Hopp til innhold

Vurderer å be Økokrim sjå på saka

Geir Stenseth i Frp seier til NRK at dei vurderer å be Økokrim sjå på avsløringane om Fylkeshuset AS som har kome fram i ein rapport frå selskapet Deloitte.

Ifølge avisa Sunnmørsposten kjem Deloitte med krass kritikk av fleire forhold hos selskapet Fylkeshuset AS, som mellom anna er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Det er fleire ting som kjem fram i rapporten som vi meiner er svært alvorlege. Difor vurderer vi om nokon andre bør sjå på det som har kome fram. Over helga skal vi konkludere om vi skal kontakte Økokrim om dette, seier Stenseth.

Rapporten frå Deloitte skal opp til behandling i kontrollutvalet i Møre og Romsdal torsdag i neste veke

Geir Stenseth representerer Frp i fylkestinget i Møre og Romsdal.
Foto: Trond Vestre / NRK