Hopp til innhold

Vil samle fødetilbodet i Molde

Helse Møre og Romsdal vil slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde til ei avdeling ved sjukehuset i Molde. Det er tilrådinga frå adm.dir. Espen Remme til styret i Helse Møre og Romsdal. Samanslåinga er i tråd med Utviklingsplanen og tilbodet som skal vere i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. – Fødande som får lengre reiseveg til sjukehus skal også sikrast ei god oppfølging og løysingar som gjer at tryggleiken blir varetatt, seier adm.dir. Espen Remme.