Hopp til innhold

Volda må endre skattlegginga av stølshytter

Volda kommune kan ikkje krevje inn eigedomsskatt frå ei hytte på ei seter. Det er klart etter at Sivilombodsmannen har studert skattepraksisen i Volda.

Volda

Volda kommune har kravd inn eigedomsskatt i heile kommunen frå og med skatteåret 2014. Eigaren av ei hytte på ei seter klaga og meinte at det ikkje er høve til å legge eigedomsskatt på seterhytta.

Ifølgje eigedomsskattelova er driftsbygningar i landbruke fritekne for eigedomsskatt.

– Ikkje naudsynt for gardsdrifta

Volda kommune vedgjekk at hytta var bygd i samband med gardsdrift, men hevda at hytta på setra ikkje lenger spelte ei rolle i gardsdrifta.

– Vi kan på ingen måte sjå at denne stølshytta er naudsynt for drifta av garden, og dermed fell ikkje denne hytta inn under fritaket frå eigedomsskattelova, heiter det i eit brev frå Volda kommune.

– Grensa kan vere uklar

Volda kommune opplyste at dei la til grunn strenge premissar frå ein dom i Stjør- og Verdal tingrett. Kommunen opplyste også at dei har hatt mange saker til behandling som gjeld nettopp eigedomsskatt på seter- og stølshytter.

Sivilombodsmannen har kome til motsett konklusjon, og meiner at seterhytta skal vere friteken for eigedomsskatt.

Grensa mellom støls- og seterhytter som er ein del av gardsdrifta og fritidsbustader og hytter kan vere uklar, skriv sivilombodsmannen.

– Er relatert til gardsdrifta

Sivilombodsmannen krev at Volda kommune tek ei konkret vurdering på kva formål hytta på setra har. Det er ikkje tvil om at seterhytta blei bygt på grunn av dyrehaldet på garden, og at plasseringa av hytta er vald med tanke på driftsbehova på garden.

– Kommunen har ikkje opplyst at det er fritidsbruk av hytta som er årsaka til at det blir innført eigedomsskatt. Tvert imot synest det å vere semje om at bruken av seterhytta berre er relatert til gardsdrifta, heiter det i brevet frå Sivilombodsmannen.

– Kommunen må endre praksis

Sivilombodsmannen skriv at det er rimeleg å godta ein kombinasjon av både gardsrelatert bruk og fritidsbruk.

– Volda kommune vert beden om å behandle eigedomsskattesaka i nytt lys. Vidare blir kommunen bedd om å endre praksisen på utskriving av eigedomsskatt på støls- og seterhytter frå og med skatteåret 2016, heiter det til slutt i brevet frå Sivilombodsmannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL