Hopp til innhold

Meteorologen bomma: Vinteren gjer comeback

Fleire stader i fylket vakna folk opp til snø i dag – midt i april. Og slik blir det nokre dagar framover, åtvarar meteorologen.

Snø på Åheim

Meteorologane seier sommardekk kanskje ikkje er det beste, til dømes med tanke på det som truleg skjer tysdag.

Foto: Heidi Endal

Allereie i går kveld kom det melding om snøvêr frå Rindal. Ikkje så overraskande, sidan meteorologane hadde antyda snø i indre- og høgareliggande strok. Då blei det også varsla at snøen kunne kome så kystnært som Ørsta/Volda og Sykkylven.

Glatte vegar

Også på Hareidlandet var det kvitt i dag tidleg.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det kan hende vi bomma litt med OBS-varselet vårt, vedgår meteorolog Geir Ottar Fagerli. For det har kome meir snø i låglandet og ytre strok enn det vi såg for oss.

Frå Åheim lengst sør er det meldt om snø, det same på Hareidlandet.

– Til og med frå Vigra har det kome snø har vi registrert, og det er no nokså langt ut mot havet, seier Fagerli.

... og ikkje nok med det

Han håpar snøen ikkje kom alt for overraskande på folk, og åtvarar om at slik vil det bli framover. Dei første timane i dag blir det byer frå nordvest, og på det meste berre 2–4 grader. Til kvelden lettar skydekket, og det betyr lågare temperatur med nattefrost over store delar av Møre og Romsdal.

Geir Ottar Fagerli

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli er berre bodbringar.

Laurdag blir det forbigåande høgare temperatur, men natt til søndag kan det bli snø igjen.

– Eg må berre seie det; i tida framover er det fare for snø fleire dagar. Vi er inne i ei periode med kaldluft, og spesielt tysdag ventar vi snøbyer. Det er berre å innstille seg på å vakne til snø fleire morgonar, åtvarar Fagerli.

Dekkskifte igjen

Det er naturleg å tenke vår midt i april, og dei fleste har nok lagt om til sommardekk.

Blir det veldig mykje snø og du er veldig avhengig av bilen, bør du vurdere å legge om igjen.

Men håpet er at det blir vår i år også, men kanskje må du la bilen stå ein dag eller to, for å vere på den sikre sida.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL