Hopp til innhold

Willy er avslørt

- Eg hadde forventa at det skulle vere ei grei folkemengde på kaia, så då tenkte eg at eg måtte skilje meg litt ut, seier Magnus Berrføtt Erdal frå Langevåg.

Han vart først oppdaga i Ålesund. Mannen med den raude og kvitstripa t-skjorta og topphua som gjekk rundt på kaia med stokken i handa.

Deretter har fenoment spredd seg. På dei fleste kaier har det vore ein Willy å fått auge på.

- Eg vart spesielt overraska over at det var ein Willy i Molde. Det var fort gjort frå hans side! seier Berrføtt Erdal overraska.

Ville på TV

Magnus Berrføtt Erdal
Foto: Privat

Finn Willy er kjent over heile verda gjennom barnebøker og spill. Poenget er å finne Willy, ein mann som alltid har dei same stripa kleda, og som ofte står i ei stor folkemengd.

- Eg skulle vere Willy for ei anna anledning, så var det ein kollega som sa at eg burde reise på hurtigrutekaia i kostymet, forklarar langevågaren.

Så målet var å bli lagt merke til på TV?

- Ja, det var vel kanskje det. Eg kan vere såpass ærleg. Men ideen kom relativt spontant.

Starta ein trend

Berrføtt Erdal er nøgd med å ha starta ein trend som har strekt seg frå Ålesund og til Nord-Noreg.

- Eg synest det er veldig artig. Kjempegøy!

Han ser jamnleg på Hurtigruten minutt for minutt for å sjå etter andre Willyar når MS Nordnorge legg til ved dei ulike kaiene.

- Det er klart eg må få med meg det. Sidan det vert stadig meir populært hadde det vore kjekt om det var fult med Willyar i Kirkenes!