Hopp til innhold

Vil sponse ny prest

Problema med å skaffe ny prest til Sandøy kan vere løyst. Næringslivet vurderer om dei skal gå inn å sponse delar av prestestillinga.

Sandøy Kyrkje

Redninga for prestestillinga i Sandøy kommune kan bli privat næringsliv.

Foto: Kirkesok.no

Næringslivet i kommunen er positiv til å sponse den ledige prestestillinga med 40 prosent, slik at stillinga utgjer full jobb.

Alice Elnes, personanasvarleg ved Møre Bispedøme, vedgår at sponsing frå privat næringsliv kan vere tvilsamt.

– Når vi fordeler pengar til presteteneste så prøver vi å gjere det på ein rettferdig måte, også viser det seg at Sandøy ikkje er rettkomne til meir enn ei deltidsstilling, fortel Elnes.

Slit med rekruttering

Prestestillinga i Sandøy er i utgangspunktet ei 60 prosents stilling, og Møre Bispedøme har slite i lengre tid med å få søkjarar.

I utgangspunktet syns Elnes at det er veldig positivt at næringslivet vil gå inn å støtte prestestillinga.

– Synleg blant folket

Prestestillingane er statlege, og når stillinga ikkje utgjer full jobb vert det problematisk, seier Elnes. Ho fortel at det er veldig vanskeleg å få nokon til å ta jobben sidan den berre utgjer 60 prosent.

– Målet er at presten skal gjere teneste for næringslivet i Sandøy, og at presten er synleg ute blant folket og i tillegg kan møte dei tilsette i bedriftene der ute, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL