Hopp til innhold

To til sjukehus etter at småfly trefte bakken

To personar blei frakta til sjukehus etter at eit småfly trefte bakken hardt ved Ørsta/Volda lufthamn Hovden tysdag kveld.

Småflyuhell Ørsta/Volda Hovden

Det var ved Ørsta/Volda lufthamn Hovden på Sunnmøre at eit mikrofly fekk problem idet flyet skulle ta av.

Foto: Markus Berknes

Politiet stengde Ørsta/Volda lufthamn Hovden som følgje av ulykka. I 23.00-tida tysdag kveld melde politiet at flyplassen truleg ikkje vil opne igjen før ut på natta.

– Vi har ein kriminalteknikkar som er på veg til staden. Flyplassen blir ikkje opna igjen før han er ferdig med arbeidet, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet.

Det var like før klokka 20.00 tysdag kveld at politiet fekk inn melding om eit småfly som hadde gått i bakken ved Ørsta/Volda lufthamn Hovden på Sunnmøre. Alle naudetatane rykte raskt ut til staden.

– Flyet trefte bakken hardt i det dei skulle til å ta av, sa operasjonsleiar i politiet, Tor-Andre Gram Franck til NRK like etter ulykka.

To til sjukehus

Flyet, som skal ha vore eit mikrofly, låg ved utkanten av rullebana etter uhellet. Dei to som sat i flyet var ifølgje politiet bevisst etter ulykka.

Småflyulykke Ørsta/Volda Hovden

Mikroflyet låg ved utkanten av rullebana etter ulykka.

Foto: Markus Berknes

– Ein person blir frakta med luftambulanse til sjukehuset i Ålesund, og den andre blir frakta til sjukehuset i Volda for sjekk, sa Gram Franck til NRK i 20.00-tida tysdag.

Både piloten og passasjeren skal ha vore født på 1980-talet. Det er så langt uklart kor alvorleg skadd dei to er, men ifølgje politiet er det truleg ikkje snakk om alvorlege skader. Piloten blei sendt til sjukehuset i Volda, medan passasjeren blei frakta til Ålesund.

Saka blir etterforska

Det er så langt ukjent kva som var årsaka til uhellet, men ifølgje politiet skal det vere snakk om ei øvingsflyging. Saka blir no etterforska.

Småflyulykke Ørsta/Volda Hovden

Ein person blei frakta med luftambulanse til sjukehuset i Ålesund, og ein person blei frakta til sjukehuset i Volda for sjekk etter uhellet.

Foto: Markus Berknes

– Vi gjennomfører vitneavhøyr på staden, og så må vi nesten prate med dei to involverte for å få vite kva det er som faktisk har skjedd, seier Gram Franck.

Politiet sine krimteknikarar er på veg til staden for å gjere undersøkingar av flyet. Havarikommisjonen og Norges Luftsportforbund er også varsla om ulykka.

Har stengt flyplassen

Politiet stengde Ørsta/Volda lufthamn Hovden som følgje av ulykka.

Fly som skulle lande på Hovden tysdag kveld blei difor omdirigert til Ålesund lufthamn Vigra eller Sandane lufthamn, Anda, opplyste politiet.