Hopp til innhold

Oppdrettar meiner næringa stikker hovudet i sanda

– Det er mykje forbetringspotensial, men då må først vi innrømme at vi har problem, seier oppdrettar Alf-Gøran Knutsen i Nordland.

En medarbeider ved Kvarøy Fiskeoppdrett ser ned i en beholder med fisk. Det er fjell i bakgrunnen.

Leiar for Kvarøy Fiskeoppdrett, Alf-Gøran Knutsen seier oppdrettsnæringa har for lett for å gøyme hovudet i sanda. No meiner han dei må innsjå at dei har eit omdømeproblem.

Foto: Kvarøy Fiskeoppdrett / Janita Zenteno

Førre veke kom det fram at laksegigantane Mowi og Lerøy vil bli varsla før Mattilsynet kjem på inspeksjon.

Tidlegare måtte Mattilsynet nemleg få skyss av oppdrettsselskapa for å kontrollere.

Men no har dei avtale med Kystvakta om å bruke deira båtar. Difor kan dei kome på overraskande tilsyn.

Den 21. september kom difor Mattilsynet på eit overraskande besøk til Lerøy Seafoods anlegg Reitholmen utanfor Hitra, og avdekka grove brot på lover for handtering av fisk.

Fredag førre veke blei dette omtala i NRK-programmet Nytt på Nytt.

Miljøaktivist Gina Gylver kritiserer oppdrettsnæringa i Nytt på nytt.

Miljøaktivist Gina Gylver frå Natur og Ungdom kritiserte oppdrettsnæringa i Nytt på nytt, fredag 03.11

– Dette er ei tvers igjennom roten næring, sa den norske miljøvernaren Gina Gylver der.

– Det er helt sinnssjukt at ein tillét sånne elendige standardar og lèt dei fortsette.

No meiner ein lakseoppdrettar frå Nordland at næringa må innsjå at dei har eit problem.

Les også Oppdrettsselskap med milliardoverskot og bonusfest: – Skremselspropagandaen stemmer ikkje

Nova Sea sitt hovedkontor på Lovund

– Vi er i ferd med å miste tilliten

Alf-Gøran Knutsen jobbar i Kvarøy Fiskeoppdrett som held til på ei lita øy på Helgelandskysten.

Han meiner sakene som har kome fram den siste veka er problematiske for heile næringa.

– No er vi i ferd med å miste tilliten, seier han.

Alf-Gøran Knutsen, leiar for Kvarøy fiskeoppdrett smiler til kamera. Han har på seg blå genser og har kort lyst hår. Han står framfor ein raud vegg.

Leiar for Kvarøy Fiskeoppdrett, Alf-Gøran Knutsen meiner han næringa må innrømme at dei har problem og snakke ope om det.

Foto: Kvarøy Fiskeoppdrett / Janita Zenteno

– Vi snakkar ikkje ope om problema som er med biologisk produksjon. Vi har ein tendens til å grave hovudet ned i sanda.

– Vi kan ikkje komme med unnskyldningar, men må ha løysingar og forklaringar.

Folk arbeider ved merdene på Kvarøy Fiskeoppdrett. Det er gjell i bakgrunn.

– Det gir ikkje eit bilde av tillit til det vi held på med, om vi skal bli varsla på ein umeldt kontroll, meiner Alf-Gøran Knutsen, leiar for Kvarøy Fiskeoppdrett.

Foto: Kvarøy Fiskeoppdrett / Janita Zenteno

I oppdrettsnæringas barndom, for om lag 50 år sidan, seier Knutsen at pionerane var meir opne og delte kunnskapen. Det meiner han er i ferd med å forsvinne no.

– Det er eit spørsmål om fiskevelferd. Jo meir plass fisken har, jo betre har dei det. Vi ser heilt tydeleg at det er tilfellet.

Med gode lakseprisar har dei fått meir å rutte med. Det seier Knutsen at dei har valt å investere for å produsere betre.

Merder på Kvarøy Fiskeoppdrett med fjell i bakgrunn.

I oppdrettsnæringa er det krav om at det ikkje skal vere meir enn 25 kg fisk per kubikkmeter. Kvarøy Fiskeoppdrett har valt å senke denne grensa. Dei skal ikkje ha meir enn 20 kg fisk per kubikkmeter

Foto: Kvarøy Fiskeoppdrett / Janita Zenteno

– Kvifor gjer ikkje alle oppdrettarar det, no når lakseprisen er god?

– Dei andre lakseprodusentane gjer også så godt dei kan. Det er investert enormt i alle selskap. Men det vi gjer, må vi gjere i lag. Vi trur vi har ein del av løysinga, men ikkje alt.

Kvarøy Fiskeoppdrett. Båt med navnet Kvarøy står ved siden av en merde

Lakseoppdrettar Alf-Gøran Knutsen meiner Gina Gylver i Natur og Ungdom er for streng med næringa. – Eg trur ho må bruke litt tid med å sette seg inn i standardane vi faktisk har.

Foto: Kvarøy Fiskeoppdrett / Janita Zenteno

Det døyr om lag 58 millionar fisk i næringa i året, ifølge Havforskningsinstituttets årlege risikorapport. Tek vi med talet på reinsefisk som døyr blir det over 100 millionar dyreliv årleg.

Det meiner Knutsen er for mykje. Men han peiker på at næringa enno er ung. Dei er berre kome til 14. generasjon laks.

– Det er mykje forbetringspotensial, men då må vi først innrømme at vi har problem.

Les også Søkte om å etablere lukket oppdrettsanlegg for seks år siden – venter fortsatt på svar

Illustrasjon av slik oppdrettsanlegget OceanTECH var tenkt å se ut.

– Fornuftig tale

Denne erkjenninga gler professor emeritus Trygve Poppe ved Veterinærhøgskulen.

– Dette er særdeles fornuftig tale, seier han.

Poppe kjenner næringa godt, og har jobba med fiskehelse i over 40 år. Han meiner det er mange gode folk i næringa.

Trygve Poppe

Professor emeritus Trygve Poppe ved Veterinærhøgskulen i Oslo meiner næringas eigen fagorganisasjon fornektar alt av ubehag i næringa.

Foto: Pharmaq Analytic

– Men det store problemet er at det begynner å bli så mykje pengar og så store selskap at det blir stadig mindre husdyrproduksjon, og meir og meir knallhard business.

Og han meiner næringas eigen fagorganisasjon, Sjømat Noreg, ikkje gjer mykje for å bøte på det inntrykket.

– Dei er usedvanleg dårleg til å handtere utfordringane som finst i næringa. I staden er dei verdsmeister i å fornekte alt av ubehag i næringa, seier professoren.

Mowi oppdrettslaks

– Oppdrettsnæringa har sagt at dyrevelferd er deira viktigaste prioritet i 10–15 år. Og at dei jobbar med å forbetre seg. Då forventar eg å sjå resultat, seier professor Trygve Poppe.

Foto: Mowi / NPK

– Men det er jo ei ung næring. Bør vi ikkje tillate litt startproblem?

– Litt barnesjukdommar vil det vere, men på ei annan side er fiskeoppdrett ikkje så forskjellig frå anna husdyropphald.

Ei ku ser rett inn i kamera.

Professoren meiner oppdrettsnæringa burde tatt med seg mykje meir erfaring frå tradisjonelt husdyrhald.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

– Ein burde skjønt at å halde så mykje dyr samla på konsentrerte område medfører stort smittepress og alvorlege problem.

Professoren seier at dette er tilfelle ved alle dyr, også menneske.

– Prøver ikkje å bortforklare

Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg seier at dei jobbar med omdøme kvar dag, heile veka.

– Har de eit omdømeproblem?

– Det er klart at bilda NRK har publisert denne veka ikkje er bra. Det er ikkje til å skyve under ein stol at slike bilde ikkje er med på å styrke folk sin oppfatning av havbruk.

Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg.

Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg seier at det til dømes har vore nedgang i sjukdomstilfelle som ILA og PD det siste året.

Foto: SJØMAT NORGE

Likevel peiker kommunikasjonssjefen på at situasjonen kan vere krevjande for enkelte selskap.

– Mange vil påstå at det er å bortforklare. Men det prøver vi ikkje å gjere. I produksjonen av laks er dødelegheit noko som skjer. Det er vanleg i biologien.

Gjellesjukdom er til dømes noko han seier dei ikkje har sett mykje av før.

Gjennomsiktig laks på Lerøy-anlegg

Haram er ikkje samd i at næringa er så ung, og meiner dei har gjort store framskritt til dømes frå då dei brukte antibiotika for å kurere sjukdom hos laksen for 20 år sidan.

Foto: Mattilsynet

– Sjømat Noreg har jobba i over eit år for å sjå korleis ein kan bli betre på fiskehelse. Det kjem ikkje over natta. Eg kan garantere at folk står på for å redusere dødelegheit.

– Er du samd i at de kan lære ein del av annan husdyrproduksjon også?

– Det er vanskeleg å samanlikne landbruksproduksjon og lakseproduksjon. Laksen lever jo i vatn med gjennomstrauming for å nemne noko, seier han.

Fisker blir matet av oppdretterne ved Kvarøy Fiskeoppdrett

Kommunikasjonssjefen seier det er viktig at dei saman med fagekspertise gjer dei rette grepa for å stogge dødelegheit hos laks også i framtida.

Foto: Kvarøy Fiskeoppdrett / Janita Zenteno

– Det er for lett å seie at det blir meir sjukdom når ein har mange dyr saman.

– Kvifor trur du då at det døyr så mykje fisk?

– Det kan vere mange ulike årsaker. Parasittar og bakteriar er vanleg i biologien. Det kan kome brått og føre til at fisk døyr, seier Haram.

Vinner av «Årets tegneserie 2023», Flu Hartberg, og forkjemper for «et levelig år 2050», Gina Gylver, oppsummerer nyhetene på satirisk vis. Bli med!

Vinnar av «Årets teikneserie 2023», Flu Hartberg, og forkjempar for «et leveleg år 2050», Gina Gylver, summerer opp nyheitene på satirisk vis. Bli med!

Les også Kvinnene har mye større sjanse for å vinne viktig «fiskerilotto»: – Det er veldig urettferdig 

Sander Arntsen Gregersen (21)
fisker med egen båt i åpne gruppe.

Les også Dro inn fisk for over 15 millioner på to kast: – Fryktelig mye kan gå galt

Ytterstad Fiskeriselskap AS