Hopp til innhold

Bergen Engines-salet: Stortinget med sterk kritikk av regjeringa

Motorfabrikken i Bergen heldt på å hamne i russiske hender før salet vart stogga. – Vi er sjokkerte over at varsellampene ikkje blinka tidlegare, seier Christian Tybring-Gjedde (Frp).

Bergen Engines i Stortinget

- SJOKKERTE: Fleirtalspartia i forsvarskomiteen på Stortinget la fram si innstilling i Bergen Engines-saka. Konklusjonen er å fremje sterk kritikk mot regjeringa si handtering. Frå venstre: Audun Lysbakken (SV), Jette Christensen (Ap), Emilie Enger Mehl (Sp) og Christian Tybring-Gjedde (Frp)

Foto: Terje Pedersen / NTB

I heile vinter har salet av Bergen Engines til det russiske selskapet TMH International skapa store overskrifter i media.

Salet vart stogga av Justisdepartementet i mars, for å sikre at «nasjonale sikkerhetsinteresser ikke blir truet».

Fabrikken på Hordvikneset i Bergen produserer mellom anna motorar til norske og amerikanske militærfartøy.

No var denne teknologien altså i ferd med å hamne i henda på eit russisk-kontrollert selskap, der to av eigarane skal vera i president Vladimir Putins inste krets.

Bergen Engines, fabrikk som ligger ved fjorden nord i Bergen. Hvit bygning med blå maskiner, kraner og containere.

STOR SAK: Bergen Engines ligg på Hordvikneset nord i Bergen. Denne vinteren har salet av fabrikken skapt store overskrifter.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Fremjar sterk kritikk mot regjeringa

Klokka 13.10 møtte saksordførar Emilie Enger Mehl (Sp) pressa saman med representantar frå Arbeidarpartiet, SV og Frp i vandrehallen på Stortinget.

Innstillinga deira er at Stortinget fremjar sterk kritikk mot regjeringa i saka om Bergen Engines-salet.

– Saka har avdekka alvorlege manglar i regjeringa sine tryggleiksrutinar. Regjeringa har ikkje hatt naudsynt kontroll, særleg knytt til utanlandske oppkjøp som kan truge landets sikkerheit, seier Mehl.

Dei fire partia er samde om eit sokalla daddelvedtak, som er den sterkaste forma for kritikk som Stortinget kan rette mot statsrådar utan å erklæra mistillit.

PRESSEKONFERANSE: Sjå opptak av pressetreffet med Sp, Ap, SV og Frp. Ca klokka 13.10 møtte partia pressen for å legge fram si vurderinga av saka.

– Nærast tilfeldig

Mehl legg også vekt på at det under høyringa i april kom fram heilt ny informasjon for komiteen.

Mellom anna at regjeringa sitt sikkerheitsarbeid med saka vart sett i verk på grunn av eit eksternt tips til Nærings- og fiskeridepartementet i januar, og ikkje av eige initiativ.

– Det ser ut som at saka vart teke tak i som følge av ein tilfeldigheit. Det er alvorleg, meiner Mehl.

Bergen Engies-saken

FREMJAR STERK KRITIKK: Emilie Enger Mehl i Senterpartiet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Vi er sjokkerte

Bergen Engines-saka vart rulla opp av fleire avsløringar i Bergens Tidende/E24.

Regjeringa vart allereie i desember i fjor varsla om salet. Det skulle likevel gå månadar før det vart stogga.

Forsvarskomiteen løftar også fram at statsministeren vart varsla om salet først gjennom oppslag i Bergens Tidende.

– Det forsterkar inntrykket av at regjeringa ikkje har hatt kontroll. Statsministeren er den øvste ansvarlege for koordinering og nasjonal tryggleik er det viktigaste ansvaret for ein kvar regjering, seier Mehl.

– Vi er eigentleg litt sjokkerte over at varsellampene ikkje blinka tidlegare. Eg trur at det er skjedd skade allereie, i form av at kjøparane har fått tilgang og fått sett på noko av teknologien, seier Christian Tybring-Gjedde (Frp).

Ikkje mistillitsforslag

– Dette er ein alvorleg tankevekkar for statsministeren, som har hatt beredskap som fanesak heilt sidan 2013. Denne kritikken er eit uhyre sjeldan vedtak frå Stortinget, seier Audun Lysbakken (SV).

På spørsmål om kvifor komiteen ikkje fremjar mistillit i saka, svarar Jette Christensen (Ap):

– Mange har spurt oss om det. Spørsmålet er jo; mistillit til kven då? Vi har alle sagt no at vi ikkje har tillit til måten regjeringa har handtert norsk tryggleik på i denne saka. Eit mistillitsforslag mot ein enkelt statsråd, ville det løyst problemet? Eg trur ikkje det, svara Christensen.

– Det er statsministeren som har det øvste ansvaret i denne saka, legg ho til.

Bergen Engies-saken Audun Lysbakken

KRITISK: SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Ein vandrande sikkerheitsrisiko

Også partiet Raudt stiller seg bak den sterke kritikken frå fleirtalspartiet i forsvarskomiteen. Både Raudt og Frp har tidlegare tatt til orde for å fremje mistillitsforslag i saka.

– VI fredar ingen i denne saka. Regjeringa har spelt russisk rulett med norsk sikkerheit, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes til NRK.

Han er særleg kritisk til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) si handtering av saka.

– Han er ein vandrande sikkerheitsrisiko. Bergen Engines-saka inngår i eit mønster der forsvarsministeren søv på post eller opptrer direkte uansvarleg, seier Moxnes og viser til saka om mottak av amerikanske atomubåtar i Tromsø og import av koronasmitte under militærøvinga «Joint Viking».

– Vi fryktar framleis at Russland i verste fall kan ha skaffa seg sensitiv informasjon eller teknologi i løpet av den tida forsvarsministeren somla med å gripe inn i Bergen Engines-salet, seier Moxnes.

– Dei vil markere seg

Høgre-politikar Michael Tetzschner i Forsvarskomiteen meiner derimot det ikkje er sakleg grunn for å kritisere regjeringa så sterkt som opposisjonspartia har gjort i dag.

– Regjeringa greip inn og stoppa overføringa av selskapet. Det er vi alle glade for. Det gjorde dei også på eit uangripeleg grunnlag, slik at ein ikkje kan risikere søksmål i ettertid, meiner Tetzschner.

Han er usamd i framstillinga om at det var tilfeldigheiter som gjorde at regjeringa til slutt greip inn.

Høyringa og dokumentasjonen viser at våre hemmelege tenester, samt dei ulike departementet, var på bana allereie i januar. Eg skjønar ikkje dei som seier at dette ville ha passert under radaren.

Nestleiaren i forsvarskomiteen meiner opposisjonspartia, og Frp, her har bestemt seg for å markere seg politisk i eit valår.

– Det er iallefall ikkje ein villare spekulasjon enn det at det var tilfeldigheiter som gjorde at salet vart stoppa, seier Tetzschner.

Høring i Stortinget om salg av Bergen Engines

FÅR KRITIKK: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) under høyringa om Bergen Engines-saka i Stortinget.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Militær betydning for Russland

Då regjeringa stogga salet i mars, hadde dei vurdert at motorane til fabrikken ville hatt «stor militær strategisk betydning for Russland».

– Eit oppkjøp ville gitt TMH tilgang til motorar og teknologi som ville ha styrka Russland sine militære kapabiliteter og ville vore i strid med norske og allierte sine sikkerheitsmessige interesser, sa statsminister Erna Solberg (H) under høyringa i april.

Forsvarskomiteen bestiller no ein gjennomgang av arbeidet med sikkerheitslova.

– Vi ser det som heilt naudsynt, seier Lysbakken.

Onsdag skriv E24 at også plasseringa av fabrikken i Bergen vart vurdert til å ha avgjerande betydning for å stogge salet.

Fabrikken ligg like ved fleire viktige forsvarsanlegg i innseglinga til Bergen, men problemstillinga vart først tatt opp nokre veker etter at salet var kjent, skriv nettavisa.