Hopp til innhold

Ekspertar prøvar igjen å bli kvitt søppelet til havs

I Ålesund er folk frå inn- og utland samla for å knekkje ei av miljøbombene: alt plastavfallet i havet. Aller helst vil dei ha oss til å bruke det på nytt.

Død fisk og søppel, Brasil

Fortset dagens utvikling, vil det i 2050 vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava målt etter vekt, konkluderer ein ny rapport.

Foto: RICARDO MORAES / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Arrangørane av den internasjonale konferansen Circular Ocean i Ålesund håper å kunne inspirere verksemder til å satse på resirkuleringsprosjekt.

Kvart år går 12,7 millionar tonn plastavfall ut i hava over heile kloden. I tillegg forsvinn over 33000 garn og nøter kvart år i fiskeri i Europa.

For å setje fokus på avfallsproblemet i havet blir konferansen Circular Ocean arrangert ved NTNU i Ålesund i dag.

– Det blir sagt at det vil vere meir plast enn fisk i havet i 2050 om ein held fram som i dag. Det viser kor omfattande dette problemet er, seier Annik Magerholm Fet. Ho er professor og direktør for berekraft-avdelinga ved NTNU. Ho er også ein av arrangørane bak konferansen.

Internasjonal konferanse

Deltakarar frå heile verda deltek på den internasjonale konferansen i Ålesund denne veka. Der skal dei prøve å finne nye løysingar for å møte utfordringane med forureiningar i hava.

Annik Magerholm Fet

Annik Magerholm Fet håper at konferansen vil inspirerer til gründerverksemd og nyskaping.

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Resirkulerte sokkar

Eit firma i Bodø lagar sokkar av resirkulert nylon.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det er store utfordringar knytt til å samle opp det som ligg å flyt rundt i hava. I går såg vi på problemstillingar knytt til dette og fekk ei oversikt over dei systema vi har i Norge til å reinske opp tapte fiskegarn og tauverk, seier Magerholm Fet.

Men ho vektlegg at dei også ønskjer å inspirerer til gründerverksemd og nyskaping.

– Vi ser ikkje berre på problemet, men også på forretningsmoglegheitene og moglegheitene for ny vekst, seier Magerholm Fet.

Ho trekk mellom anna fram eit norsk firma som brukar nylon frå resirkulerte fiskegarn til å lage sokkar.

– Det er eit godt eksempel på korleis ein kan bruke resirkulerte materiale til å lage noko nytt. Vi vil inspirere gründerar og etablerte verksemder til å gå laus på lønsame og berekraftige resirkuleringsprosjekt.

Satellittovervaking i kampen mot forureiningar

Ein av innleiarane på konferansen er Kirsti Slotsvik, direktør i Kystverket. Der skal ho mellom anna snakke om det arbeidet Kystverket gjer for å rydde opp i forureina langs norskekysten.

Kirsti Slotsvik

Kirsti Slotsvik i Kystverket skal fortelje om bruken av overvaking til å førebygge forureining.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Noko av det eg vil fortelje dei internasjonale deltakarane er at ein kan bruke overvaking til å finne oljeutslepp, forureining og utslepp frå båtar, seier ho.

Kystverket bruker mellom anna satellittovervaking i arbeidet med å finne marint avfall, og har eit analyselag som sit i Vardø og sporar ulovleg fiske via satellitt.

– Men vi trur også at det kan brukast til å vise kor mykje forureining det er snakk om, slik at folk kanskje sluttar å kaste så mykje søppel i havet, seier Slotsvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL