Hopp til innhold

Vil lamme verftsindustrien

Om lag 1500 av Fellesforbundet sine medlemmar i Møre og Romsdal kan bli tekne ut i streik onsdag.

Kleven verft

Det er verftsindustrien i Møre og Romsdal som vil kjenne det som mest dersom medlemmar i Fellesforbundet vert teke ut i streik onsdag.

30 bedrifter i fylket, dei fleste av dei i verftsindustrien, kan bli ramma etter at årets lønnsoppgjer har gått til tvungen mekling. Om partane ikkje vert einige tysdag kveld, vil det streik frå onsdag morgon.

Går etter dei tyngste

Distriktssekretær i Fellesforbundet i fylket, Per Olav Heggem, seier fagforeininga ønskjer å gå etter dei tyngste bedriftene. Mange av dei er i verftsklyngene i Møre og Romsdal.

– No gjeld det å treffe dei mest toneangjevande innanfor norsk økonomi og dei som har råd til å takle ein slik konflikt. Målsetjinga er å lamme verftsindustrien og underleverandørane, seier Heggem.

– Det er heilt klart verftsindustrien som vil få den hardaste trøkken om det blir streik, legg han til.

Per Olav Heggem

Distriktssekretær i Fellesforbundet, Per Olav Heggem, er førebudd på streik frå onsdag av.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Kan bli fleire

Til no er det varsla at halvparten av forbundsmedlemmane kan bli tekne ut i streik, men det kan også bli aktuelt med fleire.

– Vi vil førebels ikkje ramme dei som ikkje er part i denne saka. Så har vi ein del å spe på med i ettertid, dersom det skulle vise seg at dette ikkje held, seier han.

Kjempar for pensjonen

Distriktssekretæren meiner pensjonsspørsmålet er den viktigaste enkeltsaka.

– Temaet åleine er ikkje nok til å gå til streik, men vil det vel ein viktig faktor i drøftingane, seier han.

På landsbasis er det snakk om 9358 medlemmar i 102 bedrifter som kan gå ut i streik.