Vil ta snikarane

Kontrollsjef Tor Harald Hustad er kritisk til at fylkeskommunen har lagt opp til færre billettkontrollar på ferjene og bussane. Han meiner at fokus på kontroll og oppfølging kan gje fylkeskommunen fleire millionar kroner i ekstra inntekter.

– Fylkeskommunen driv ei stor verksemd på ferjer og anna kollektivtrafikk. Å avsløre ein snikprosent på ein, to, tre prosent betyr pengar direkte i kassa til fylkeskommunen. Berre éin prosent betyr fem millionar kroner, seier Hustad.

Passasjerer på Nobina-bussen
Foto: Trygve M. Andreassen / NRK