Hopp til innhold

Kystverket tapte mot eigen avdelingsdirektør i retten

Avdelingsdirektøren i Kystverket blei skulda for å vere inkompetent og ueigna for jobben. No har ho vunne ein knusande siger i tingretten over sin eigen arbeidsgjevar.

Rettsak Kystverket

Her er avdelingsdirektør i Kystverket, Vigdis T. Bye (t.v.), saman med advokat Katrine Hellum-Lilleengen på første dag i retten.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Den 15. oktober starta rettssaka mellom Kystverket og deira eigen avdelingsdirektør.

Vigdis T. Bye gjekk rettens veg, etter at ho såg seg usakleg omplassert til ei ny stilling.

– Stillinga verkar både innhaldslaus og ansvarslaus, og omplasseringa er i strid med tenestelova, sa Bye sin advokat Katrine Hellum-Lilleengen på første dag av rettssaka.

No er altså dommen klar, og saksøkjar Vigdis T. Bye har vunne i retten.

Éin av tre direktørar

Vigdis T. Bye har vore éin av tre fagdirektørar i Kystverket i Ålesund, etter at ho blei tilsett i 2002.

I sommar blei ho omplassert av Kystdirektør Kirsti Slotsvik. Då gjekk Bye til sak mot eigen arbeidsgjevar.

Betent konflikt

Forholdet mellom Bye og Slotsvik skal ha vore svært kjølig etter omplasseringsvedtaket. Dei to skal ha vore i konflikt allereie eitt år tidlegare.

I september 2011 avgjorde kystdirektøren å innleie samtalar med Bye for å betre hennar stillingsfunksjon. Retten gjekk gjennom protokollar og dokumentasjon frå møter mellom dei to, frå september 2011 til mai 2012.

Partane var svært ueinige om innhaldet.

2. mai i år blei det heldt fast på at Kystdirektøren ikkje hadde tillit til Bye, og den 14. mai blei Bye tilbode stilling som seniorrådgjevar.

Ho skulle då få ansvar for sal av ikkje-næringsaktive fiskerihamner, eit forslag Bye avslo. Den 8. juni gav Kystverket formelt varsel om omplassering, med heime i tenestemannslova.

Det blei sagt at bye ikkje fungerte tilfredsstillande og at situasjonen ikkje hadde betra seg etter fleire møte.

Saka held fram under bildet.

Rettssak Kystverket

Kystdirektør Kirsti Slotsvik (midten), saman med forsvar Anne Marie Due (t.v.).

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Vekk frå personalansvar

Den 5. juli i år møttest partane på ny, utan å kome til einigheit. Den 11. juli blei Bye gjeve pålegg om omplassering, der stillinga blei omtalt slik.

«Stillinga vil bli tillagt ansvar for sal av ikkje-næringsaktive fiskerihamner. Oppgåvene skal utførast etter utarbeidd avdelingsstrategi. Stillinga sin tittel vil vere avdelingsdirektør, og blir underlagt Kystdirektøren. Du vil halde på same løn og andre vilkår. Stillinga er ikkje tillagt personalansvar og vil ikkje vere ein del av Kystdirektøren si leiargruppe. Noverande resultattavle med inkluderande fullmakter seiast med dette opp. Ny resultattavle vil bli utarbeidd i tråd med den nye stillinga. Pålegget trer i kraft frå og med 1. september 2012».

Vigdis T. Bye leverte stemning til Sunnmøre tingrett 15. august.

Det blei hevda at omplasseringa av Bye ikkje fall under arbeidsgjevar sin styringsrett i tenestemannslova.

Dette fordi det blei snakk om vesentlege endringar i arbeidsoppgåvene.

Rettsak Kystverket

Avdelingsdirektør i Kystverket, Vigdis T. Bye, vann ei knusande siger i tingretten.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Rettsstridig omplassering

I retten blei det vist til at Bye tidlegare hadde omfattande ansvar og arbeidsoppgåver, medan den nye stillinga hadde eit heilt anna preg.

Det blei vist til at stillinga i første omgang blei omtalt som «seniorrådgjevar», ikkje «avdelingsdirektør». Det blei peika på at Bye mista personalansvar, leiaransvar og plass i leiargruppa.

I tillegg blei det sagt at det var manglande saklegheit og feil ved saksbehandlinga.

Den saksøkte, Staten v/Kystverket, hevda omplasseringa var under styringsrett, at endringane skjedde innanfor arbeidsforholdet sine rammer, samt at manglande leiaransvar og personalansvar ikkje kunne vektleggjast.

I tillegg blei det sagt at den nye stillinga, med sal av eigedommar, var omfattande nok. I retten omtalte Kystverket stillinga som «likeverdig».

Kystverket må betale erstatning og oppreisning

Mindretalet i tingretten meinte vedtaket om å omplassere Bye fell inn under styringsretten i tenestemannslova.

Fleirtalet konkluderte derimot med at Bye blei pålagt ei stilling som var langt frå likeverdig med hennar noverande stilling. Omplasseringsvedtaket blei difor vurdert som rettsstridig.

Kystverket blei dømt til å, innan 14 dagar etter dommen, betale erstatning på 50.000 kroner.

I tillegg må Kystverket betale 60.000 kroner i oppreisning.

Kystverket blei òg dømt til å erstatte Bye sine sakskostnader på 235.405 kroner.