Vil gjere fiskeslam om til fôr

Ulsteinviksbedrifta Hyperthermics vil ved hjelp av ein ny teknologi gjere fiskeslam til ei inntektskjelde. – Det marine fiskeslammet skal bli forvandla til eit proteinrikt pulver som kan seljast som fôr-ingrediens og samstundes blir det produsert biogass, seier marknadssjef Erlend Haugsbø. Fiskeslam utgjer i dag ein kostnad, og ei slik oppfinning vil løyse eit miljøproblem.

Hyperthermics i Ulsteinvik
Foto: Cecilie Hatloy