Hopp til innhold

Bye: – Eg har ingen problem med samarbeidet eller etaten

Kystverket gjekk på eit sviande tap i tingretten, etter at deira eigen avdelingsdirektør Vigdis T. Bye saksøkte dei for usakleg omplassering. Når dommen har blitt rettskraftig, skal Bye tilbake i same jobb som ho har hatt dei siste 10 åra.

Rettsak Kystverket

Advokat Katrine Hellum-Lilleengen (t.v.) saman med Vigdis T. Bye. Dei fekk medhald på alle viktige punkt i tingretten, seier dei sjølve.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Sjefen hennar blir – som før – Kystdirektør Kirsti L. Slotsvik, som har vore motparten i ein heller offentleg skittentøyvask.

Vigdis T. Bye har blitt skulda for å vere inkompetent og uskikka for jobben, som éin av tre avdelingsdirektørar i Kystverket. Skuldingane har kome frå nettopp Slotsvik.

Saka enda i retten, der Bye vann på alle viktige punkt.

– Du skal no tilbake til éi av toppstillingane i Kystdirektoratet. Er det mogleg for deg å jobbe saman med Kystdirektøren?

– Ja, det vil eg absolutt seie. Sett frå min ståstad så har eg ingen problem med verken samarbeidet eller etaten, seier Bye.

– Det er ein utruleg spennande etat å jobbe i, med mange oppgåver som skal løysast for samfunnet. Så eg ser fram til å kome tilbake i jobben.

Saka held fram under bildet.

Rettsak Kystverket

Kirsti Slotsvik og advokat Katrine Hellum-Lilleengen trur samarbeidet kan fungere, trass den betente rettssaka.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Har hatt det tøft

Det har derimot vore ei offentleg rettssak, med skuldingar og snakk i forkant. Vigdis T. Bye innrømmer at det til tider har vore tøft.

– Det har ikkje vore noko hyggjeleg å bli stempla som inkompetent og udugeleg av Kystdirektøren, fortel Bye, som har jobba i Kystverket i nærmare 10 år.

– Samtidig har eg hatt ein interessant og krevjande jobb det siste året, og mesteparten av tida har gått til å gjere den konkrete jobben. Eg har ikkje fokusert så mykje på sjølve saka, og føler eg har klart meg bra gjennom ein storm.

Stormen treng derimot ikkje å vere over, for Kystverket kan anke. Bye er uansett svært glad for å ha fått nærmast fullstendig medhald i Sunnmøre tingrett.

– Eg har fått ein full siger på alle viktige punkt, og eg har no lyst til å halde fram i Kystverket, slår ho fast.

Det einaste punktet Bye fekk fullstendig medhald i, var at ho gjekk tilbake i stillinga medan dommen venta på å bli rettskraftig. Med ein gang den blir rettskraftig, skal derimot avdelingsdirektøren framleis vere avdelingsdirektør.

Kompensasjon viser stresset

Ho meiner det ikkje skal stå på henne for å få ro i den betente situasjonen.

– Eg skal i alle fall gjere mitt beste for å bidra.

Samtidig er det ikkje tvil om at rettssaka har vore krevjande, men Bye meiner dommen er klår.

– Dommen konkluderer med at eg blir tilkjent økonomisk kompensasjon i oppreisning på 60.000 kroner.

– Det skuldast belastninga, står det i dommen, som eg er påført internt og eksternt, seier Bye til NRK.no.

– Vedtaket om omplassering gjeld fram til rettskraftig dom

Hennar advokat, Katrine Hellum-Lilleengen, omtalar dommen frå tingretten som ein «totalsiger». Dette fordi ho har vunne på alle vesentlege punkt.

– Arbeidsgjevar held stillinga open fram til rettskraftig dom er klar, det vil seie at ein ventar på at ankefristen går ut om ein månad.

Rettssak Kystverket

Advokat i Kystverket (t.v.) saman med Kystdirektør Kirsti L. Slotsvik. Dei held fast på at omplasseringa av Bye er gjeldande fram til rettskraftig dom.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Kystverket kan eventuelt anke før det ligg føre ein endeleg dom. Først då får ho kome tilbake i stillinga si, men det er noko vi godtek oss med utan problem, seier Hellum-Lilleengen.

Frå Kystverket si side er dei usikre på om det blir anke.

– Kystverket har tatt dommen til etterretning. Vi skal gå gjennom alt, før vi vurderer vidare kva som skjer, seier Anne Marie Due, Kystverket sin advokat.

Due trekk derimot fram det vesle avslutningspunktet i dommen, som seier at Bye framleis kan omplasserast.

– Vedtaket i seg sjølv skal setjast i verk. Status per i dag er at vedtaket om omplassering gjeld fram til rettskraftig dom.

– De vann fram på eitt punkt, at Bye ikkje skal få gå tilbake i jobben umiddelbart?

– Ja, det er riktig, og Kystverket vil halde seg til det. Ho skal over i den andre stillinga fram til det ligg føre ein rettskraftig dom, avsluttar Due.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL