I følgje Wærnes har det ikkje vore så liten aktivitet på sokkelen på 10 år. Wærnes seier grunnen kan vere at selskapa meiner dei ber risikoen med leiteboring.
Han meiner staten no må ta ansvar for å kartleggje sokkelen,slik at oljeselskapa veit kva dei kan forhalde seg til.
I følgje Wærnes har Midt-Noreg stått for den største ressurstilveksten på norsk sokkel dei siste 10 åra.
No ligg fleire leiteriggar i opplag, og Midt-Noreg har mista fleire tusen arbeidsplassar dei siste to åra. Dette gjeld arbeidsplassar både innan supply, verft og servicenæringar.
Fryktar nedleggingar
Wærnes fryktar at den usikre fremtida på norsk sokkel kan føre til at selskap som har etablert seg her i fylket permitterer, seier opp eller rett og slett legg ned. Wærnes meiner grunnen til den låge aktiviteten kan vere at selskapa føler det er dei som tek risikoen med leiteboring.
Han meiner staten har eit ansvar for å kartlegge norsk sokkel for å motverke trenden med lite leiting etter olje.