Hopp til innhold

Vil ha fram gründerspirar ved å knyte arbeidsliv og skule tettare saman

9.-klassingane Klara Solheim og Rikke Grimstad er spent. Dei er med på den første innovasjonscampen nokon gong i heimkommunen Herøy. Målet er tettare samarbeid mellom skule og arbeidsliv.

Rikke Grimstad t.h, Ytre Herøy ungdomsskule

Rikke Grimstad t.h, ved Ytre Herøy ungdomsskule saman med Linnea Frøystad under gruppearbeid på skulen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Denne morgonen vert dei orienterte om det som skal skje. Elevane set seg ned i stolradene på kulturhuset saman med dei som skal danne gruppene seinare i veka.

Oppvekstsjefen tek ordet først. Ho har lang erfaring frå skulen og har stor tru på at dette er matnyttig både for elevane og for bedriftene. Sølvi Lillebø Remøy er trygg på at det også kan vere gründerspirar blant dei mange 14-åringane i salen. Kanskje kjem elevane tilbake til Herøy etter ferdig utdanning om nokre år. Då gjeld det å påverke tidleg.

Sølvi Lillebø Remøy , oppvekstsjef, Herøy

Sølvi Lillebø Remøy, oppvekstsjef, Herøy

Foto: Arne Flatin / NRK

HAV Group vil ha fleire jenter

Klara Solheim og Rikke Grimstad er blant rundt 20 elevar som vert plukka ut til å besøke verksemda HAV Group i Fosnavåg sentrum. Elevane kjem inn i lokala til bedrifta. Enkelte er nysgjerrige og stille mange spørsmål. Andre berre lyttar og ser.

HAV Group er eit internasjonalt selskap som satsar på grøn teknologi og design til den maritime industrien. Som så mange andre verksemder ønskjer dei fleire kvinner inn i bedrifta. Derfor er den konkrete oppgåva til elevane frå 9. klasse; korleis kan dei rekruttere inn fleire jenter.

Klara Solheim t.v og Rikke Grimstad t.h, 9.klassingar ved Ytre Herøy ungdomsskule

Klara Solheim til venstre og Rikke Grimstad t.h, 9.-klassingar ved Ytre Herøy ungdomsskule under besøket ved bedrifta HAV.

Foto: Arne Flatin / NRK

Klara Solheim synest oppdraget høyrest spennande ut, men samtidig litt vanskeleg å gjennomføre. Ho trur likevel det vert bra til slutt. Rikke Grimstad meiner også det er interessant. Umiddelbart trur ho dei kjem til å velje ei videoløysing for å presentere oppgåva for HAV seinare i veka.

HR-sjef Frank-Levi Kvalsund i HAV Group har store forventningar til prosjektet. Dei bestemte seg tidleg for å vere med på dette.

–Vi gler oss veldig til å følge elevane gjennom dette prosjektet. Ungdomane kan gi oss innspel på korleis me kan rekruttere fleire jenter til verksemda.

Frank-Levi Kvalsund, HAV

Frank-Levi Kvalsund er HR-ansvarleg ved HAV. han trur det kan vere fleire gründerspirar blant 14-åringane i Herøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Noko av poenget med innovasjonscampen er også å stimulere til gründerverksemd. Kvalsund seier det er tradisjon for å dyrke fram slike talent her ute i havgapet. Han ser ikkje bort frå at der er nokre framtidige gründarar blant desse 9.klassingene.

Har svært gode erfaringar

Kariann Dimmen Flovikholm er kompetansesjef i fylkeskommunen. Rett nok har dei blikket retta primært mot den vidaregåande skulen, men opplegget på ungdomsskulen i Herøy synest ho er spennande.

–Det er veldig positivt at ungdomsskulen knyter til seg lokalt arbeidsliv, både gjennom innovasjonscampar, men også gjennom samarbeidsbedrifter. Dette er noko dei vidaregåande skulane har lagt stor vekt på i mange år, og vi har eit svært godt samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv.

Kariann Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Kariann D. Flovikholm er kompetansesjef i fylkeskommunen. Ho synest det er svært positivt det som vert gjort i Herøy med ein innovasjonscamp

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Krevjande, men spennande

Dagen etter på skulen, Ytre Herøy ungdomsskule, er elevane samla i gruppene. Dei arbeider for fullt med oppgåva dei har fått. Praten går mellom tenåringane. Dei har alle tankar og idear om korleis dei kan gjere dette.

Elevane arbeider i grupper på skulen under innovasjonscampen

Elevane arbeider i grupper på skulen under innovasjonscampen og det er stort engasjement for å finne gode løysingar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Klara Solheim fortel at dei er litt etter skjema. Ho synest det har vore både kjekt og stressande fordi dei har eit tidspress på seg. Ho trur likevel det vert bra til slutt,

I eit anna klasserom sit Rikke Grimstad saman med tre andre elevar. Ho seier dette er ei fin avveksling frå ordinære skule. At dei lærer mykje når dei får arbeide på denne måten.

Les også Studenter kaster mest mat: 65 prosent av maten regnes som spiselig

Avfall Mathias Westbakken

Lærer på litt annan måte

Rådgjevar Elisa Hareide var blant dei som kom med ideen til innovasjonscampen.

Elisa Hareide, rådgjevar, Ytre Herøy ungdomsskule

Elisa Hareide, er rådgjevar ved Ytre Herøy ungdomsskule. Ho håper elevane kan lære på ein litt annan måte med dette prosjektet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ho håper elevane gjennom dette vert betre kjende med alle dei fine moglegheitene som finst i Herøy.

–Eg håper elevane lærer på ein litt annan måte enn dei gjer i skulekvardagen. Elevane synest det er kjekt med ei litt annleis skuleveke der dei har fridom til å løyse oppdraget på sin måte. Samtidig står dei fritt til korleis dei vil presentere resultatet. Så dette er bra!