NRK Meny
Normal

- Ein tragedie

- Kollisjonen mellom kjemikalietankaren Doris og sjakren Skarbak på Buadjupet er ein tragedie.

Sjarken Skarbak
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det seier Remi Teistklub som er leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag.

54 år gamle Finn Bertram Evensen frå Straumsjøen i Vesterålen er sakna etter ulukka.

Stor trafikk

Teistklub seier at det til vanleg er stor trafikk i området der kollisjonen fann stad.

Remi Teistklub
Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

-Her er det mange båtar, både store og små. Det er dirfor svært viktig å følge godt med når ein går inn og ut av leia.

Kjemikalietankaren Doris, som kolliderte med sjarken Skarbak var på veg frå bedrifta Hustadmarmor i Elnesvågen i Fræna.

Andre ulukka på kort tid

Ulukka tysdag kveld er den andre i dette området på kort tid. I slutten av august gjekk sjarken Steinar frå Fræna ned på Buagrunnen. Palmer Ove Hustadrem frå Fræna er framleis sakna etter havariet.

- Vi blir påminna om at det er eit risikofylt yrke vi har, seier Teistklub.

Han påpeikar likevel at dette er ulukker som kan skje.

- Førebels er det for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka, men at det har vore ein kraftig kollisjon er heva over einkvar tvil, seier Teistklub.

Sikkerheit på dagsorden

Teistklub seier sikkerheita til fiskarar ombord i mindre båtar blir tema på årsmøtet i Møre og Romsdal Fiskarlag seinare i haust.

- No har vi vore vitne til to ulukker på kort tid. Dette set sitt preg på oss, seier han.