Vil ha svar om vindkraftkonflikten

Stortingsrepresentant Else May Norderhus (Ap) ber olje- og energiministeren svare på kva ho vil gjere for å dempe konflikten kring vindkraftutbygginga på Haramsøya. Lokalbefolkninga aksjonerer og har mellom anna sperra for anleggsmaskinane. I eit skriftleg spørsmål viser Norderhus til innbyggjarane si maktesløyse overfor ein konsesjon som er gitt for mange år sidan. Norderhus meiner det er eit klart behov for å få på plass nye konsesjonsreglar raskt.

Else-May Botten
Foto: Roar Strøm / NRK