mellom 30 til 55 prosent.

Les også Fiskekundane får nærast sjokk når dei ser prisen

Martin Odding smiler og plasserer uer i ferksvaredisken

Stemte ned forslaget

Forslaget om kommunal avgift på matsvinn var eit mindretalsforslag beståande av Forbrukarrådet, SIFO og Fremtiden i våre hender. Dei ønsker at skal bli greia ut vidare. Men det blei ikkje med i rapporten for 2023.

Administrerande direktør i NHO Mat og Drikke, Petter Haas Brubakk, leia Matsvinnutvalet. Brubakk seier at forslaget mellom anna blei nedstemt fordi det var for komplisert.

Petter Haas Brubakk

– Mange kommunar samarbeider allereie på tvers av kommunegrensene om avfall, seier Administrerande direktør i NHO Mat og Drikke, Petter Haas Brubakk.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / NHO

– Forslaget om avgift og økonomiske insentiv for å ikkje kaste mat synest vi er for komplisert og dårleg grunngiving for nå.

Brubakk utelukkar ikkje at tiltaket kan vere aktuelt på et seinare tidspunkt. Førebels meiner han tiltaket kan føre til at fleire kastar matavfallet andre stader.

– Vi skulle foreslå tiltak som vil virke før 2030. Det kan godt vere at dette er et tiltak på sikt, men eg følte ikkje meg berrett til å gå inn for det nå.

Johanne Solheim, næringspolitisk rådgivar i Samfunnsbedriftene

– Vi er opptatt av at renovasjonsgebyret er selvkostbasert. Det skal vere dei reelle kostnadene for å samle inn og handtere avfallet, seier Johanne Solheim, rådgjevar i Samfunnsbedriftene.

Foto: Samfunnsbedriftene

I dag betaler alle innbyggarar eit renovasjonsgebyr. Det er i samsvar med forureiningsloven. Forbrukarrådet meiner ikkje at ein skal gjere noko med det.

Johanne Solheim, rådgjevar i Samfunnsbedriftene, trur at om ein prisar matavfall høgare enn anna søppel, kan det gjere at meir mat hamnar i restavfall.

– Vi trur ikkje det er ein god løysing. Det er betre å setje inn tiltaka tidlegare i verdikjeda. Når maten allereie er kasta er det for seint, seier Solheim.

Les også Magnus og Ole tar eit djupdykk ned i bestemor si kokebok: – I dag er det for lett å velje sushi

Magnus Liøkel (32) og Ole Kristian Samuelsen (28) står over ein kjøkkenbenk og lager mat.