NRK Meny
Normal

- Utvid Timeekspressen til indre Nordmøre

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet ha betre busstilbod på indre Nordmøre. – Ei vidareføring av Timeekspressen frå Kristiansund og nordover bør skje via Halsa, Surnadal og Rindal, seier ho.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Jenny Klinge (Sp) meiner indre Nordmøre treng eit langt betre busstilbod enn i dag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Om ein vel fylkesveg 65 som trasé for Timeekspressen, vil busstilbodet bli mykje betre, seier ho.

Lettare å pendle

Klinge meiner det ikkje er muleg å pendle med buss på indre Nordmøre i dag.

– Halsa, Surnadal og Rindal har ikkje bussamband i høg frekvens mellom Mørebyane og Trøndelag, seier ho.

Ho slår fast at ei utviding av Timeekspressen ikkje må føre til at Halsa blir nedprioritert.

– Halsa må få eit busstilbod. Det har dei ikkje i dag, seier ho.

Timekspressen, Timeekspressen

Jenny Klinge vil ha Timeekspressen til Halsa, Surnadal og Rindal.

Foto: Roy Konterud / Scanpix

– Staten må stille opp

Klinge, som representerer regjeringspartiet Sp, meiner staten må stille opp for å få til dette.

– Staten må gi ein pott på nokre 100 millionar som stimuleringsmidlar til fylka slik at dei får slike busstilbod opp og stå, seier ho og viser til at Noreg bruker 8 milliardar i året på jernbane.

– Og vi veit jo alle at i fylket vårt er ikkje det mykje verdt, seier ho.