NRK Meny
Normal

Vinden herjar på kysten

Det kan verte opp mot sterk storm enkelte stadar i Møre og Romsdal måndag kveld og natt til tysdag.

Skummelt vær

Det er best å halde avstand til havet og bårene desse dagane.

Foto: Instagram/@roar_73

– Det er meldt full storm på kysten av Møre og Romsdal måndag kveld og natt til tysdag, fortel meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Oddlaug Nese.

Enkelte stader i Møre og Romsdal kan også få sterk storm.

På Svinøy fyr var det sterk storm klokka 21.00.

Les også:

Vinden bevegar seg nordover

Medan ein på Sunnmøre merkar godt at vinden tek tak måndag kveld, var det stillare på Nordmøre klokka 22.00. Ifølgje Nese vil vinden flytte seg oppover.

– Vinden bevegar seg nordover, så det vil nok merkast lenger nord i fylket også. Dette er eit stort lågtrykk som har utvikla seg raskt og bevegar seg opp mot Lofoten, fortel Nese.

Meteorologen seier at vinden vil avta utover kvelden og natta.

– Vinden vil vere på sitt sterkaste dei nærmaste timane, så vil han avta utover natta, sa Oddlaug Nese til NRK klokka 22.00 måndag.

Ho understrekar at dette ikkje er snakk om noko ekstremver.

– Vinden går paralellt med kysten og då vert han gjerne ikkje så farleg som når han bles inn mot land, slik som han gjorde i Hordaland no.

Laster Twitter-innhold

– Best å halde seg inne

Likevel har politiet på Sunnmøre allereie gått ut og oppmoda folk om å halde seg inne.

– Vi håper folk held seg unna vindutsette stader. Det beste er om dei held seg inne til den verste vinden er over, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Borge Amdam til NRK.

Dei har i løpet av tysdag kveld fått inn mange meldingar om lause gjenstandar.

– Vi har fått inn meldingar om plater som fyk i vinden, i Brusdalen har eit telt blese over ende og ei madrasse låg i vegbana i Fosnavågen.

Laster Twitter-innhold

Innstilte ferjer

Den sterke vinden gjorde også at ferjeavgangar vart innstilte på Sunnmøre og i Romsdal tysdag kveld.

Ferja som trafikkerer i Rute 31 Aukra - Hollingsholmen vart innstilt etter klokka 22.00. Ifølgje Fjord 1 reknar ein med at ferja vil vere i rute igjen frå klokka 05.30 tysdag.

Begge ferjene som trafikkerer mellom Ørsneset og Magerholm var innstilte ein periode måndag kveld på grunn av den sterke vinden.

Også hurtigbåten som går mellom Hareid, Valderøya og Ålesund vart innstilt for resten av kvelden måndag. Også avgangen klokka 04.55 frå Hareid til Valderøya tysdag morgon er innstilt.

Stille før stormen

Måndag kveld var det stille før stormen for politiet i Nordmøre og Romsdal.

– Her er det svært stille, ler operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Rolf Anders, Kårstad, som ikkje har fått inn ei einaste melding om hendingar som har skjedd på grunn av veret.

Men også politiet i Nordmøre og Romsdal kan få mykje å gjere når stormen treff den nordlege delen av Møre-kysten natt til tysdag.

Det er venta at stormen skal ende si ferd i Lofoten tysdag morgon.