Carl Morten Amundsen
Saman med Molde kommune og fylket danna dei i går ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med planane for eit nytt kombinert teater- og jazzbygg i byen.
– Spennande
Teatersjef i Teatret vårt, Carl Morten Amundsen, synest det er ein spennande tanke med ei ny storstue for dei to institusjonane.
– Det er nokre flotte kulturpolitiske perspektiv over det, seier Amundsen.
Petter Petterson i Moldejazz meiner bygging av eit kombinert teater- og jazzbygg i Molde vil styrke både teateret og jazzfestivalen.
Petterson ser for seg eit bygg med ei eller to scener som er bygde for musikk og teater som kan gje synergieffekt for begge dei to, tunge kulturinstitusjonane i byen.
– God kombinasjon
Amundsen meiner dei to passar godt ilag, både fordi det er ein interessant kunstnarleg kombinasjon, og fordi dei har ulike høgsesongar for verksemdene sine. Jazzfeativalen har hovudverksemda si midt i juli og Teatret vårt resten av året.
– Langt fram
Amundsen er glad for at dei no har formalisert eit samarbeid, men seier det er langt fram før eit slikt bygg kan realiserast.
Mykje må avklarast først, ikkje minst økonomi og tomteval, seier Amundsen, som likevel håper eit felles jazz- og teaterbygg kan realiserast i Molde om ikkje alt for mange år.