Hopp til innhold

Magnus og Ole tar eit djupdykk ned i bestemor si kokebok: – I dag er det for lett å velje sushi

Trass i at nordmenn har blitt meir globale i matvegen, er fleire no interessert i lære meir om norske mattradisjonar, ifølge Bygdekvinnelaget.

Magnus Liøkel (32) og Ole Kristian Samuelsen (28) står over ein kjøkkenbenk og lager mat.

Sambuarparet Magnus Liøkel og Ole Kristian Samuelsen vil råde alle som har fått tak i bestemor si heimelaga kokebok, om å ta vare på den.

Foto: Privat

Pizza er den middagen nordmenn et mest av. Så kjem tacoen hakk i hel.

Matforskar og seniorkonsulent John Spilling i Ipsos seier vi er blitt veldig globale i matvegen, og at det går ut over norsk tradisjonsmat.

Det vil paret Magnus Liøkel (32) og Ole Kristian Samuelsen (28) gjere noko med.

– Eg var eigentleg interessert i å finne ut litt meir om min eigen matkultur og oppsøke dei matrettane frå mormor som eg er vaksen opp med. Så når eg fekk den kokeboka av mamma, så bestemte vi oss for å lage noko, seier Samuelsen.

Paret har starta på eit prosjekt der dei skal gå igjennom og lage kvar einaste oppskrift i den handskrivne kokeboka til mormora til Samuelsen.

Dette i eit håp om å bli meir kjend med norsk matkultur, grave i familiehistoria og kanskje få nokre av rettane tilbake på middagsbordet.

– Rett og slett prøve å oppdage dei gamle rettane på nytt, seier Samuelsen.

Bilde av bestemora til Ole Kristian Samuelsen som møter dronning Sonja i kokeboka.

Bestemora Synnøve Pedersen saman med dronning Sonja og kong Harald for mange år sidan.

Foto: Privat

Fleire vil lære om norsk tradisjonsmat

I dei siste åra har Nordland Bygdekvinnelag sett ein auke i talet på folk som ønskjer å ta tilbake den norske tradisjonsmaten.

Det fortel distriktsleiar Hilde Furuseth Johansen.

Vi ser at fleire ønskjer å dra på kurs for nettopp det å lage lefser, rengakake, spekepølse og ta tilbake den norske tradisjonsmaten.

Bygdekvinnelaget, som eig Norsk Tradisjonsmat, jobbar for å ta vare på oppskrifter og mattradisjonar frå alle fylka i Noreg.

Ho trur fleire har byrja å interessere seg for dette i samråd med den auka interessa for kortreist og berekraftig mat.

– Tradisjonsmaten seier noko om historia vår og kvar vi kjem frå. Det kan vere mykje samfunnshistorikk i bestemors kokebok, seier Johansen.

Kokeboka til bestemora til Ole Kristian Samuelsen. Ei svart slitt gamal handskriven bok i ein lys vinduskarm.

Ole Kristian og Magnus gler seg til å prøve rettar som raspeball med sirup og flesk, og lettsalta torsk med lever og rogn.

Foto: Privat

Salat med torsk og majones

For altaværingen Samuelsen handlar kokeboka om historia til familien hans og kulturen frå Troms og Finnmark.

Boka inneheld alt frå typisk husmannskost, kake-, brød- og lefseoppskrifter, samt selskapsmenyar beståande av til dømes fiskekabaret til forrett, oksefilet til hovudrett, og is og kransekake til dessert.

Eit stykke med toscakake på eit kvitt og blått fat.

Toscakake

Lettvinte Wienerbrød på rekke og rad på benken med melis på.

Lettvinte Wienerbrød.

Skonrokker på et bakebrett.

Skonrokker, grov kavring eller skorper. Kjent barn har mange namn.

Havremakroner servert på et blått og hvit kakefat, med en kopp te ved siden av.

Havremakroner.

En lys rektangulerformet kake med hvit glassur oppå.

Pepperkake, men ikkje den typen ein lagar til jul.

