Plan- og utviklingsstyret i Molde. (Foto: Gunnar Sandvik, NRK)
Dei ber administrasjonen lage eit forslag til slike reglar, som seinare skal politisk behandlast.
Lesarinnlegg
Debatten blei reist då kunstnaren Lars Christian Istad sist torsdag skreiv eit innlegg i Romsdals Budstikke.
Der etterlyste han reglar for kva kunst som kan plasserast på offentlege stader i Molde. Han meiner mange av kunstverka som er der i dag ikkje passar inn.
Vil ikkje kritisere
Randi Thomassen seier dette var noko av grunnen til at ho tok opp saka på møtet i plan- og utviklingsstyret i går. Men ho vil ikkje kritisere kunsten som allereie er sett opp i Molde.
Ressurspersonar
- I Molde er vi i den heldige situasjonen at vi har veldig mange ressurspersonar med både vilje og evne til å utvikle Molde. Men om vi skal sikre ei optimal utnytting av ressursane må vi kvalitetssikre det arbeidet og den energien som nyttast i utsmykkinga av det offentlege rom. Det er difor vi har bede administrasjonen om å ta tak i dette, seier Thomassen.