Hopp til innhold

Vurderer nytt søk torsdag

54 år gamle Finn Bertram Evensen frå Straumsjøen i Vesterålen er framleis sakna etter skipskollisjonen tysdag kveld.

Sjarken Skarbak er totalvrak etter kollisjonen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Hovedredningssentralen avslutta redningsaksjonen ved 19-tida onsdag.

Torsdag tar politiet over ansvaret og skal ta stilling om dei skal starte søk etter ein antatt omkomen person.

Den sakna fiskaren var aleine ombord i sjarken som tysdag kveld kolliderte med kjemikalietankaren Doris.

Leiteaksjon etter sakna fiskar

Leitemannskap i Fræna.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Hovudredningssentralen har i dag hatt sju fartøy frå kystvakta, heimevernet og redningsskøytene i området som har leita etter den sakna. I tillegg til eit redningshelikopter.

 

NETT-TV: Én person fortsatt savnet

Gode leiteforhold

Styrmann på Redningsskøyta "Den Norske Veritas", Bjørn Vidar Evjen, seier leiteforholda har vore gode.

- Det er sol og opphaldsver og god sikt, så vi har gode forhold. Det er litt sjø, så det kan vere vanskeleg å oppdage viss det ligg ein person tungt i sjøen. Men det kjem an på kva kle han har, sa Evjen tidlegare.

Reiarlaget tek seg av mannskapet

Bergens-reiarlaget Utkilen har sendt to representantar til Elnesvågen for å ta seg av mannskapet ombord på tankaren Doris. Dei 17 ombord er svært prega av hendinga.

Det seier administrerande direktør Geir Mjelde.

- Vi er på plass, ikkje berre for å ta oss av kaptein og mannskap, men også for å bistå politi og myndigheiter på staden, i den grad det er nødvendig. Vi skal ha samtalar med dei ombord på Doris, og vil gi dei avløysing viss dei treng det, og så vil skipet seile vidare, seier Mjelde.

Kjemikalietankaren Doris

Kjemikalietankaren Doris til kai ved Hustadmarmor i Elnesvågen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sjøforklaring

Geir Mjelde vil ikkje spekulere i kva som har hendt i tida like før ulukka. Han seier at den komande sjøforklaringa blir viktig for å få fram fakta.

Det er no bestemt at sjøforklaringa blir i Romsdal Tingrett fredag 12.oktober.

Skal ha hatt radiokontakt

Fleire media har spekulert i at det skal ha vore samtalar over radioen mellom sjarken og tankskipet før ulukka. Men  Mjelde ønsker ikkje å spekulere i dette.

Sjarken Skarbak

Sjarken Skarbak blei delt i to i kollisjonen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Eg veit ikkje kva som er sagt eller kommunisert mellom båtane i tida før kollisjonen. Men eventuelle samtalar blir tatt opp på band, og vil vere tilgjengelege for sjøforklaringa, seier han.

Kjemikalietankaren Doris, som kolliderte med sjarken Skarbak var på veg frå bedrifta Hustadmarmor i Elnesvågen i Fræna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL