Vindforhold var årsak til ulykke

Vindforhold var årsaka til mikroflyulykka ved Ørsta/Volda lufthamn Hovden i mai i fjor. Det står i konklusjonen til undersøkingskommisjonen i NLF/Mikroflyseksjonen, ifølgje avisa Møre-Nytt. Flyet trefte bakken hardt i det dei skulle til å ta av. Dei to personane i flyet blei sendt til sjukehus som følgje av ulykka.

Småflyuhell Ørsta/Volda Hovden
Foto: Markus Berknes