Hopp til innhold

Vil ha bryting på timeplanen

Atlanten vidaregåande skule i Kristiansund kan få landets første og einaste landslinje i bryting. Det er venta at eit samla idrettsting i Molde vil støtte ein slik søknad, seier leiar Kåre Sæter i Møre og Romsdal idrettskrins. Sæter viser til at Kristiansund har prestert og bidratt til internasjonale medaljar i bryting, og meiner at eit tilbod ved Atlanten vidaregåande skule vil kome unge utøvarar til gode. Det vil også styrke trenarmiljøet og kompetansen til brytemiljøet. Saka kjem opp på idrettstinget i Molde i morgon.

Felix Baldauf
Foto: Tommy Skauen