Den store turiststraumen til Geiranger i sommarsesongen gjer at det hopar seg opp med bilar på ferjekaia på begge sider av fjorden.
Ein ferjetur på ti minutter kan ta opp til tre timar.
Lang ventetid
Den lange ventetida tærar på tolmoda til dei fastbuande i Nordal, som nyttar ferga dagleg til og frå arbeid.
I fjor kom det 600.000 turister Geiranger. Dei fleste av dei skal over med ferja.
No har Geriangerfjorden fått status som verdsarvområde. Det vil truleg føre til fleire turistar og enda lengre ferjekøer.
- Dette må lokalbefolkninga sleppe, seier ordførar i Norddal Arne Sandnes.
Han seier kommunen kan administrere ei ordning med eigne pendlarpass. Då kan dei som bur i Norddal få køyre forbi køa når dei skal til og frå arbeid.
Kirsti Slotsvik
Vil ikkje gi løyve
Men vegvesenet er ikkje særleg lysten på å la dei fastbuande snike i køa.
Distriktssjef i Statens Vegvesen, Kirsti Slotsvik seier det skal svært mykje til for å få sleppe forbi ferjekøa.
Stor sett er dette ei ordning som berre gjeld rutebussar og utrykningskøyretøy.
Større ferjer
Reiselivet i Geiranger meiner større ferjer over Norddalsfjorden om sommaren er løysinga på problemet.
- Det må være fokus, også for dei fastbuande, meiner Geir Gjærde, daglig leiar i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen.
Men viseadministerende direktør i Fjord 1 MRF, Frode Ohr, seier dei ikkje kan prioritere større ferger over Norddalsfjorden framfor andre strekninger i Møre og Romsdal.