– Det er akkurat som om det utløyse eit matminne i hjernen min. Å setje tenna i den kaka eller kjeksen tok meg tilbake til barndommen, seier Samuelsen.

Men det er langt ifrå alt i den heimelaga kokeboka som er godt.

– Kva er den raraste retten de har kome over så langt?

– Mormor har to salatar i boka. Salat ein og salat to, seier Samuelsen.

Salat to er kokte grønsaker med majones og kokt torsk.

Salat 1 som består av erter, kokt potet, gulerot og fisk, fint dandert på en tallerken.

Ole Kristian Samuelsen seier det er friskt å kalle den ein salat, for det var ikkje mykje salatblad i dei rettane der

Foto: Privat

– Det er ein slags restesalat der ein kunne bruke torskerettane sine, forklarar Liøkel.

– Her kjøpte vi veldig gode råvarer, brukte bra skrei og følgde oppskrifta etter punkt og prikke. Men den var ikkje så god, ler Samuelsen.

Les også: Celina (27) har hatt laus mage i ni år – så endra ho kosthaldet

Celina Jakobsen (27) har hatt irritabel tarmsyndrom i mange år, no har ho lagt om kosthaldet og fått ein ny kvardag.
Celina Jakobsen (27) har hatt irritabel tarmsyndrom i mange år, no har ho lagt om kosthaldet og fått ein ny kvardag.

Pizzaetande folk

– Vi er eit ekstremt pizzaetande folk. Ein av ti middagar vi ete, er pizza. Det er tre gangar så mykje enn det som kjem som nummer to, nemleg taco, seier forskar John Spilling i Ipsos.

Tala han brukar kjem frå Norske spisefakta 2022, og er ein undersøking som har blitt gjennomført annakvart år sidan 1987.

– Det som er mest interessant er korleis dette har utvikla seg. Vi er blitt veldig globale i matvegen i Noreg, seier Spilling.

Pizza med peperoni og ost.

Pizza er den middagen nordmenn et mest av.

Foto: JOE RAEDLE / AFP

For sjølv om fleire vil på kurs og lære meir av norsk tradisjonsmat, er det ikkje det vi lagar mest av i kvardagen.

I løpet av ein månad et vi rettar som italiensk pasta, meksikansk taco, amerikansk burgar, indisk mat og asiatisk sushi.

– Vi har eit meir breiare internasjonalt matrepertoar enn vi hadde før. Utfordringa er at desse rettane veks utruleg fort, seier Spilling.

Noko som gjer at det gjerne ikkje er plass til dei norske rettane ved middagsbordet lenger.

– Så taparen i dette her er på ein måte det tradisjonelle norske. At det er nokon som byrjar å ta tak i dette igjen, er noko eg har venta på. For no er det norske som treng ein boost igjen.

Les også: Difor har du alltid plass til dessert

Riskrem med lun kirsebærsaus og karamelliserte mandelflak
Riskrem med lun kirsebærsaus og karamelliserte mandelflak

Må vite kor ein kjem frå

Sambuarparet håper at prosjektet kan gi dei to eller tre rettar som dei kan ta med seg inn i kvardagen.

– Då vil eg kalle dette ein stor suksess, seier Samuelsen.

Ved å kjenne til mathistoria og dei rettane som er i husmorbøkene, så trur han ein for det første vil bli ein betre kokk, men også bli stoltare av dei rettane som vi har i Noreg.

Magnus Liøkel og sambuaren Ole Samuelsen som klemmer framfor en blå himmel.

Paret står bak den populære instagramkontoen Sultne Gutter, og dei har gitt ut to kokebøker.

Foto: Privat

– Eg tenkjer ein må vite litt kor ein kjem frå. I dag er det for lett å velje sushi, asiatisk, eller andre rettar som er langt ifrå den norske kulturen, seier Samuelsen.

Sambuarparet vil råde alle som har fått tak i bestemors heimelaga kokebok, om å ta vare på den.