Hopp til innhold

Opnar ny E6 på Helgeland – men framleis må bilistane køyre på ei mil gammalveg utan midtstripe

På Sør-Helgeland står ein flunkande ny europaveg klar til bruk. Snart avsluttar anleggsarbeidarane arbeidet, og no hastar det å få pengar til å utbetre den siste mila som manglar finansiering.

Dei siste åra har milliardar av kroner blitt brukt på å leggje ny asfalt på E6 sør på Helgeland.

I sommar er nesten heile gigantprosjektet gjennomført. 132 kilometer veg, frå grensa til Nord-Trøndelag opp til sørsida av Korgfjellet.

[ikke bruk som illustrasjonsbilde - oppbrukt]Vogntog sperrer E6 langs Majavatn

Eit vogntog som sperrar E6 i Grane kommune vinterstid er ikkje ein uvanleg situasjon.

Foto: Arne Harald Bruem

Men om den sokalla «dødsvegen» i Grane vert utbetra er enno uvisst – dei siste 10,1 kilometerane frå Svenningelv og Lien ved Trofors.

Dette er ein veg som er smal, full av flaskehalsar, feildoseringar og ulukkesbelasta.

Maskiner, trasé og organisering er alt klart, men for at vegen skal bli bygd må det kome pengar frå staten.

– Berre tull å ikkje gjere det ferdig

– Det går nesten ikkje ein dag utan at ein held på å hamne i ei møteulukke, både bilar som kjem mot og som køyrer forbi.

Arild André Brandsegg er trailersjåfør, og har køyrd E6 gjennom Helgeland i over 20 år.

Arild André Brandsegg

Der E6 enno ikkje er fornya er det både smalt og svingete. – Slik er det no med gamlevegane. Det er no berre krøtterstiar som er utvida, seier den røynde yrkessjåføren.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Han er svært nøgd med dei vegstrekkjene som allereie er utbetra.

Likevel er han redd mangel på løyva pengar skal gjere til at vegen gjennom Grane blir som den er.

– Eg tykkjer det er berre tull. Det kjem til å koste mykje meir om dei skal få utstyr hit og ordne opp i resten av det dei ikkje har klart til no. Det hadde vore mykje betre å berre tatt alt i ein smell.

E6-parsellen Svenningelv-Lien ved er den siste gjenstående parsellen av ny E6 gjennom Helgeland. Illustrasjonen viser den planlagte traseen sett fra sør, mot Trofors.

E6-parsellen Svenningselv-Lien er den siste attståande parsellen av ny E6 gjennom Helgeland. Illustrasjonen syner den planlagde traseen sett frå Søt, mot Trofors.

Foto: Statens vegvesen

Kupert prosess

Det er 13 år sidan kommunestyret i Grane for første gong behandla saka om vegstrekninga forbi kommunesenteret, som no manglar finansiering.

Kommunen sitt bidrag for å få vegen bygd vart bomstasjonar.

Men trass i å ha betalt bompengar som dei skulle, fekk innbyggarane aldri vegen sin.

Regjeringa fann ikkje pengar til å utbetre den halvannan mil lange vegstrekka gjennom Grane, men fann 200 millionar kroner til å rive bomstasjonar.

No er altso resten av E6-prosjektet i regionen so og seie ferdig, men «dødsvegen» står enno som før.

Ventar berre på grønt lys

– Det vi ventar på no er eit endeleg klarsignal til å setje i gang, seier delprosjektleiar for E6-utbetringa i regionen, Rainer Smedseng.

Rainer Smedseng

– Det er jo openbert for alle at den strekka absolutt har behov for ei ny og framtidsretta veglinje, seier Rainer Smedseng.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Vegvesenet er klare til å lyse ut konkurranse om å få leggje den vel ei mil lange vegen gjennom Grane.

Den estimerte kostnaden for prosjektet mellom Svenningelv og Lien er på 1,5 milliardar kroner.

– No følar vi at vi har kontroll, og ventar på politisk avklaring for å få ein siste «go» for å byggje den strekninga, seier Smedseng.

e6_trofors

Meiner tida er riktig

– Ta til veit, løyv pengar og bli ferdig, seier Ellen Schølberg (Sp).

Ho er ordførar i Grane, og meiner det gjev meining å gjere utbetringane no som ein framleis held på med E6-prosjektet midt i landet.

– Dette er jo ikkje ein veg berre for oss, det er jo ein nasjonal veg. Ein internasjonal veg, seier ho.

Ho er nøgd med dei andre utbetringane som har skjedd på E6, men er lei av dei mange ulukkene som skjer på strekninga, særs vintertid.

– Vi har ete mykje laks opp gjennom åra frå lasta til vogntog som har velta av vegen. Laks er jo godt, men vi vil heller ha ein god veg, seier Schølberg.

Ellen Schjølberg (Sp), ordførar i Grane

Senterpartiordførar Ellen Schølberg er glad E6 er betra på resten av Helgeland, men etterlyser handlekraft til å ferdigstille prosjektet.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Nyvegen får tommel opp

Men trass i at strekket gjennom Grane er prega av telehiv, flaskehalsar og feildoserte svingar er jo resten av E6 på Helgeland betydeleg betre no enn før.

Brandsegg seier seg einig idet han køyrer over på ein av dei nyare delane av E6.

– Ja den her er godkjend. Det her klagar eg ikkje på. Det er jo ein draum, seier han.

Men om «dødsvegen» sluttar å vere eit frustrasjonsmoment i åra som kjem, avheng no på pengane.

Jonny Finstad (H), som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, er klar på at strekningen definitivt burde blitt tatt mens det var maskiner i området.

– Problemet er jo at dette er opsjonsparsellar.

Tre moglegheiter

Det betyr at vegen her skulle byggjast dersom midla strakk til.

Jonny Finstad, stortingsrepresentant for Nordland (H) i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Stortingsrepresentant Jonny Finstad.

Foto: PETER MYDSKE

– Så blei det jo overskridingar. Utfordringa nett no er finansieringa. Dette har vore ei sak eg har teke opp i fraksjonsmøte med samferdselsdepartementet ei rekke gongar.

– Eg veit det har vore dialog mellom partane. Det er tre moglegheiter for finansiering. Ekstrapengar frå staten. At Siv finn pengar innanfor eige budsjett. Å auke bompengar. Eller ein kombinasjon.

NRK har vore i kontakt med Samferdselsdepartementet for ein kommentar, men har førebels ikkje fått noko svar.

E6 gjennom Grane. Veipakke Helgeland

Det er trongt om plassen på E6 gjennom Grane på Helgeland.

Foto: Rune Stabbforsmo